Set pris på hyttefolket
Tidlegare statsråd Matz Sandman peika på kor viktig samarbeid i regionane er. Han meinte også at hytteinnbyggjarane i distrikta er eit stort potensial for grendene og distrikta.
For ti år sidan var Erna Solberg her i Vrådal på konferansen. Ho bad kommunane tenkje på korleis framtida skulle bli. No har dei tenkt og tenkt, og no skal me høyre kva tidlegare arbeidarpartipolitikar, statsråd og fylkesrådmann i Buskerud, Matz Sandman tenkjer, innleidde konferanseleiar Karl Torstein Hetland.
Me er gode på mykje i dette landet, men veg og kommunikasjon er me ikkje like gode på. De som regionråd spelar ei viktig rolle for å utvikle regionen. Det eg har sett er bra, men det er framleis mykje att, sa sivilingeniøren opphavleg frå Ballangen i Nordland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Viktig å stå samla
Han peika på kor viktig det er å stå samla og jobbe mot same mål. For å illustrere det brukte han både moskusar og beduinar i ords form.
Mange er som moskusen, sterk og sjølvstendig og vil gjerne vere aleine heilt til han blir truga. Då samlar dyra seg i ein ring og beskyttar kvarandre akkurat som hallingen gjer. Dei slit med å dra i samla flokk, men så fort dei blir truga samlar dei seg. Men slik er det vel ikkje her, skjemta han.
Eller kanskje er det som med beduinane. Dei går aldri fortare enn at den bakerste kamelen er med. Men slik er det sjølvsagt ikkje her , heldt han ironisk fram.
Lokalt engasjement
Sandman var barne- og familieminister i Brundtland-regjeringa tidleg på 90-talet.
Det er herleg å jobbe med ordførarar. Dei er stort sett løysingsorienterte om ein samanliknar med stortingspolitikarar. Som regionråd er det viktig at de involverer næringsliv og lokale krefter. Me vil ha meir individualisering, skreddarsaum og fleire rettar. Det gjev mindre handlingsrom og eit større kontrollregime, sa Sandman.
Då eg var statsråd var det mange komitear som skulle byggje landet. Ein høyrer lite frå dei no, om dei i det heile eksisterer, men kontrollkomiteen gjev stadig lyd frå seg i media. «Ved dette tilsyn rapporteres ikke positive funn, bare avvik,» var beskjeden eg fekk, sa Sandman til latter frå salen.
Viktige hytteinnbyggjarar
Han gav også klart utrykk for at grender og utkantar i større grad måtte setje pris på og utnytte potensialet som hytteinnbyggjarane gjev.
Eg trur det er vegen framover for distrikt som har fått mange nye fritidsinnbyggjarar. Dei blir viktige for utviklinga for dei kjem til å nytte fritidsbustadene meir og meir, og det betyr at dei også må nytte seg av det lokale næringslivet i større grad, fortalte han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han brukte eit uttrykk som tidlegare Trondheimsordførar Marvin Wiseth i si tid nytta. Berre at han bytta ut Trøndelag med Telemark.
«Utan Telemark blir det bare permen igjen av landets historie.» Med det meinte Sandman mellom anna at Telemark er eit kjerneområde for Noregs kulturarv, at Telemark har eit eigarforhold til nasjonalsporten.
Alt dette og meir til er viktige moment som bør gjere Telemark og Vest-Telemark svært attraktivt. Likevel kan det vere verdt å rette blikket mot Buskerud for eit nærare samarbeid. Der er det mykje folk å spele på og såleis eit stort potensial, sa den tidlegare statsråden.
Elles er det offentlege prega av mange planar. Staten har lange planar og korte pengar. Fylkeskommunen har for mange planar, medan kommunane skal ha ein plan for alt, men får ikkje vedta arealplanane sine, men slik er det ikkje her sjølvsagt , smilte han.