– Telenor fråskriv seg ansvaret

Bjørnar Gulseth arva garden Berglid i Eidsborg i Tokke. Hausten 2008 flytta han og familien inn. Med telefonkontakt i veggen trudde han det skulle vere ei smal sak å få summetonen, men så enkelt var det ikkje.

Etter å ha pussa opp våningshuset på garden Berglid i Eidsborg, flytta Bjørnar Gulseth inn med familien i november 2008. Garden ligg vakkert til ved Espelidtjønn, og nett tjørna har skapt kommunikasjonsproblem for familien.

– Det er telefonkabel inn til huset, og det er kontakt på veggen inne. Kabelen kjem frå nabogarden nokre hundre meter bortanfor, og ligg i tjørna, forklarer Gulseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han ynskte hustelefon, og kontakta Telenor etter at familien hadde flytta inn. Gulseth fekk tildela telefonnummer og dato for oppkopling.

Kabelbrot i tjørna

– Relacom kom og skulle kople til telefonen, men fann ut at det var brot på telefonkabelen ein stad ute i Espelidtjønn. Akkurat tidspunktet for når kabelen blei lagt, kjenner eg ikkje, men eg vil tru det var på 70-talet at Telenor la han, seier Gulseth.

Han trudde Telenor var plikta til å reparere eigen kabel, og sjokket blei derfor stort då han fekk brev frå Telenor der dei sa at det ville koste han nesten 110.000 kroner å få reparert feilen.

– Det er useriøst å tru at eg skal reparere og betale Telenor sine kabelbrot. Relacom føreslo å trekke ny telefonkabel i stolpane som Vest-Telemark Kraftlag brukar til straumledningane. Det hadde blitt ei mykje billigare løysing, men det ser ikkje ut som Telenor har vurdert denne løysinga i det heile, sukkar Gulseth.

Telenor prøvar seg

Han har ikkje under noko omstende tenkt å betale for å få Telenor sin kabel reparert, og meiner selskapet prøvar seg.

– I brevet eg fekk av Telenor skriv dei mellom anna at dei har leveringsplikt for analog telefoni til fast heilårleg busetnad. Dei skriv også at dersom bustaden ligg utanfor Telenor sitt normale leveringsområde, og ikkje er tilknytt stadbunden, permanent eller heilårleg næringsverksemd, kan Telenor krevje å få dekt ekstraomkostnadane for tilknytinga og seinare drifts- og vedlikehaldskostnadane for den del av lina som ligg utanfor Telenor sitt normale leveringsområde. For meg ser det altså ut som Telenor meiner at me ligg utanfor deira normale leveringsområde, men dei har då vitterleg lagt telefonkabel her, ristar Gulseth på hovudet.

Kontakta ordføraren for å få hjelp

Bjørnar Gulseth godtek ikkje svaret frå Telenor, og han kontakta ordførar Olav Urbø i Tokke.

– Dette er ei sak med store politiske overtonar, seier Urbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han hadde med seg fylkespolitikar og stortingskandidat for Senterpartiet i Telemark, Anja Hjelseth, til Berglid. Ho var klar i tala si i denne saka.

– Det er no ein gong slik at folk må få bu kvar dei ynskjer. For Senterpartiet er det ei kjernesak, og me stiller krav om at telefon, breiband, straum og vatn skal vere obligatorisk for dei aller fleste. Vel folk å busetje seg langt inne på vidda, blir situasjonen ein annan, men her på Berglid har det vore telefon tidlegare, og garden ligg trass alt berre halvannan kilometer frå hovudvegen, seier Hjelseth.

¬ Lyfte saka

Ho meiner denne saka er eit resultat av privatiseringa i Telenor og konkurranseutsette tenester.

– Om Telenor ikkje snur i denne saka, kjem me i Senterpartiet til å lyfte saka opp på eit høgare politisk nivå. Me kan ikkje ha det på dette viset i 2009, avsluttar Hjelseth bestemt.

Bjørnar Gulseth er glad for engasjementet til Urbø og Hjelseth, og han ventar spent på kva utfall saka får.

– Eg er veldig glad for at nokon tek tak i saka, og ordføraren handla raskt. Eg synest Telenor kjem med heilt urimelege krav, og skjønar vel ikkje at det går an, seier Gulseth.

Det er heller ikkje gode forhold for mobiltelefon eller internett på garden, og det gjer sitt til at det er endå viktigare å ha fasttelefoni.

– Eg er ein av dei friviljuge som er med og leitar etter og avlivar dyr ved påkøyrslar, og det er litt plagsamt at eg må ut på tunet for å høyre kva folk seier. I alle fall er det plagsamt om vinteren, og ofte skjer påkøyrslar til ugunstige tider på døgnet, avsluttar Gulseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vanskelege saker for Telenor også

VTB kontakta Telenor og regional informasjonssjef Per A. Meling. Han meiner dette er ei vanskeleg sak.

– Me har hatt liknande saker tidlegare, og det er vanskeleg å vite kva ein skal gjere. No er det slik at så lenge telefonkabelen var i drift, var vedlikehaldsansvaret vårt. Når summetonen opphøyrer fell etter kvart ansvaret vårt bort, og ein reparasjon av kabel blir å sjå på som nyetablering, forklarer Meling.

Ser på saka att

Han presiserar at saka vil bli vurdert nøyare, og at sakshandsamar skal gå gjennom saka ein gong til.

– Me ynskjer i utgangspunktet at alle skal ha telefon, og i saker som dette må det utøvast skjønn. Samstundes må det vere ein viss likskap i handsamingane. Det er viktig å seie at dette er svært vanskeleg saker for Telenor også. Eg lovar at me skal sjå på saka på nytt, men så lenge me vurderar dette til å vere ei nyetablering tvilar eg på om utfallet blir annleis, avsluttar Meling, som oppmodar Gulseth om å sende skrifteleg klage til Telenor.