Slå saman kommunane digitalt
Digital kommunesamanslåing er eit godt alternativ til fysisk samanslåing, meiner Inger Lognvik i Seljord. Ho skriv hovudoppgåva si i statsvitskap om IKT (informasjons- og kommunikasjonsteknologi) og kommunestruktur. Frå regjeringshald blir det lagt meir og meir press på kommunane for å slå seg saman. Småkommunane overlever ikkje utan nye idéar, hevdar ho.
Innbyggjarane i Noreg er aktive på internett. Til dømes leverte nær ein million skatteytarar sjølvmeldinga si via nettet i fjor. På IKT-sida (informasjons- og kommunikasjonstekologi) ligg kommunane etter og utnyttar ikkje moglegheitene det gjev, seier Lognvik.
Ho meiner interkommunalt samarbeid med digital kommunesamanslåing er eit alternativ til fysisk kommunesamanslåing.
Artikkelen held fram under annonsen.
IKT gjev moglegheit for kommunikasjon over store avstandar uavhengig av lokalisering. Ved å slå saman og digitalisere kommuneforvaltninga kan ein velje mellom fleire nye måtar å organisere kommunane på. Til dømes kan kvar enkelt kommune spesialisere seg på kvart sitt fagfelt. Om ein tenkjer seg ei digital samanslåing av kommunane i Vest-Telemark, kan til dømes Nissedal kommune ta seg av saksbehandlinga på helse- og sosialsektoren for alle kommunane, medan Vinje, til dømes, tek seg av oppvekstetaten. Slik vil ein skape større og meir attraktive fagmiljø som igjen gjev betre service til innbyggjarane, hedar Lognvik.
Må velje IKT-løysingar for framtida
Statsvitaren fortel at Danmark har kome langt på dette feltet, og har hausta gode erfaringar. Her til lands er det dei tri småkommunane i Numedal som har kome lengst i samarbeidet på IKT-sida. Utan eit stort felles krafttak har Lognvik lita tru på at IKT-utviklinga vil spele på lag med Vest-Telemark.
IKT blir ofte sett på berre som ei utgift, men det er fyrst og fremst eit viktig serviceverktøy. Fyrst må ein få lokalpolitikarane til å tru på moglegheitene informasjonsteknologien representerer. Det er svært viktig for kommunane å velje dei rette løysingane for framtida, poengterer Lognvik.
Kva er den økonomiske gevinsten ved ei digital kommunesamanslåing?
På sikt ser ein for seg ein lønskostnadsgevinst. Ei digitalisering vil føre til at dei tilsette brukar mindre tid på papirflytting og meir tid på tenesteyting medan innbyggjarane vil kunne nytte seg av eit e-servicetorg og i større grad forvalte seg sjølve, uttalar ho.
Samanslåingspresset aukar
Lognvik ser at det frå regjeringshald blir lagt meir og meir press på kommunane for å slå seg saman.
I starten av stortingsperioden gjekk signala mest mot samarbeid. Det har endra seg i retning av samanslåing, har Lognvik observert. Ho visar til lesarinnlegget kommunalminister Erna Solberg hadde i Vest-Telemark Blad nyleg.
Synspunkta der tala ikkje for kommunesamarbeid, men for samanslåing. Eit slikt press frå ein ytre fiende som tvangssamanslåing gjer det kanskje lettare for kommunane å samarbeide, trur statsvitaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Felles elektronisk forvaltning
* Felles elektronisk forvaltning med webtenster og nettverksfunksjonar over kommunegrensene.
* Eit felles e-servicetorg for innbyggjarane, som er interaktivt og døgnope, med informasjon og digitale skjema strukturert etter livssituasjon.
* Etatar og fagpersonar samarbeider over nett via virtuelle rom og videokonferansar.
* Vel ein å behalde same type forvaltningsstruktur som i dag vil likevel virtuelle rom skape eit større fagmiljø på tvers av kommunegrensene.
* Eit problem er dei digitale skiljelinene. Alle innbyggjarane har ikkje pc, difor bør kommunane ha datamaskiner utplasserte på offentlege stader i dei forskjellige bygdene.
* Lokalisering spelar lita rolle i IKT, ein tenkjer funksjonar framfor geografisk plassering.
* I digitalt samanslegne kommunar kan lokalpolitikken leve som før i dei einskilde kommunane.
(Moment Inger Lognvik peikar på i hovudoppgåva si.)
Artikkelen held fram under annonsen.
Strukturdebatten ein konsekvens av ei moderniseringsreform
I tillegg til delen om IKT i kommunane handlar hovudfagsoppgåva til Lognvik også om kommunestruktur, der ho går inn i temaet om interkommunalt samarbeid versus kommunesamanslåing, og kan dermed setje strukturdebatten som går føre seg her til lands no i eit større perspektiv.
Debatten går føre seg i alle dei nordiske landa. Det er ein konsekvens av ei moderniseringsreform som går føre seg i heile den vestlege verda, men prosessen har ulik form og fart i dei ulike landa. I Noreg, som er ganske seint ute, byrja endringane tidleg på 1990-talet då byråkratiet skulle forenklast. Noreg er seint ute truleg fordi me er eit rikt land. Det er gjerne økonomiske kriser som skaper størst endringsvilje. Dessutan er Noreg eit svært organisert land der fag- og interesseorganisasjonar står sterkt. Det er ikkje utenkeleg at slike interesser hindrar endringar, seier ho.
Lokal identitet er viktig
Kommunane har vore redde for å samarbeide; mange fryktar det er fyrste fase i ei samanslåing. Det lokale tilhøyret er viktig her må me sjå på historiske linjer langt tilbake, som til dømes inndelinga i prestegjeld. Globalisering og internasjonalisering skapar utrygge rammer. Då blir identitet og tilhøyre med små lokalsamfunn viktig, seier ho.
Kvifor er kommunesamarbeid naudsynt?
Det er viktig for å kunne oppnå stordriftsfordelar både når det gjeld innkjøp og meir effektiv tenesteyting. Det er òg viktig for å skape større fagavdelingar. Det gjev betre kvalitet i arbeidet og meir attraktive arbeidsplassar for å trekkje til seg fagkompetanse, hevdar ho.
Ta vare på kompetansen
Lognvik meiner elles det spesielle med bygdesamfunnet er at bygda i høve til større byar har ein ekstra sosial dimensjon.
Denne sosiale dimensjonen kan ei bygd som Seljord, til dømes, utnytte betre. Kommunen kan bli flinkare til å inkludere innflyttarar og syte for at dei likar seg her. Det handlar om å invitere til kontakt, vera gjestfrie og inkluderande. Dette gjeld også lag og organisasjonar. Eg synest òg kommunen kan bli flinkare til å vera open for nye impulsar, poengterer ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kompetanseflukta frå distrikta uroar også Lognvik, som òg er aktiv lokalpolitikar for Arbeidarpartiet. Ho meiner kompetansen som finst, både blant dei tilflytte og dei som kjem heim att ferdigutdanna og med verdifull arbeidserfaring, må takast godt vare på.
Bruk kompetansen og erfaringane desse har frå andre miljø for alt det er verdt. Til dømes er Seljord kommune no i gang med ein ny organsisasjonsmodell der politikarane i større grad skal setje agendaen. Då kan det setjast ned prosjektgrupper som skal løyse ulike problem eller oppgåver. Eg håpar verkeleg at ein i tillegg til politikarar brukar folk i lokalsamfunnet som innehar relevant kunnskap, seier lokalpolitikaren og statsvitaren.