Alarmen gav livet ny meining
For tri år sidan kom den mobile person-alarmen (MPA) på marknaden. Han kan brukast i fleire område der det ikkje er mobildekning, og har gjort livet tryggare for mange i Noreg. Ein av dei som rosar alarmsystemet er Judith Ramdin i Fyresdal. Finanskrisa gjer at det snart kan bli slutt på alarmtenesta som er knytt direkte til offentleg nødnett. Alarmen har gjeve livet mitt ny meining. Eg har blitt kvitt angsten, og glad som eg er i naturen kan eg gå i område utan mobildekning. Det blir ikkje lett å klare seg utan alarmen, seier Ramdin.
For tri år sidan fekk Judith Ramdin i Fyresdal høyre om nyskapinga MPA (mobil person-alarm). Tenesta har betre dekning enn det mobilsambandet klarer, og slår brukaren på alarmen vil det straks kome melding til 110-sentralen i Vestfold. Brukaren blir knytt direkte til offentleg nødnett.
Det var fleire forhold som gjorde at Ramdin fann ut at alarmen var midt i blinken for henne. Han kan brukast i fleire område der det ikkje er mobildekning. Vidare treng brukaren ikkje prate om alarmen blir slått på. Det kan vere viktig for Ramdin som har både hjarte- og lungesjukdom. Dessutan vil profilen til Ramdin med viktig informasjon om til dømes helsa og adresse, vere tilgjengeleg hos 110 straks alarmen skulle gå.
Artikkelen held fram under annonsen.
Angsten forsvann
Før hadde eg mykje angst, men han er nesten borte etter at eg fekk alarmen, fordi eg føler nokon passar på meg. Dessutan gjer alarmen at eg føler meg mykje sikrare når eg køyrer bil. Det er nok bare psykisk, men det er jo viktig. No tør eg til dømes å køyre mykje lenger enn før, fortel Ramdin.
Som abonnent på alarmsystemet har Ramdin ei alarmklokke med batterikapasitet på 36 timar. Skulle det skje noko med henne, kan ho seie frå, og får tilbake ein kraftig vibrasjon i alarmklokka når meldinga er motteken hos 110. I tillegg har Ramdin anna utstyr der 110 og ho kan prate saman.
Alarmutstyret blir testa kvar månad, og Ramdin fortel om eit svært sikkert system utan feil.
Viktig ven å ha med
I seinare tida har ho fått eit brev frå leverandøren av tenesta om at alarmsystemet kan bli kopla ned snart grunna finanskrisa. Det ville vere ille for fyresdølen.
Det blir ikkje lett å klare seg utan alarmen. Han har gjeve livet mitt ny meining. Hadde eg ikkje hatt alarmen, var det mange område eg ikkje hadde tora dra til. Naturen er veldig viktig for meg, kva skulle eg gjort utan den? Eg må ut og det er jo så fint her i Fyresdal, seier Ramdin.
I 2007 var ho på 75 toppturar i Fyresdal, og brukar den tida ho treng for å kome fram. Alarmen har vore ein god og viktig ven å ha med seg.
Øysteinfjell er eitt av favorittfjella mine. Dit kunne eg ikkje reist utan alarmen, for det er ikkje mobildekning i området, seier Ramdin, spent på om ho får behalde den viktige alarmtenesta framover.
Håper det går bra
Henrik Gerner er grunnleggjar av og driv firmaet Mobil Personalarm i Larvik. Alarmtenesta har rundt 200 brukarar i Noreg, og nokre av dei bur i Vest-Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Feil i ulike alarmtenester kostar samfunnet utruleg store summar kvart år. Me har ei kvalitetssikringsløysing på MPA og har ikkje feil på systemet. Standarden på alarmen gjer at folk føler seg trygge og utstyret er unikt for mange. Vidare er det spesielle med systemet at ein også kan finne att menneske som er utanfor GSM-dekning. Me er elles einaste aktøren i marknaden som er knytt direkte mot offentleg nødnett, seier Gerner.
Han fortel at førebels har MPA-systemet redda to menneskeliv, etter at alarmen blei utløyst og brukaren fekk rask hjelp.
Gerner har bruka ein del millionar kroner på å byggje opp firmaet. Investorar var med og finansierte verksemda i fjor. Akkurat no ser det noko mørkare ut å få nok pengar frå det haldet.
Finanskrisa pregar mykje av det me driv med. Mange innovasjonsprosjekt i Noreg blir råka av denne krisa, seier Gerner.
Han fortel om mange tilbakemeldingar og bekymringar frå brukarane i samband med informasjon om at tenesta kan bli lagt ned.
Eg er van med å stå på barrikadane. Basert på erfaring skal denne saka gå bra, men det nyttar ikkje å stå med hendene i lommene, avsluttar Gerner.
Stornøgd med løysinga
Akkurat no har Jan-Ove Vagle permisjon frå jobben som leiar for 110-sentralen i Vestfold. Men med sin bakgrunn har han registrert kva den mobile personalarmen har å bety.
Samarbeidet med 110 har gjeve oppsiktsvekkjande gode resultat, ikkje minst på grunn av MPA si løysing for å eliminere feilutløyste personalarmar. Feilprosenten overfor alarmmottaket er tilnærma null. På same tid er alarmen ei mobil løysing som gjev høve til å finne igjen menneske utandørs, innandørs og utanfor mobildekning, uttaler Vagle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han påpeikar vidare at den månadlege oppfylginga av brukaren med oppdatering av helse- og tryggleiksinformasjon, gjennomgang av alarmbruk og funksjonskontroll av utstyr, er ein nøkkelfaktor som ikkje lastar organisasjonen hans.
Til gjengjeld får me på alarmmottaket eit best mogleg utgangspunkt for å sette inn dei rette tiltaka frå det tidspunktet brukaren utløyser alarmen, slår Vagle fast.