Seljord er alt senteret i Vest-Telemark
Det seier seg sjølv at Seljord er staden dersom det skal vere eit regionsenter i Vest-Telemark. Seljord er alt i praksis senter i regionen, seier ordførar John Kleivstaul. Vest-Telemarkrådet har avgjort at ein ikkje skal ha eitt regionsenter, men ein desentralisert sentrumsstruktur i dei seks kommunane. Medan ordførar Arne Vinje i Vinje kommune meiner at eit regionsenter ikkje gagnar utviklinga i Vest-Telemark, hevdar Kleivstaul at regionen må ha eit livskraftig senter med eit rikt tilbod av forretningar og kulturtilbod.
Arne Vinje peiker på at geografi er kjernepunktet for at ein i Vest-Telemark ikkje har samla seg om eitt regionsenter. Store avstandar og ynskje om å ha spreidd busetting, gjer at det er semje om ein desentralisert sentrumsstruktur i Vest-Telemark. Dette er òg i tråd med fylkesplanen. Servicefunksjonane er fordelte i heile regionen.
Spørsmålet om eitt regionsenter har vore tema i Vest-Telemarkrådet mange gonger. Det er semje om å satse vidare på den strukturen ein har med senter i kvar kommune, seier Vinje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Forskar Knut Vareide ved Telemarksforsking i Bø uttalte nyleg i VTB at vekst i Vest-Telemark krev eit regionsenter. Han hevda at i vår urbane tidsalder må varierte tilbod vere til stades innan handel og kultur om ein utkant som Vest-Telemark skal ha von om å halde folketalet oppe.
Mangel på bustader
Du er altså usamd med forskaren?
Ja, geografiske avstandar har eg alt nemnt. Men idéen om at eit område som Vest-Telemark må ha innslag av urbanitet og bymessig kultur for å overleve, er eg ikkje sikker på er rett. Me ser at det er mange som ynskjer å flytte til Vest-Telemark, men dei finn ikkje nokon stad å bu. Mangel på urbanitet kombinert med natur og eldgamal bygdekultur er attraktivt for mange, seier Arne Vinje.
Han ynskjer seg ein politikk som utnyttar dei kvalitetane Vest-Telemark har. Sjølv er han oppteken av at ein klarer å få fram det positive med den gamle bygdekulturen.
Samspelet mellom tradisjon og modernitet er me gode på, og det må me utnytte vidare for å skape vokster i regionen. Breibandsatsinga trur eg er heilt avgjerande for å skape nye arbeidsplassar. Men det er òg andre politiske område som vil avgjere utviklinga, meiner Vinje-ordføraren.
Nasjonale føringar
Kva tenker du på?
Utforminga av landbrukspolitikken og distriktspolitikken saman med tilgang på kapital vil ha mykje å seie for korleis Vest-Telemark blir i framtida. I tillegg meiner eg at dersom det er turvande for å auke busettinga, må det skje ei lovendring som gjer at gardsbruk som står tomme, kan få nye eigarar, seier han.
I fylgje Arne Vinje treng ein ingen stor flyttestraum til Vest-Telemark. Men ein treng ei viss tilflytting for å auke folketalet i dei seks kommunane. Han peiker mellom anna på at tilflytting er naudsynt om ein skal makte å halde oppe den desentraliserte skulestrukturen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mislukka blanding
Røynslene med etablering av vekstsentra eller regionsentre som blei gjort mange stader i landet på 1960- og 70-talet, meiner Arne Vinje syner at det blei utvikla bastardar ei blanding av by og land.
Når Telemarksforsking dreg fram Bø som eit døme på eit vellukka regionsenter, vil eg seie at Bø har utvikla seg naturleg gjennom fleire generasjonar. Avstandane i Midt-Telemark er nesten ikkje å nemne i høve til i Vest-Telemark. Eg meiner difor at dei to regionane ikkje kan samanliknast, seier ordførar Arne Vinje.
Regionen treng eit livskraftig senter
Seljord er i praksis regionsenteret i Vest-Telemark. Eg meiner det er viktig å ha eit livskraftig senter med varierte tilbod i regionen, og trur at Seljord si stilling gradvis vil utvikle seg vidare, seier ordførar John Kleivstaul.
Kleivstaul seier at den offisielle politikken er at det i Vest-Telemark skal vere ein desentralisert sentrumsstruktur og ikkje eitt regionsenter. Då Vest-Telemarkrådet drøfta saka kom han i mindretal.
Men kjem ein til at Vest-Telemark treng eitt regionsenter på lik line med dei andre regionane i Telemark, seier det seg sjølve at det blir Seljord. I dag er Seljord den mest urbane staden i Vest-Telemark og her har me også eit urbant næringsliv. Denne utviklinga vil me skal halde fram og bli utvikla vidare, fortel ordføraren.
Han er klar over at skal handelen i Seljord bløme, er det naudsynt med eit livskraftig omland for å skaffe nok handel og omsetnad. Seljord, som i dag har den høgste omsetnaden per innbyggjar i heile Telemark, er heilt avhengig av ei god utvikling i resten av Vest-Telemark.
Eg meiner det er viktig å ha eit livskraftig senter i Vest-Telemark. Det har me i Seljord uansett om ein ynskjer å kalle det regionsenter eller ikkje, seier ordførar John Kleivstaul.