På folkemøtet var Thorfinn Berge opp med handa for å seie at no har innbyggjarane eitt krav; vekk med flugene eller pelsdyra. – Klarer de ikkje det må me finne tiltak sjølve, sa Berge.
På folkemøtet var Thorfinn Berge opp med handa for å seie at no har innbyggjarane eitt krav; vekk med flugene eller pelsdyra. – Klarer de ikkje det må me finne tiltak sjølve, sa Berge.

– Anten flugene eller pelsdyra skal vekk

Det er truleg ingen i verda som har sjansen til å oppleve så mange fluger i suppa som innbyggjarane i Haugsjåsund. Flugeproblemet frå pelsdyrområdet i nærleiken skapte heit stemning på eit folkemøte denne veka.

Opp mot 100 innbyggjarar i Haugsjåsund-området sør i Nissedal kommune opplevde ei kraftig flugeplage sist sommar. Det er slått fast at flugene kjem frå Berlimoen pelsdyrområde ikkje langt unna bygda.

Flugeproblemet har blitt tatt opp ved fleire ulike høve etter at helserådet blei kopla inn. I januar var diverse fagfolk, innbyggjarar, pelsdyreigarar, tilsette frå Fylkesmannen og kommunetilsette samla for ei drøfting av problemet. Det blei sett ned ei arbeidsgruppe med kommunelege John M. Frisk, pelsdyreigar David W. Parkinson, næringsdrivar Hallgeir Sundsli og jordbrukssjef for Nissedal og Kviteseid, Torunn Raftevold Rue for mellom anna å lage forslag til tiltaksplan.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år vil pelsdyrdrivarane frå 15. juli og kvar 14. dag fjerne gjødsla på Berlimoen. Vidare skal dei henge opp rullar med festemiddel for å fange flugene, og stryke eit tilsettingsstoff på stolpar i skura for å minske problemet. Det vil bli kontrollar for å sjekke at tiltaka blir fylgde opp.

Silkehanskar

Denne veka var det folkemøte i grendehuset i Haugsjåsund om flugeproblemet. Jordbrukssjef Torunn Raftevold Rue hadde full forståing for at bygdefolk reagerer på dei store flugeplagene, men sa i innleiinga at ho ikkje har eit mirakel i skuffen for å få slutt på ugreia.

– Me vil i år sjå effekt av tiltaka, men får ikkje vekk alle flugene, sa ho.

Svaret frå salen var at innbyggjarane også i år kan sjå fram til ein elendig sommar der fleire hundre fluger kan kome innandørs bare ved at ein opnar døra litt.

– Me har vore plaga med fluger i ni år. No har me eitt krav; vekk med flugene eller pelsdyra. Klarer de ikkje det må me finne tiltak sjølve. Me gidd ikkje lenger å gå rundt her med silkehanskar. Me slit med flugene og me slit med lukt frå søppelplassen, sa Thorfinn Berge.

Nissedalordførar Anne-Nora Oma Dahle hadde full forståing for det store flugeproblemet, og påpeika at ein no set inn tiltak som ikkje har blitt gjort før. Men det ville ta tid å få bort flugene. Elles fekk innbyggjarane tips om eit middel til å stryke på utandørs stolar og bord, slik at flugene heldt seg borte. Svaret frå salen var at det middelet kunne kommunen betale.

Smekk frå turistvert

Engasjerte innbyggjarar var klare på at livskvaliteten blei forringa ganske mykje med å ha alle flugene. Det er umogleg å sitte på terrassen når 15.000 fluger kjem på besøk, blei det sagt.

– Me har hatt nok dritt her i Haugsjåsund, både med søppelplassen og Berlimoen, og det i ein turistkommune. Eg finn meg ikkje i at bygda skal bli avvikla grunna alle desse plagene. Flugeproblemet kjem frå Berlimoen, men det er me som får rekninga. Ei av verksemdene på Berlimoen blir drive så elendig. Driv ein dårleg er det kroken på døra. Styresmaktene må sette inn tiltak på det, sa turistvert Hallgeir Sundsli svært engasjert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han var ikkje aleine om å vere irritert over pelsdyrhaldet til den eine av dei fire drivarane på Berlimoen. Frå salen kom det ynskje om å sette restriksjonar på tal dyr det kan vere på pelsdyrområdet.

– Me har drivarar som har god praksis. Dei som ikkje har det må me ha tiltak for. Fyrst etter denne sesongen kan me seie om tiltaka blir fylgde opp. Gjer dei ikkje det kan me bli endå hardare, svara ordføraren.

Store snømengder gjorde at pelsdyrdrivarane i år ikkje fekk fjerna gjødsla før kvelpinga byrja. Dei nyfødde må ha ro framover, og derfor skriv ein juli før gjødsla kan køyrast bort.

– No har fortroppane av flugene kome. Det blir ein herleg sommar, kom det frå salen.

– Kanskje me får flugeinfluensa ..., kvitterte Berge, og folk humra.

Ein ting blei slått skikkeleg fast; i den ventande grillsesongen er det nok å ta med seg grønsaker ut. Kjøt får ein nok av ved å opne kjeften, blei det sagt.

Til slutt blei ordføraren invitert til å vitje Haugsjåsund ein kveld i sommar. Ho treng bare ta med seg ein ting; flugesmekkaren.