Politimeister Anne Rygh Pedersen var i Vest-Telemarkrådet tysdag og stadfesta at arbeidet med å omorganisere polititenesta i Vest-Telemark går vidare.
Politimeister Anne Rygh Pedersen var i Vest-Telemarkrådet tysdag og stadfesta at arbeidet med å omorganisere polititenesta i Vest-Telemark går vidare.

– Omorganiseringa av politiet går vidare

Politimeister Anne Rygh Pedersen og ordførarane i Vest-Telemark står langt frå kvarandre i synet på omorganiseringa av polititenesta i regionen.

I Vest-Telemarkrådet (VTR) i Vrådal tysdag sa politimeisteren at prosessen går vidare med sikte på ei tilråding før sommaren. Både Rygh Pedersen og Kviteseid-lensmann Geir Kjartan Lid forsikra i rådet at målsettinga med omorganiseringa er å gje vesttelane ei betre polititeneste enn i dag. Politimeisteren bad om å verte trudd på at det ikkje dreiar seg om å ta politiressursar frå regionen, men å jobbe smartare for å utnytte ressursane betre.

Gir Kjartan Lid las opp kriminalsaker frå fleire aviser for å underbyggje at kriminaliteten har endra seg mykje dei seinare åra. I dag opererer dei kriminelle ofte ved hjelp av datateknologi og den organiserte kriminaliteten er grenseoverskridande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eit vanleg lensmannskontor har i dag korkje mannskap eller kunnskap til å oppklare stadig meir kompliserte saker som krev spisskompetanse for å løyse, påpeikte Lid.

Lensmannen i Kviteseid har fått i oppdrag frå politimeisteren å kome med framlegg om framtidig organisering av politiet i Vest-Telemark. Lid inviterte ein politikar, ein kommunebyråkrat og ein frå næringslivet til å representere heile regionen i gruppa si. Ordførarane vedtok i førre møte i VTR at kvar kommune måtte vere politisk representert.

Rask framdrift

Fleire ordførarar prøvde å argumentere for dette kravet i tysdagens møte med politimeisteren og lensmannen utan å nå fram. Politimeisteren ynskjer rask framdrift i arbeidet og siktar på at ho har tilrådinga si klar til sommaren. Difor meinte både Rygh Pedersen og Lid at storleiken på gruppa måtte vere avgrensa.

Det heile har no kokt ned til at VTR peiker ut ein observatør for å fylgje det vidare arbeidet med omorganiseringa av poltitenesta.

– Eg trur arbeidet med utgreiinga no får dreie seg om det politifaglege, så får me drøfte det politiske etterkvart, meinte ordførar Solveig S. Abrahamsen (H) i Seljord.

Politimeisteren var tydeleg på at ho ikkje på noko vis har konkludert enno, og Rygh Pedersen forsikra at prosessen skulle vere open, og at politiet ikkje er redd for debatt kring omorganiseringa.

Samanslåing

Det einaste politimeisteren har bestemt seg for er å slå samen driftseiningane i Vest-Telemark og Midt-Telemark til ei eining. Her er det politidirektoratet som tek endeleg avgjerd.

Når det gjeld samlokalisering av lensmannskontor, skal tilrådinga frå politimeisteren til kommunestyra i Vest-Telemark før Kongen i statsråd endeleg avgjer saka. På tysdagens møte orienterte Rygh Pedersen at det vert arbeidd med ei lovendring, slik at politidirektoratet tek avgjerdene om politistrukturen i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Økonomien i Telemark politidistrikt er krevjande, og vil halde fram å vere det. Me må utnytte ressursane våre betre, og bruke dei tilsette i operativ teneste for å gje eit optimalt polititilbod til innbyggjarane i heile fylket. Omorganiseringa skal styrke beredskapen, og det skal framleis vere politifolk i Vest-Telemark. Utfordringa min er å skape ein berekraftig beredskap. Politifolk har ikkje buplikt i den kommunen dei jobbar, og dei har si arbeidstid på 7 ½ - 8 timar. Reservetenesta med heimevakt har sine store avgrensingar. Målet mitt er å få bort reservetenesta i Vest-Telemark, fortalde politimeisteren.

– Betre politiarbeid

Ho viste elles til at dei tilsette ved dagens lensmannskontor i Vest-Telemark ynskjer å levere endå betre politiarbeid, og at dei er positive til ei samlokalisering av fleire lensmannskontor.

– No må me sjå på korleis det vidare arbeidet skal gjennomførast. Men eg ser ikkje for meg at heile VTR og alle ordførarane skal vere direkte involverte i det vidare utgreiingsarbeidet. Politiet inviterer til representasjon og lovar ein vidope prosess, sa Anne Rygh Pedersen.

Lensmann Geir Kjartan Lid understreka at norsk politi er inne i ein stor moderniseringsprosess. Dagens kriminalitetsbilete krev ein annan struktur hjå politiet og anna metode- og etterretningsarbeid enn det eit lite lensmannskontor kan handtere. Difor meinte han at politiressursane måtte nyttast saman uavhengig av økonomien i etaten.

Politistasjon i Bø

– Eg synest det er betre at me finn fram til ei framtidsretta løysing for den framtidige polititenesta i Vest-Telemark framfor å ende opp med ein politistasjon i Bø. Difor ynskjer eg dialog i det vidare arbeidet. Sjølv om politikarane i regionen skulle ynskje å skuve problema føre seg, vert dei ikkje borte, påpeikte lensmann Geir Kjartan Lid.

Politimeisteren supplerte og sa at ein politistasjon i Bø er nemnt som eit trugsmål.

– Om me ikkje sjølve grip inn og endrar organiseringa, vil det kome krav frå sentralt hald og beskjed om at politiet i Telemark i dag driv for dyrt og lite effektivt. I en slik situasjon har me ikkje lenger handa på rattet, påpeikte Anne Rygh Pedersen.