Rådmann Per Dehli (t.v.), varaordførar Jon Svartdal og prosjektleiar Harriet Slaaen føler kommunen blir overkøyrd i arbeidet med ny kommuneplan.
Rådmann Per Dehli (t.v.), varaordførar Jon Svartdal og prosjektleiar Harriet Slaaen føler kommunen blir overkøyrd i arbeidet med ny kommuneplan.

– På veg til å bli eit museum

Seljordingane føler den lokale handlefridomen er i ferd med å forsvinne, og reagerer på framlegget frå fylkesrådmannen som dei meiner legg opp til restriksjonar langt utover norsk lov.

I morgon får fylkesutvalet i Telemark fylkeskommune framlegget til ny kommunedelplan for Seljord sentrum på bordet. Dialogmøte mellom Seljord kommune og Telemark fylkeskommune har ført til semje i mange av punkta det blei varsla motsegner mot i høyringsrunden, men framleis er det usemje om fleire punkt. Fylkesrådmann Rolf-Helge Grønås rår fylkespolitikarane til å fremje motsegn dersom det ikkje blir gjort endringar i tråd med krava frå kulturminneavdelinga og Riksantikvaren.

Reagerer på omfanget

Det er mellom anna usemje om områda rundt Seljord kyrkje og Selstadloftet på Koparvollen. Her vil kulturminnestyresmaktene ha ei stor buffersone, såkalla «omsynssone c» som handlar om bevaring av natur- og kulturmiljø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne sona må vere minimum fem meter, men styresmaktene krev at omtrent heile Brøløs, frå hotellet til Klokkarstogmoen, blir karakterisert som omsynssone c. Det blir hevda at planframlegget ikkje legg opp til vern av busetnaden på Brøløs. Kommunen vil tillate bygg på opptil 400 kvadratmeter, og viser til at området i alle år har vore i konstant utvikling. Riksantikvaren krev eit tak på 300 kvadratmeter og maks tri etasjar, i tillegg til at alt av nybygg skal ta særleg omsyn til Selstadloftet.

Riksantikvaren skriv i høyringsuttala at dei to planlagde byggjefelta ved Prestegarden og på Bjørgesida vil medføre terrengmessige endringar og auka «ljosforureining» mot Seljord kyrkje.

«Større inngrep i desse områda kan vere utilbørleg skjemmande mot kyrkja,» skriv riksantikvaren.

– Sjølvsagt er også me ute etter å verne Selstadloftet og kyrkja og eit område kring desse, men det er omfanget me reagerer på, seier varaordførar Jon Svartdal (KrF).

Stolte av kulturminna

Konsekvensane av ei slik omsynssone kan til dømes vere at Statoil må til kulturminnestyresmaktene om dei vil gjere noko som er søknadspliktig. Svartdal, prosjektleiar Harriet Slaaen og rådmann Per Dehli understrekar at dei sjølvsagt har akseptert alle innspel om endringar som er lovpålagte, men at det i framlegget som ligg på fylkespolitikaranes bord blir pålagt restriksjonar som går langt utover norsk lov. Dei meiner dei ulike samfunnsinteressene ikkje er vegne nok mot kvarandre, og at kulturminne har vore styrande. Slaaen viser til at kommunen i dialogmøte har gjeve slepp på fleire skisserte utbyggingsområde og at dei no sit att med sentrumskjernen.

Seljordingane understrekar at dei både er stolte av kulturminna i kommunen og at dei er opptatte av å ta vare på desse. Derfor opplever dei det som mistillit at det blir føreslege å leggje endå sterkare restriksjonar enn plan- og bygningslova og kulturminnelovverket seier.

– Me er stolte av å ha fleire freda kulturminne og eit vakkert kulturmiljø. Me brukar desse aktivt og dei er ein del av identiteten vår, seier dei, og viser mellom anna til stadutviklingsprosjektet Seljord og sogene.

– Utfordringa er å finne ein balanse mellom vern og verdiskaping, held dei fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig sak

– Føler de Seljord er eit museum?

– Det er i alle fall på veg til å bli museum, meiner Jon Svartdal.

Han meiner den lokale handlefridomen er i ferd med å forsvinne, og at dei folkevalde blir fråtatt makt. Han ber om at lokalsamfunnet blir vist tillit.

– Me hadde håpa ny kommunedelplan blei vedtatt i denne perioden, det vil seie seinast på ettersommaren. Men denne saka er så viktig, og me kjem ikkje til å gje oss, om det så betyr at me må ta ho til Miljøverndepartemetet, seier Svartdal.

Fylkesrådmann Rolf-Helge Grønås skriv i saksvurderinga at det er fem automatisk freda mellomalderbygningar, tri vedtaksfreda bygningar og fleire arkeologiske kulturminne innanfor området som omfattast av kommuneldeplanen for Seljord sentrum.

– Det er ein tettleik av kulturminne av nasjonal verdi utanom det vanlege, skriv fylkesrådmannen.

Ynskjer synfaring før avgjerd

Seljordingane Lars Bjaadal (Sp) og Kristian Espeland (KrF) sit begge i fylkesutvalet. Bjaadal meiner det ikkje er rett at fylkesutvalet skal ta stilling til kommundelplanen for Seljord sentrum i onsdagens møte. Han vil føreslå at ein del av fylkesutvalet, det såkalla synfaringsutvalet, tek turen til Seljord for å møte politikarar og adminsitrasjon i Seljord, og får eit innblikk i Seljord sentrum.

– Det vil vere uforsvarleg å ta stilling til denne saka utan å vere på staden. Det er ikkje nok å sjå på kartet, meiner Bjaadal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om han er godt kjent i Seljord vil han ikkje forskottere kva synfaringsutvalet kjem fram til.

– Det er mange viktige kulturminne å ta omsyn til i Seljord, men det er viktig at det ikkje blir lagt band på sentrumsutviklinga, seier Bjaadal.

Kristian Espeland er opptatt av nærleiksprinsippet, at avgjerder skal bli tatt nærast mogleg dei det gjeld.

– Utgangspunktet mitt er å lytte til lokalbefolkninga. Så kan det vere andre som ser verdi i klenodium me sjølve ikkje ser. Dette må vektast mot kvarandre, seier Espeland.

Han synest det kan vere ein god idé at fylkespolitikarane tek ei synfaring i Seljord.

– Det har me hatt gode erfaringar med tidlegare, seier Espeland.