Distriktspolitikk er ikkje logikk
Mykje godt kan seiast om ekspressvegen, men det er langt mellom logikk og distriktspolitikk. I Vest-Telemark ligg produksjon og busetjing i stor grad langs E 134, og veg har med næringspolitikk å gjere, hevda Olav K. Vefald, distriktssjef i Norges Lastebileierforbund på vegmøtet på Notodden denne veka.
Det var Notodden landbruksforum som stilte spørsmål ved om dagens vegpolitikk er god nok for morgondagen. I eit fullsett auditorium på Notodden vidaregåande skule tørna tilhengjarar og motstandarar av ny ekspressveg som hovudkorridor mellom Austlandet og Sør-Vestlandet saman.
På vegne av transportnæringa uttrykte Olav K. Vefald glede over at tunnelen Århus-Gvammen er med i NTP, og at det er varsla bygging av nye Haukelitunnelar. I tillegg skal E 134 rustast opp gjennom Vest-Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Forkjemparane for ekspressvegen postulerar at all trafikken anten skal til Oslo eller Bergen. Interntransporten på stamvegen gjennom regionen er omfattande, minna Vefald om, og uttrykte uro over at rv 36 ikkje er nemnd i NTP.
Nicolai Østhus i Haukeliveiens Venner meinte at lokale særinteresser i Vest-Telemark gjer at det vert satsa på dagens E 134-trasé, og ikkje på ein ny ekspressveg. Han sa at ein stamveg skal binde landsdelane saman med stuttast mogleg avstand.
Statleg regulering
Etter mitt syn burde traséspørsmåla knytt til stamvegane avgjerast gjennom statlege reguleringsplanar og sentral planlegging. I dag er lokale interesser i urimeleg stor grad premissleverandørar for vegutbygginga. Heile det politiske Telemark har kjempa for tunnelen Århus-Gvammen og lagt føringar for ei gal totalløysing for eit framtidsretta aust-vest-samband, hevda Østhus.
Han karakteriserte det som utilrådeleg at kommunane i Vest-Telemark skulle vere i posisjon til å pleie eigne særinteresser i ei sak som vedkjem tri millionar nordmenn.
Eg kallar ekspressvegen eit solidaritetsalternativ som vil gje ein god og rask veg. Då må vesttelane gje avkall på kravet om at stamvegen skal innom fleire kommunesenter, sa Østhus, og fortalde at Haukeliveiens Venner ikkje kan godta at styresmaktene nektar å drøfte ekspressvegen.
Ta vare på semja
Edvard Mæland frå Seljord bad i ordskiftet Nicolai Østhus og hans ekspressvegvener ta «time out» og ikkje øydeleggje semja ein har oppnådd om vegprioriteringar i Telemark. Ei semje som gjev synlege resultat i NTP. Mæland oppmoda om at alle står fast på realiseringa av Århus-Gvammen.
Administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri gjekk til åtak på politikarane som han meinte hadde ei eiga evne til å gjere vegutbygging til lokalpolitikk.
Det viktigaste for politikarane er ikkje å verte valde, men attvalde. Difor må alle dei 165 stortingsrepresentantane ha ein liten vegbit dei har kjempa fram i møte med veljarane på heimebane, meinte Lier-Hansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortalde at næringslivet tapar milliardar av kroner på dårlege vegar, og at dette er eit stort handikapp i konkurransen med andre land.
Dei utbetringane av E 134 det vert lagt opp til i NTP er etter måten marginale i høve til trongen. Etter mitt syn kjem Telemark relativt dårleg ut nok ein gong. I beste fall kan ein vere mellomnøgd med det ein les i NTP, sa Stein Lier-Hansen.