Politikarane bør halde kva dei lova
Måndagskvelden blir det avgjort om barnehagen på Austheii skal leggjast ned eller ei.
Politikarane i Tokke har tidlegare vedteke at Austheii barnehage, som er ei avdeling av Åmdals Verk Oppvekstsenter, skal gje tilbod om ni og ein halv times opningstid tri dagar i veka så lenge det er ungar nok i grenda. For at ein skal oppretthalde barnehagen må det vera minst seks ungar, og dersom barnetalet kjem under seks over ein periode på to år blir barnehagen mellombels nedlagt, heiter det i kommunestyrevedtaket.
Sju ungar gjeng i barnehagen i dag og på nyåret vil det bli søkt inn ytterlegare ein unge på heildagsplass. Bare ein av ungane i barnehagen tek til på skulen frå hausten av og det betyr at me er over minstegrensa på seks ungar både i år og neste år. Derfor meiner me politikarane bør halde kva dei lova og ikkje leggje ned barnehagen når talet på ungar er over minstegrensa, ytrar bygdefolket på Austheii.
Artikkelen held fram under annonsen.
I løpet av seks månader vil Austheii få ytterlegare to nye verdsborgarar.
Frå tri til ein barnehage
Måndag kveld skal Tokke-politikarane vedta budsjettet for neste år, og eitt av rådmannens framlegg er å leggje ned barnehagen på Austheii. Framlegget går ut på å slå saman barnehagane på Åmdals Verk, Austheii og Kyrkjebø til ein større barnehage som skal liggje på Åmdals Verk.
Det vil bli ei ekstrabelastning å køyre ungane våre anten til Åmdals Verk eller til Dalen. Me er godt nøgde med barnehagestrukturen slik han er i dag, og me ynskjer eit barnehagetilbod til ungane våre på Austheii så lenge barnetalet er tilstrekkeleg høgt, uttalar Reidun Hervik, foreldrerepresentant for Åmdals Verk Oppvekstsenter avdeling Austheii.
Kommunen vil ikkje spare
Foreldra presiserer at dei ynskjer at nedleggingstruga Kyrkjebø og Lårdal barnehagar også blir oppretthaldne.
Me har full forståing for at kommunen skal spare pengar, men me trur ikkje nedlegging av barnehagar vil gje nokon reell samfunnsøkonomisk forteneste. Dei same ungane og dei same tilsette må uansett ha ein ny stad å vera. Kvar ligg fortenesta då, spør Vigdis Eikeland.
I fylgje foreldra har mykje av arbeidet knytt til barnehagen vore rein dugnadsinnsats.
Me har gjort mykje på dugnad for heile tida å spare pengar. Barnehagen har vore drifta billegast råd i alle år, seier foreldra.
Dei meiner det burde vera pengar nok i kommunen til å oppretthalde den differensierte barnehagestrukturen som er i Tokke i dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ser ein kva andre prosjekt det finst midlar til, trur me dei kan redde barnehagane òg. Det er viljen til å omprioritere det står på, meiner foreldra.
Barnehage viktig då me flytta hit
For to og eit halvt år sidan flytta Heidi Borgen Helmersen og familien hennar frå Brevik til Austheii. For Heidi og mannen var det viktig at det låg ein barnehage i grenda.
Ein barnehage i nærområdet var svært viktig for oss. Ikkje minst har barnehagen vore ein viktig møtestad der me har treft andre småbarnsforeldre. Barnehagen på Austheii har bidrege sterkt til at me trivst så godt som me gjer. Det er trasig om barnehagen forsvinn, seier Heidi Helmersen.
Dei to siste åra har tri familiar med til saman seks ungar flytta til Austheii.
Åmdals Verk Oppvekstsenter avdeling Austheii
* Sju barnehageungar
* Tri ungar nyttar seg av skulefritidsordninga
* Tri tilsette
* Open måndag, onsdag og fredag frå sju om morgonen til halv fem om ettermiddagen