Attraktiv for alt
Forskar Knut Vareide konkluderte med at Seljord er attraktiv både for busetting, bedrifter og besøk, men at kommunen ikkje har fått godt betalt for attraktiviteten.
Seljord er attraktiv for alt. Det er den einaste kommunen i Telemark som har vore attraktiv i alle dei tri dimensjonane busetting, bedrift/basisnæringar og besøk, sa Knut Vareide frå Telemarksforsking då han i torsdagens kommunestyremøte i Seljord orienterte politikarane om næringsutvikling og attraktivitet.
Seljord har ikkje fått godt betalt for attraktiviteten. Dårleg vekst i offentlege arbeidsplassar er ei forklaring. Dessutan må distriktskommunar vere ekstra attraktive for å få vekst, sa forskaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein stads attraktivitet blir målt i summen av dei tri dimensjonane busetting, bedrifter og besøk. Forskaren viste til at det blir stadig viktigare å vere attraktiv som bustad og besøk. Veksten i basisnæringane var einerådande før, men er ikkje det lenger.
Det er berre Siljan i Telemark som kjem betre ut enn Seljord på den samla attraktiviteten dei siste ti åra.
Besøkskommune
Forskaren konkluderte med at Seljord er ein besøkskommune. Det er berre elleve kommunar i heile landet med større del besøksnæringar enn Seljord. Besøksattraktiviteten blir målt i talet på arbeidsplassar i bransjar som krev at kundane er tilstades.
Vareide opna orienteringa med å sjå på utviklinga i Seljord dei siste ti åra. I motsetnad til dei fleste andre kommunar på same storleik og sentraliseringsgrad, har det vore vekst i folketalet i Seljord dei siste ti åra.
Folketalet er det suverent viktigaste, sa Vareide.
Innvandring skaper veksten i folketalet, men forskaren understreka at det også er viktig med innflytting frå andre kommunar, noko som har variert i Seljord dei siste åra.
Vareide minna elles om at tala for 2010 viser stor utflytting frå Seljord.
Det kan vere tilfeldig, men det kan også vere eit trendskifte, sa Vareide.
Artikkelen held fram under annonsen.
Forskaren trekte fram at talet på arbeidsplassar i Seljord veks raskare enn på landsbasis. I næringslivet i Seljord har det blitt nesten 20 prosent fleire arbeidsplassar sidan 2000. Det er best av kommunane i Øvre Telemark. I det offentlege har det nesten ikkje vore vekst.
Seljord har hatt meir innflytting enn veksten i arbeidsplassar. Dermed ser det ut til at Seljord er ein attraktiv stad å bu, og har vore det over lengre tid, sa Vareide.
Utviklinga i Seljord dei siste ti åra har vore veldig bra, konkluderte han.
Viktig å hjelpe naboen
Forskaren gav også råd om korleis kommunane kan bli meir attraktive som bustad, for bedrifter og for besøkande. Vareide trekte mellom anna fram stimulering til bustadbygging, sosiale møtestader og sentra, kommunikasjon for pendlarar og å ta vare på innvandrarane.
Dessutan er det viktig å hjelpe naboen til arbeidsplassvekst. Det er det ikkje alle som skjønar, sa Vareide og viste til at mange i dag pendlar frå heimkommunen til jobb i ein annan kommune.
For å bli attraktiv for bedrifter peikte Vareide mellom anna på at det er viktige å støtte eksisterande bedrifter. For besøk trekte han fram at eigne innbyggjarar er viktig, og at hytteinnbyggjarar er ein sikker vinnar.
Ei hytte kan reknast som ein kvart innbyggjar. Fire hytter gjev ein innbyggjar, biletgjorde Vareide.