Vest-Telemark Museum har ikkje ressursar nok til å halde dei gamle bygningane vedlike godt nok. Vedlikehaldsansvarleg Trond Arild Pedersen (i stigen) diskuterer med museumsdirektør Dag Rorgemoen eitt av taka som skrik etter fornying.
Vest-Telemark Museum har ikkje ressursar nok til å halde dei gamle bygningane vedlike godt nok. Vedlikehaldsansvarleg Trond Arild Pedersen (i stigen) diskuterer med museumsdirektør Dag Rorgemoen eitt av taka som skrik etter fornying.

– Me greier ikkje vedlikehaldet

Vest-Telemark Museum (VTM) slit med å halde vedlike dei 73 bygningane dei har ansvar for. I tillegg eser samlingane ut med stadig nye gjenstandar. Museumsdirektør Dag Rorgemoen varslar hardare prioriteringar.

Bygningane Vest-Telemark Museum har teke vare på er viktige for å dokumentere kulturhistoria i regionen. Museumsanlegget i Eidsborg har flest gamle bygningar. Det dreiar seg om 30 bygg inkludert eit par staular.

– Resten av bygningane er spreidde kring om på dei ulike museumsanlegga me har ansvaret for. I motsetnad til mange andre museum har me berre ein bygning lagra. Det er Lio-smia som skal setjast opp att i Eidsborg, men som førebels ligg på vent til dei store byggjearbeida er ferdige, fortel Dag Rorgemoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor langt etter ligg VTM når det gjeld vedlikehald av dei gamle bygningane?

– Nøyaktig tal har me ikkje. Arbeidet med å utarbeide ein skriftleg vedlikehaldsplan er ikkje gjort. Det er ei oppgåve me ynskjer å gjere, og har alt søkt om økonomisk støtte eksternt til dette arbeidet. Oppmåling og ordentleg gjennomgang av tilstanden ved dei 73 bygningane, vil truleg ta eitt årsverk.

– Kva ressursar har VTM til rådvelde i dag for vedlikehald av museets samling av antikvariske bygg?

– Stillingsressursen til denne oppgåva er no halvanna stilling. Men her ligg det òg oppgåver innan sikringsarbeid, tilsyn og enklare vaktmeisteroppgåver. Med dei store avstandane som er i Vest-Telemark er det ein tidkrevjande jobb å nå rundt til alle museumsanlegga, påpeiker museumsdirektøren.

Varierande kostnadar

I fylgje Dag Rorgemoen er det vanskeleg å seie kor mykje pengar VTM treng for å ta vare på dei 73 gamle bygningane. Han peiker på at kostnaden vil variere etter kva krav ein set til vedlikehaldsarbeidet.

– Dersom ein skal fylgje antikvariske prinsipp når det gjeld materialbruk, reiskapar og arbeidsmåtar, vil det vere eit veldig sprik i kva det kostar og dei kostnadane museet er i stand til å bere. Økonomien gjer at det er enorm skilnad mellom det ideelle og det realistiske, fortel museumsdirektøren.

VTM har nytta ressursar på å syte for at mellom anna tak og vindaugo er tette for å unngå vasskadar på dei antikvariske husa. Lekkasjar er nemleg ofte det akutte hovudproblemet. Elles prøvar museet å passe på å halde god lufting i bygningane og få bort tre som veks for nær dei gamle bygningsklenodia.

Manglar pengar

– Likevel meiner du at det med dagens budsjett er umogleg for VTM å skjøtte bygningsarven på optimalt vis?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, i dag har me ikkje nok pengar til å klare den oppgåva. Dette er ein dagleg utfordring. Løysinga på pengemangelen kan til dømes vere å leggje papp, knoteplast og torv på taket til ein bygning som skal ha nevertak lagt med tradisjonell og arbeidsam tradisjonell teknikk. Eigentleg høyrer ikkje lettvinte løysingar heime på eit kulturhistorisk museum, vedgår Dag Rorgemoen.

Direktør Åsmund Thorkildsen ved Drammens Museum tok i eit intervju i Aftenposten for stutt tid sidan til orde for at musea vert tvinga til å velje ut kva kjernebygg som skal vernast, og kva bygg som kan seljast eller skrotast. Thorkildsen konkluderte med at ein ikkje maktar å ta vare på alt med dagens museumsressursar.

Prioriteringar

– Kva kommentar har du til synspunkta til kollegaen din i Drammen, Dag Rorgemoen?

– Sjølv om bygningshistoria i Vest-Telemark er eit veldig viktig materiale for oss både med tanke på dokumentasjon, forsking og formidling, er det rett det som vert peika på frå Drammens Museum. Også hjå oss er det nødvendig å gjere nokre prioriteringar. Bygningsmassen VTM sit på i dag er i si tid samla inn tilfeldig utan at det låg føre ein innsamlingsplan. Kan hende må noko av det me sit på i dag skrotast. Kulturdepartementet har bede oss gå gjennom både bygningane og gjenstandssamlingane med krav om å gjere ei prioritering, nemner museumsdirektør Rorgemoen.

Gjenstandssamlinga

– Det tyder at VTM også må gå gjennom gjenstandssamlingane sine for å sjå om det er mogleg å kvitte seg med noko?

– Når det gjeld gjenstandar er det mykjer dublettar i samlingane våre. Mykje er i ein slik tilstand at det ikkje har verdi korkje til dokumentasjon eller som formidlingsobjekt. Eg vonar at me i samband med innflyttinga i det nye museumsbygget i Eidsborg vil verte i stand til å gjere ein grundig gjennomgang av gjenstandane, slik at me sit att med berre det som har verdi for oppgåvene museet er sett til å utføre, seier Dag Rorgemoen.

– Kan du seie litt om kor lett det er for eit museum å kassere gjenstandar?

– Det varierer veldig. Noko har me fått gjennom donasjonar knytt til juridiske bindingar. Då er det verre å kvitte seg med slike ting. Elles har me høve til å omdefinere gjenstandar til rekvisita som til dømes kan verte nytta i formidlingsarbeidet vårt, forklarer museumsdirektør Dag Rorgemoen.