– Utviklinga med salsbuene utanfor plassen er uheldig for Dyrsku'n som merkevare, meiner styreleiar i Dyrsku'n Arrangement AS, Ottar Flatland.
– Utviklinga med salsbuene utanfor plassen er uheldig for Dyrsku'n som merkevare, meiner styreleiar i Dyrsku'n Arrangement AS, Ottar Flatland.

– Samfunnsinteresser står på spel

– Slik Dyrsku'n har utvikla seg med handel på utsida av gjerdet er uheldig for Dyrsku'n sitt omdøme. Her står samfunnsinteresser på spel, og då må kommunen gå inn og regulere området, seier Ottar Flatland, leiar i styret for Dyrsku'n Arrangement AS.

Styreleiaren i Dyrsku'n Arrangement AS, Ottar Flatland, reagerer sterkt på påstandane frå Grunneigarlaget Dyrskuplassen rundt om at selskapet overkøyrer grunneigarane og brukar kommunen som eit organ for å formalisere eigne krav.

– Eg vil ikkje kommentere sjølve forhandlingane, men me har frå Dyrsku'n si side verkeleg prøvd å kome fram til noko. I løpet av dei to og eit halvt åra forhandlingane har pågått, har me bruka utruleg mykje ressursar på dette. Så eg synest det er trist å bli skulda for overkøyring, seier Flatland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gode parkeringsplassar

Styreleiaren seier at Dyrsku'n er godt nøgde med samarbeidet med grunneigarane når det gjeld parkering. Men han hadde helst sett at det ikkje fanst salsbuer utanfor plassen, og at areala rundt blei bruka berre til parkering. For å kunne utvikle plassen som festivalplass ser han det som viktig med gode parkeringsplassar nær festivalområdet.

– Det er ynskjemålet vårt, men det kan ikkje me avgjera. Me unner også grunneigarane gode inntekter, men parkering gjev også gode inntekter samanlikna med å bruke areala til landbruksføremål, uttalar han.

Flatland hevdar at ingen andre stadar i landet har marknadar og festivalar slik sideverksemd som tilfellet er i Seljord.

– På Røros under Rørosmart'n var det i ferd med å skje, men det blei stoppa. Og under bluesfestivalen på Notodden blei det ramaskrik når andre arrangørar hengde seg på. Det er berre i Seljord det har fått lov til å utvikle seg slik, seier han.

– Dyrsku'n ei merkevare

– Dyrsku'n ei merkevare

Styreleiaren meiner handelen på utsida av plassen ikkje bør halde fram, sjølv om det er svært mange utstillarar som ikkje får plass inne på dyrskuområdet.

– Slik kan det ikkje få utvikle seg, det er uheldig for Dyrsku'n sitt omdøme. Dyrsku'n er ei merkevare for bygda, og me må ha ein kontroll med det som skjer. Det er til det beste for alle innbyggjarane i Seljord. Og det er styret for Dyrsku'n som veit best kva som er best for Dyrsku'n, fastslår han.