Karoline Skarprud (t.v.), Ann Helen Jamtveit, Tommy Finkenhagen Skarprud og Glenn Olsen vonar mange vaksne melder seg for å vere saman med dei unge på internettkafèen i Kviteseidbyen.
Karoline Skarprud (t.v.), Ann Helen Jamtveit, Tommy Finkenhagen Skarprud og Glenn Olsen vonar mange vaksne melder seg for å vere saman med dei unge på internettkafèen i Kviteseidbyen.

– Vaksne – kom på banen

Internettkafèen i Kviteseid vart starta for nokre år tilbake. Den fyrste tida var det ikkje vanskeleg å få vaksne til å vere der med ungdomane. Nå treng dei unge støtte, elles har dei ingen plass å vere.

– Internettkafèen i Bjørnstadbua er like mykje ein opphaldsstad og møteplass for dei unge her i Kviteseid som det er internettkafè, seier Karoline Skarprud, Ann Helen Jamtveit og Tommy Finkenhagen Skarprud.

Dei tri ungdomane sit i styret for internettkafèen. Den siste hausten har det ikkje vore mykje aktivitet, men nå ynskjer ungdomane å få fart i møteplassen att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å bruke kafèen må ein vaksen person vere til stades med oss, seier ungdomane som fortel at kveldane på Bjørnstadbui vart nytta til alt frå surfing på Internett, spele kort eller spel, sjå på fjernsyn og kose seg med nysteikte vaflar. Alt arrangert av dei unge sjølve.

Bare ein kveld

Styreformann i internetkafèen, Glenn Olsen, fortel at nokre vaksne eldsjeler stilte opp for ungdomane den fyrste tida, slik at dei kunne halde møteplassen ope.

– Men elden brenn ut for dei også, nå bed me andre vaksne kome på banen. Om det er mange nok som melder seg er det kanskje ikkje snakk om meir enn ein kveld dei må møte før sommaren, seier Olsen.

Han fortel at det vil bli halde eit møte 26. januar, der dei vonar at mange vaksne møter og melder seg til teneste.

– Ein sundag kvar kan dei vel ofre for at me kan kome saman, seier ungdomane.

Flytta til sundag

Tidlegare har internettkafèen halde ope tysdags- og torsdagskveldar. Nå har styret vurdert å flytte opningstida til sundag ettermiddag.

– På vekedagane er det ganske mange aktivitetar, difor fall valet på sundag. Men me er sjølvsagt viljuge til å diskutere andre dagar etter kvart, uttalar styremedlemmene.

Ynskjer breiare tilbod

Styret har mange planar om framtida, men treng midlar for å setje i gang desse.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På Vintermarken skal me ha lotteri, der gratis breibandsoppkopling er fyrstegevinsten. Nå har me leigd ut maskinene til kursverksemd for å få litt inntekter. Elles er me stadig på jakt etter bidragsytarar som kan gje oss tilskot, smiler ungdomane.

Dei ynskjer å pusse opp lokalet slik at datamaskinene blir sett ut til veggane på høge bord med barkrakkar, og frigjer meir av golvarealet. Elles har dei unge snakka om å få til ein spelestall der ein mellom anna kan arrangere tevlingar på playstation.