Olav A. Veum frå Fyresdal får mange utfordrande oppgåver å løyse som styreleiar i AT Skog
Olav A. Veum frå Fyresdal får mange utfordrande oppgåver å løyse som styreleiar i AT Skog

– Skogbruket treng stabilitet

Olav A. Veum frå Fyresdal ser det som si viktigaste oppgåve som styreleiar i AT Skog å sikre stabil tømmeravsetning og god lønsemd i skogbruksnæringa.

Den 38 år gamle fyresdølen har solid støtte frå dei 8.000 skogeigarane i Telemark og Agder-fylka. På årsmøtet i AT Skog på Gautefall torsdag vart Veum valt til styreleiar utan motkandidat.

Finanskrisa råka skogbruksnæringa hardt. Prisane på tømmer hamna på eit lågmål, og AT Skog har måtte ta enorme tap på aksjeporteføljen sin i Norske Skog og Peterson i Moss. Likevel er det ein solid skogeigarorganisasjon Veum tek til som styreleiar i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– AT Skog er ei botnsolid verksemd med ein eigenkapital på over 80 prosent. I 2009 enda driftsresultatet med sju millionar kroner i underskot. Me køyrde heilt målmedvite mot eit underskot for å sikre aktivitet i skogen og halde oppe driftsapparatet under lågkonjunkturen. No er tida inne for å få drifta i økonomisk balanse. Det skal me klare, seier Olav A. Veum med optimisme i røysta.

Han fortel at AT Skog fekk redusert omsetnaden i fjor frå 500 millionar kroner til 340 millionar kroner. Skogeigarorganisasjonen tapte 32 prosent av tømmervolumet, og det tilsvarar ein redusert omsetning på 170 millionar kroner.

Økonomiske musklar

– Sjølv om organisasjonen har gode økonomiske musklar, må ikkje det vere ei sovepute i høve til å fylgje med i tida. Oppgåva vår er å sikre skogeigarane avsetning på tømmeret til ein lønsam pris. Difor vert det ei viktig oppgåve å sikre at me har eit godt driftsapparat å tilby skogeigarane, meiner styreleiaren.

Veum seier at styret skal arbeide som eit kollegium når dei tek fatt på dei mange utfordringane som må finne si løysing. Han er tindrande klar på at AT Skog i framtida må jobbe smartare og vere meir effektive. Styreleiaren er klar på at kostnadane må ned. Det er ikkje mogleg å belaste tømmerstokken meir enn i dag

– AT Skog må vere konkurransedyktige og verte oppfatta som attraktive blant skogeigarane. Dei seinare åra har vorte auka konkurranse om tømmeret. Det finst no tømmerkjøparar som gjev høgare pris for tømmeret frå store hogstar i område med korte transportar til fabrikk eller sagbruk. 100.000 kubikkmeter tømmer har AT Skog mista til andre kjøparar. Slik kan det ikkje halde fram, understrekar Veum.

Viktig strategi

Krisa i treforedlingsverksemdene Norske Skog og Peterson i Moss har påført AT Skog enorme tap. Berre engasjementet i Moss, som dei no er ute av, medførte eit tap på vel 30 millionar kroner. Langt høgare er papirtapa på aksjane i Norske Skog.

– Vil AT Skog halde fram med sitt industrielle eigarskap?

– Ja, det er ikkje aktuelt å selje seg ut korkje frå Norske Skog eller Moelven som me er medeigar i på sagbrukssida gjennom Telemarksbruket i Bø. Aksjane er strategiske investeringar for å sikre tømmeret som veks i skogen eit framtidig sal, og sikre skogen ein verdi. Difor vil ikkje AT Skog bryte lina med strategisk eigarskap innan både massevirke og sagtømmer. Og me alt elt tung engasjert i utvikling av bioenergi, påpeiker Veum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyresdølen seier det nye tillitsvervet vert både spennande og moro. Han ser det som ei stor oppgåve å skape forståing for at moderne skogbruk er uhyre miljøvenleg. Halvparten av CO2-utsleppa i Noreg var bunden av skogen og omgjort til gjødsel for trea.

– Me må vitalisere forståinga av fotosyntesen, og det er skogeigarane som forvaltar fotosyntesen. Skogen er ein unik ressurs både som verdiskapar og klimaaktør, seier Veum.

Sentral aktør

Vervet som styreleiar i AT Skog gjer at han også vert medlem av styret i Noregs Skogeierforbund. I neste veke vert Olav A. Veum også valt inn i bedriftsforsamlinga i både Norske Skog og Moelven.

– Vil du få tid til å vere dagleg leiar i Vest-Telemark Næringsforum?

– Verva mine i skogbruket er ikkje heildagsjobb. Basisaktivitetane i VTNF skal vidareførast, og styreleiar Gunnar Eilefstjønn vil ta seg av ein del oppgåvene VTNF er engasjert i, fortel Olav A. Veum.