Bankpakka er veldig positiv
Banksjef Gunnar Eilefstjønn er positiv til regjeringas bankpakke på til saman 100 milliardar kroner. Men han veit ikkje om Seljord Sparebank får høve til å hente inn statlege pengar for å kunne auka utlåna eller om banken har for høg eigenkapital.
Eigenkapital som kjernekapital utgjer 12,91 prosent hjå Seljord Sparebank, medan finansminister Kristin Halvorsen har utforma reglar knytt til bankpakka som set ei grense på 12,0 prosent for å kunne hente inn kapital frå statskassa.
Eit alternativ Eilefstjønn peiker på kan vere å auke frå 15 til 35 prosent med såkalla hybridkapital som tel på line med kjernekapital. Ei slik løysing vil tilføre Seljord Sparebank om lag 17 millionar kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg må få studere detaljane som er sett som vilkår for at me kan nytte oss av den nye bankpakka, men eg er veldig positiv til pakka og storleiken på ho, seier Gunnar Eilefstjønn som trur det tek to år før den økonomiske nedturen er over.
Regjeringa er delt inn 100 milliardars pakka i to like store bolkar; 50 milliardar går til oppretting av Statens obligasjonsfond, medan 50 milliardar kroner går til eit nyoppretta Statens finansfond. Obligasjonsfondet, som Folketrygdfondet skal forvalte, har som mål å styrkje ein obligasjonsmarknad som har tørka inn. Finansfondet skal vere med på å auke bankanes soliditet. 50 milliardar kroner gjer det mogleg for bankane å auke utlåna med mellom 400 og 500 milliardar ekstra.
Banksjef Eilefstjønn er viss på at tiltaka frå regjeringa medfører at marknaden i større grad vil fungere.
Utlåna bankane i mellom er også i ferd med å fungere att. Eg trur den statlege milliardinnsprøytinga var det som måtte til for å få meir normale tilhøve i låne- og kredittmarknaden, seier han.
Er Seljord Sparebank framleis meir restriktiv tidlegare med å innvilge lån og kredittar?
Me har heile tida tatt imot nye kundar, også nye bedriftskundar, men det er heilt på det reine at me er vesentleg meir restriktiv med engasjementa våre overfor denne kundegruppa. For eksisterande næringslivskundar har banken teke ansvar og vedlikehalde kapitalen, slik at dei som er råka av nedgangskonjunkturane overlever til dei får tørt land under beina når den økonomiske verda normaliserer seg att, fortel Gunnar Eilefstjønn.
Bankpakke II
Statens finansfond: Kapitalen på 50 milliardar kroner kan bankane låne. Låna vert definerte som såkalla kjernekapital (eigenkapital). Det gjer bankane meir solide, slik at dei kan låne ut meir pengar. Bankane må betale renter på låna frå finansfondet. Renta aukast etter tri år. Dersom pengane ikkje er betalt attende innan fem år, vert låna gjort om til aksjekapital, slik at staten vert medeigar i banken.
Statens obligasjonsfond: Kapitalen er 50 milliardar kroner. Store bedrifter låner ofte direkte frå investorar ved å skrive ut obligasjonar. Obligasjonar er eit verdipapir som investorar kjøper frå bedrifta som i sin tur skal betale avtale rente og betale attende kjøpesummen etter ei avtala tid. Finanskrisa har gjort at få investorar vil kjøpe slike verdipapir, og mange bedrifter har problem med å refinansiere seg når dagens obligasjonslån forfell til betaling.