95,2 prosent er friskmeldte
Nav-sjefen i Seljord gler seg over at sjukefråværet går nedover i regionen.
Tala for fyrste kvartal i år viser at alle kommunane i Vest-Telemark, med unntak av Tokke, har færre sjukemeldte enn på same tid i fjor. Størst er nedgangen i Kviteseid og Vinje med høvesvis 25 og 24 prosent færre sjukemeldte. I Seljord er sjukefråværet 19 prosent lågare enn det var då tala for fyrste kvartal blei presentert i fjor sommar.
Nav-leiar Olav Aalandslid i Seljord meiner ein nå ser at reforma frå 2007 byrjar å setje seg. Han trekkjer mellom anna fram IA-kontaktane som jobbar konkret mot bedriftene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me har størst fokus på kommunane, seier han.
Raskare tilbake i arbeid
Seljord har generelt lege høgt på statistikken både i Vest-Telemark og Telemark. Sidan Nav-reforma kom har nedgangen vore stabil, seier Aalandslid, som no kan konstatere at sjukefråveret i heile kommunen (privat og offentleg sektor) er på 4,8 prosent. For nokre år sidan var han over 7 prosent.
Dei alvorleg sjuke er sjuke. La det vera heilt klart. Men det er nokre gråsonetilfelle. Desse ynskjer me å få raskare ut att i arbeid. Behovet for arbeidskraft i regionen er stort, seier Aalandslid, og legg til at dei ser tala for sjukefråvær, ledige og uføre i samanheng.
Hugs på at 95,2 prosent er friskmeldte, legg han til.
Han seier dei har sett det han karakteriserer som «litt lange sjukemeldingar, litt for ofte», og at Nav vil få ned dette talet. Tilrettelegging og gradert sjukemelding er viktige stikkord, meiner Nav-leiaren.
Vil ha fleire graderte
Nav har tett dialog med legane. Og det er no eit krav at arbeidsgjevar etter fire veker i sjukemeldinga skal ha ein plan for oppfylging. Etter ni veker er det krav om eit såkalla dialog 1-møte som involverer arbeidsgjevar og -takar, lege og Nav.
Talet på graderte sjukemeldingar i regionen er no på om lag 30 prosent. Resten er heilt sjukemeldte. Målet på landsbasis på sikt er at 70 prosent bør ha gradert sjukemelding. Dette fordi statistikk viser at tilknyting til arbeidslivet er heilt sentralt for å få folk tilbake i arbeid.
Det er ein fare for å forsvinne heilt ut om ein er heilt sjukemeldt over lang tid, seier Aalandslid.
Det er hovudsakeleg to grupper av sjukemeldte. Den største gruppa er dei som slit med muskel- og skjelettsjukdomar. Den andre gruppa er lettare psykisk sjukdom.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det verste er å sitje heime. Arbeid er medisin, seier Aalandslid.
Dei aller fleste er ikkje sjuke for «moro skuld». Dei er ærlege og vil tilbake i arbeid, understrekar han.
Han trekkjer også fram at Nav har ein pott på 1 million kroner i såkalla tilretteleggingstilskot, som IA-bedrifter kan søkje på. Det kan vera til systemnivå, til dømes turnus eller jobbyte for ein periode, eller gjenstandar, det vil seie fysisk tilrettelegging som stolar, heving av bord og liknande.
Trur trening kan vera årsak til nedgang
Seljord-rådmann Per Dehli og personalsjef Ingeborg Nenseter Jensen er glade for at sjukefråværet i kommunen har gått ned. Dei siste tala viser at fråværet no er på 6,2 prosent. I 2009 var talet 8,2.
Me identifiserer oss med målet frå sentrale styresmakter om sjukefråvær på 5,6. Det er greitt å ha eit tal å arbeide mot. Men det kan godt vera at me ikkje skal dit. Det er, og skal vera, lov å vera sjuk, understrekar rådmannen.
Det er vanskeleg å finne verkemiddel som me veit verkar. Difor finn me det me trur kan verke, seier han.
Han trekkjer fram samarbeidet med Nav og arbeidslivssenteret og subsidiering av trening som to moglege årssaker til nedgangen. Tilrettelegging og førebygging er to stikkord.
Kring 100 av dei tilsette nyttar seg av at kommunen sponsar halve treningsavgifta på Sterke-Nils-senteret. Det har også blitt ein «snakkis» og det er eit stort engasjement, seier Jensen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei meiner nye reglar med tettare oppfylging av den sjukemeldte er viktig, og skryter av gode råd og tydeleg svar frå Nav. Jensen trekkjer også fram fokuset på funksjonen; at ein er sjukemeldt frå funksjonen, ikkje jobben.
Mange vil vera i jobb og då kan omskolering med relevant arbeid for ein periode vera ei god løysing, seier personalsjefen, som også er oppteken av å inkludere heile huset med verneombod og tillitsvalte på dei ulike avdelingane.