Vegprosjekta i NTP ligg fast
Tempoet i Nasjonal Transportplan (NTP) ligg fast. Regjeringa vil miste all truverde om vegprosjekta vert skuva fram i tid i høve til det me har sagt, meinte Anja Hjelseth (Sp), politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet. Uttala kom på Telemark Senterpartis årsmøte på Akkerhaugen i helga.
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) var også tilstades på årsmøtet, og han støtta utsegna frå Anja Hjelseth. Ministeren hadde seinast fredag fått stadfesta frå samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa at ho ikkje har andre planar enn at NTP gjeld, og at det er den vedtekne framdrifta ho arbeider etter.
Det betyr at oppstarten på tunnelprosjektet på E 134 mellom Århus i Seljord og Gvammen i Hjartdal nærmar seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til helga kjem regjeringa saman på Hadeland for å byrje arbeidet med statsbudsjettet for 2011. Riis-Johansen varsla innstrammingar i budsjettet, og hevda at Senterpartiet vil vere tent på å vere med på ei nøktern haldning med omsyn til statens pengebruk.
Det kjem til å verte annleis og meir krevjande, sa ministeren.
Fylkesvaraordførar Lars Bjaadal tok opp spørsmålet om såkalla offentleg/privat finansiering av større vegprosjekt. I dag løyver staten pengar til mellom anna vegar frå år til år, det såkalla kontantprinsippet.
Alternativ finansiering
Eg vonar regjeringa klarer å finne fram til alternative måtar å finansiere infrastrukturen på. Dagens system med årlege løyvingar gjer at vegutbygginga vert klattvis. Det er god senterpartipolitikk å vere langsiktig, men statsministeren seier truleg nei til å godta andre finansieringsmåtar, meinte fylkesvaraordføraren.
Terje Riis-Johansen sa seg ikkje uviljug til å sjå på ein annan finansieringsmodell for store samferdselsutbyggingar. Han presiserte likevel at ein ikkje kjem i land med omsyn til alternative finansieringsmåtar utan å tenkje på velferdsstaten.
Me kan ikkje seie anten helsevesen eller samferdsel. Veksten i utgiftene til helsevesen og trygdeytingar er den største trusselen for statsfinansane framover. Difor må me sjå pengebruken i den offentlege forvaltinga i eit heilskapsperspektiv. Ein må ikkje gløyme at ved å lånefinansiere vegutbygga, vil fortida ta oss att etter 20 år. Då skal låna betalast attende, minna ministeren om.
Uroa for landbruket
Elles i ordskiftet stod landbruksnæringa sentralt. Mange gav uttrykk for uro over at landbruket i Telemark nærast er i fritt fall, og spesielt illevarslande er det i distrikta med små og tungdrivne gardsbruk.
Terje Riis-Johansen tok utgangspunkt i den veldige teknologiske utviklinga landbruket er inne i. Mjølkeprodusentar som satsar tek i aukande grad i bruk mjølkerobot. Dette såg ministeren på som ein revolusjon på line med at hogstmaskinane overtok for manuell hogging av tømmer med motorsag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vår store utfordring er å oppretthalde landbruket i Telemark og auke verdiskapinga i kroner og ører. Landbruket er tilført fem milliardar ekstra dei siste fire åra over jordbruksavtala. Det hadde ikkje skjedd utan Senterpartiet, og me skal sørgje for ei vidare auke, forsikra Riis-Johansen.
Lokalt handlingsrom
Ordførar Olav Urbø i Tokke undra kva handlingsrom det finst innanfor dagens landbrukspolitikk. Særleg var han uroa over at sauehaldet i Vest-Telemark dei siste åra har stupt. I hans eigen kommune er det også berre att seks gardar med mjølkeproduksjon.
Kva kan lokalpolitikarane og ordføraren gjere i eit kortsiktig perspektiv for å hindre at landbruket forvitrar. Saka dreiar seg både om matproduksjon, busetting og kulturlandskapet, sa Olav Urbø.
Torleiv Veum frå Fyresdal støtta innlegget til Urbø. Fyresdølen sa han var redd kulturlandskapet grodde att, og viste til at bjørka i aukande grad sprett opp der det til no har vore frodig beitemark.
Difor må me støtte opp om geitehaldet i Vinje, og syte for at den næringa får ei god utvikling, meinte Torleiv Veum.
Også Jan Thorsen, leiar i Telemark Sp, nytta mykje av opningstala si på landbruket i fylket, og då spesielt mjølkeproduksjonen. Han sakna vilje hjå regjeringspartnarane SV og Ap til å gje norsk matproduksjon eit økonomisk lyft.
Minimum 30 kyr
Landbruksnæringa slit med låg lønsemd. Sjølv godt drivne bruk har låge driftsoverskot og svak arbeidsforteneste. Dette hindrar lysten til dei unge for å overta og investeringane vert for låge. Det seier litt om utfordringa mjølkeproduksjonen i Telemark møter når det frå fagleg hald no vert sagt at ein må opp i ein mjølkekvote på 200.000 liter for å sikre eit rimeleg godt økonomisk fundament på garden. I praksis vil det seie minst om lag 30 kyr. Utan mottiltak er eg redd mjølkeproduksjonen om få år er borte i Vest-Telemark.