Advokat Olav Felland er sikker på at det er ei bombesikker investering å byggje småkraftverk i Vest-Telemark.
Advokat Olav Felland er sikker på at det er ei bombesikker investering å byggje småkraftverk i Vest-Telemark.

– Småkraftverk er i vinden

I slutten av mars blir det halde møte på Dalen om småkraftutbygging i Vest-Telemark. – Det bør vere interessant for mange i regionen, meiner advokat Olav Felland.

Hovudutvalet for Landbruk, miljø og utmark i Tokke kommune står som arrangør av møtet på Dalen i slutten av mars. Utvalet har invitert advokat Olav Felland og redaktør av bladet Småkraftnytt, Olav Skeie, til å informere om framgangsmåtar for å bygge ut småkrafta i Vest-Telemark.

– Absolutt marknad

– Det har vore mange spørsmål rundt dette med å bygge småkraftverk i Vest-Telemark. Me ser at interessa kring dette er aukande, og derfor informerer me gjerne om korleis ein kan kome i gang. Viktige tema blir sjølvsagt organisering, finansiering og me vil sjå nærare på grunneigarane si rolle i denne samanhengen, seier advokat Felland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er viss på at det er mange investorar som er klare til å gå inn med pengar i slik utbygging, men han meiner at grunneigarane sjølv bør satse.

– Det er klart at grunneigarane vil sitje att med mest om dei sjølve klarer å finansiere ei utbygging, fortel Felland.

Sikker investering

Kostnadene ved å byggje sitt eige småkraftverk kjem fort opp i fleire millionar kroner, men Felland er ikkje bekymra for ei slik investering.

– Me har vel sett at det kostar fort vekk 3-4 millionar å byggje eit lite kraftverk, men eg ser det likevel som ei sikker investering. Straum må me ha, og eg trur det er ei bombesikker investering der ein er sikker på å få ei god avkasting på litt sikt, meiner Felland.

Røyrgate og turbin

Det er fyrst og fremst røyrgata og turbinen som utgjer størstedelen av kostnadane. Og sjølvsagt arbeidet med å leggje røyrgata.

– Det er mange bekkar i Vest-Telemark som kan utnyttast, og slik eg ser det er ikkje prisen på kraft på veg nedover. Derfor trur eg ei utbygging kan vere aktuelt for svært mange, forklarer advokaten.

Han er også sikker på at det vil vere greitt å få finansiert ei eventuell utbygging.

– Me har tidlegare sett at bankane har finansiert inntil 75 prosent av kostnadane, og finanskrisen til trass trur eg det vil vere slik framover også, tenkjer Felland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nytt prinsipp

I samband med utbygging av små kraftverk har advokat Felland fått gehør for eitt nytt prinsipp med tanke på fastsetjing av erstatningar.

– Tidlegare var det slik at verdisetjinga av fallrettane blei gjort på grunnlag av naturhestekraftmetoden. I 1990 kom det ein ny energilov som førte til at overføringsnettet blei opna for at private kunne overføre straum på dette nettet. Dermed har naturhestekraftprinsippet utspelt si rolle, og det er no salsverdien i marknaden som bestemmer summen, forklarer Felland, og viser til ei avgjerd i Høgsterett i januar 2008.

Grunneigar eller ikkje

– Eg vonar at alle som har interesse for småkraftverk kjem på informasjonsmøtet. Om dei er grunneigarar eller ikkje, spelar liten rolle. Me ynskjer også at moglege investorar, politikarar og alle andre interesserte blir med og får meir informasjon. Det er mykje ubrukte ressursar i Vest-Telemark, og eg ser det som særs viktig at me beheld verdiane i regionen, avsluttar advokat Olav Felland.