Ordførar Arne Vinje aksepterer ikkje forgifting av det politisk miljøet i Vinje. Han reagerer sterkt på Roar Berg Hansens (Ap) utskjelling av Tore Damberg (Frp) på grunn av sakleg usemje mellom dei to i ambulansestasjonssaka. Til venstre administrasjonssekretær Reidun Lofthus.
Ordførar Arne Vinje aksepterer ikkje forgifting av det politisk miljøet i Vinje. Han reagerer sterkt på Roar Berg Hansens (Ap) utskjelling av Tore Damberg (Frp) på grunn av sakleg usemje mellom dei to i ambulansestasjonssaka. Til venstre administrasjonssekretær Reidun Lofthus.

– Aksepterar ikkje forgifta politisk miljø

Etter ulike syn på lokalisering av ambulansestasjon i Åmot vart Tore Damberg (Frp) skjelt ut på det grovaste av Roar Berg Hansen (Ap) straks desembermøtet i Vinje kommunestyre var over.

Tore Damberg sendte eit notat til ordførar Arne Vinje (SV) om den verbale skyllebytta Roar Berg Hansen utsette han for. Frp-politikaren skreiv mellom anna til ordføraren:

«Vil bare informere deg om at eg fikk en del nye titler etter gårsdagens kommunestyremøte. De ble gitt av kollega Roar Berg Hansen i form av følgende uttrykk og med mord i blikket: «Du din jævla idiot – din forbannede svenskejævel og du er en jævla stor drittsekk». Samtlige uttrykk ble gjentatt minst to ganger. Kan tyde på at eg traff spikeren på hodet.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Arne Vinje fortel at andre som var til stades på eige initiativ tok kontakt med ham. Politikarar reagerte sterkt på ei åtferda til Roar Berg Hansen som dei opplevde som rein trakassering. Dei har også stadfesta framstillinga til Damberg. Ordførar aksepterer ikkje det han karakteriserer som forgifting av det politiske miljøet.

– Sjølv om episoden skjedde etter at fjorårets siste kommunestyremøte var formelt heva, har han direkte samanheng med tingingane i møtet. Difor har eg som møteleiar rett og plikt til å reagere på eit så klart brot på skrivne og uskrivne reglar for framferd blant kommunepolitikarar, skreiv ordføraren i eit brev til Roar Berg Hansen, datert 18. desember 2009.

Arne Vinje synte til reglementet for kommunestyret i Vinje. Der heiter det: «Det må ikkje seiast noko som krenkjer forsamlinga, nokon av medlemane eller andre. Heller ikkje er det lov til å lage bråk eller uro som uttrykk for misnøye eller tilslutting.»

Folkeskikk

I brevet til Roar Berg Hansen gjev ordføraren elles uttrykk for at det som står i reglementet skulle vere sjølvsagte normer for vaksne menneske generelt, og for politikarar spesielt.

– Ingen skal ha grunn til å frykte at innlegg frå kommunestyrets talarstol skal kunne utløyse krenkande og trugande utbrot frå andre politikarar. Om du sjølv skulle meine Damberg var urimeleg i sitt innlegg, har du ingen rett til å reagere på den måten du gjorde. Av desse grunnane er dette meir enn ei privat sak mellom deg og Tore Damberg. Partigruppene har eit overordna ansvar å sjå til at alle i kommunestyret møter kvarandre med forståing og respekt, jamvel om me kan ha ulike meiningar i ymse saker, står det mellom anna å lese i brevet frå ordførar Arne Vinje.

Ordføraren avsluttar med å seie at han venta Arbeidarpartiets gruppe drøftar saka og gjev ei tilbakemelding.

Oppklaringsmøte

21. desember var det eit møte på ordførarkontoret mellom Arne Vinje og gruppeleiinga i Arbeidarpartiet. Der vart det avtalt at Roar Berg Hansen skulle kome med ei orsaking i det første kommunestyremøtet den 2. februar i år. I ein epost til ordføraren stadfesta Ap-gruppeleiar Børre Rønningen konklusjonen frå møtet. Rønningen takka kommuneleiinga for medverknaden til ei løysing på saka.

Ordførar Arne Vinje etterkom eit ynskje frå Ap-leiinga om å trekkje brevet sitt frå postlistene, men sette som vilkår at Roar Berg Hansen bad om orsaking i neste kommunestyremøte.

Artikkelen held fram under annonsen.

9. februar drøfta kommunestyregruppa i Vinje Ap saka, og konkluderte med at dette ikkje var nokon sak for kommunestyret. Varagruppeleiar Tor Strømme skriv i brevet til ordføraren at dei dermed såg seg ferdig med saka. Difor kom det inga orsaking frå Berg Hansen får kommunestyrets talarstol 11. februar.

Avtalebrot

I eit brev til Tor Strømme 22. februar karakteriserer Arne Vinje det som nedslåande at ein ikkje skal kunne stole på at ei avtale er ei avtale.

– No er det ei stor utfordring å byggje opp att den gjensidige tilliten som skal til for at tilhøvet mellom posisjon og opposisjon skal vere konstruktivt og til beste for kommunen. Eg er likevel open for alle gode tiltak i den retninga, skriv Arne Vinje.

Samstundes gjer han det klart at han ikkje lenger kjenner seg bunden av avtala om å halde saka unna offentleg tilgjenge.

– Når kommunestyregruppa til Vinje Ap utan vidare bryt sin del av avtala, kan eg rette opp regelbrotet om å halde saka borte frå postlista. Denne verknaden går eg ut frå kommunestyregruppa i Vinje Arbeidarparti har sett og vurdert, heiter det i brevet ordføraren har sendt Ap-gruppa ved Tor Strømme.

Står ved utskjellinga av politikerkollega

Roar Berg Hansen angrar ikkje på dei sterke karakteristikkane av Tore Damberg. Til VTB seier Damberg at ei orsaking frå Berg Hansen har liten verdi.

– Når denne saka kjem ut i det offentlege rom skuldast det at Vinje kommune har ein lite seriøs ordførar. Arne Vinje grip begjærleg høvet til å sverte Vinje Arbeidarparti og setje meg i gapestokken, hevdar Roar Berg Hansen.

Berg Hansen peiker på at partiets kommunestyregruppe drøfta saka og konkluderte med at ho ikkje høyre heime i kommunestyret. I fylgje Berg Hansen har han fleire gonger prøvd å få kontakt med Tore Damberg utan resultat.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei orsaking frå Roar Berg Hansen har liten eller ingen verdi. Hadde lokalpolitikken vore som fotballen hadde han nok fått raudt kort for dumskapen sin, seier Damberg i ein kommentar til VTB.

Han seier han sjølv har vanskar med å finne ei seriøs forklaring på kvifor en røynd og godt vaksen person som Berg Hansen fann å gå ut mot ein politisk kollega slik han gjorde.

Ordførar Arne Vinje tilbakevisar skuldingane frå Roar Berg Hansen om at hans agenda er å sverte Vinje Arbeidarparti og setje Berg Hansen i gapestokk.

– Han sett fram heilt ugrunna påstandar som indikerer at det ikkje er lett å få til eit konstruktivt tillitstilhøve. I det heile er dette ei trassig sak, seier Arne Vinje.