E 134 må få nye tunnelar over Haukelifjell
Vest-Telemarkrådet meiner utviding av høgda i tunnelane på E 134 over Haukelifjell berre er ei mellombels løysing. Det trengst heilt nye tunnelar. Dei vil koste 1,3 milliardar kroner, og bør vere ferdige innan 2015.
Haukelivegen A/S og den politiske leiinga i Telemark fylkeskommune har i samarbeid med Statens Vegvesen lagt fram planar for heilt nye tunnelar over Haukelifjell. Nye tunnelar vil gjere E 134 til den kortaste vegen frå Vestlandet til Telemark.
Planen som blei presentert i Vest-Telemarkrådet tysdag, dreier seg om to nye tunnelstrekningar på til saman 22 kilometer frå Haukeliseter til Seljestad. Dermed unngår ein vêrutsette strekningar og dei bratte og svingete kneikane ned og opp frå Røldal.
Artikkelen held fram under annonsen.
I fylgje Børge Skårdal i Haukelivegen A/S sparer dei to nye tunnelane 600 høgdemeter og 12 kilometer. Lastebilane vil bruke 40 minuttar kortare tid på strekninga i høve til det dei gjer på dagens E 134-trasé.
Tunnelane er planlagde med ein køyretyhøgde på 4,5 meter, ljose og luftige og med stor vekt på tryggleik. Dersom framlegget blir realisert, vil dei brattaste og farlegaste parti på E 134 bli borte.
Folkemøte i Bø
Rådsmøte i Morgedal blei samd om at ein fyrst kjem med ei uttale om tunnelplanane etter folkemøtet i Bø 6. september om utbygginga av E 134 og Rv. 36. Vest-Telemarkrådet kjem saman 13. september, men ordførarane er innstilte på at denne vegsaka må dei halde varm.
Særleg er ein merksam på den faren som ligg i at E 134 over Haukelifjell kan bli nedprioritert på kostnad av riksveg 7 over Hardangervidda når brua over Hardangerfjorden er bygt.
Magekjensla seier at me framleis må stå hardt på for å sikre ein god og framtidsretta E 134 over Haukelifjell og opprusting av riksveg 36 frå Seljord til Grenland. Ei høgde på 4,2 meter i tunnelane held ikkje lenger enn ti år fram i tid, meinte regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes då han orienterte om vegsaka.
Framleis fullt trykk
Ordførar Arne Vinje greip ordet og poengterte kor viktig det blir framover å ha fullt trykk på denne saka. Han var oppteken av at Vegvesenet etter at høgda i dagens tunnelar er ferdig utvida neste år, ikkje seier at det då ikkje er trong for nye tunnelar.
Det me no får er berre tunnelar som held minstemål, understreka han.
I den framtidige utbygginga av stamvegnettet skil Vegvesenet mellom vegar som har ein trafikk på meir enn 3.500 køyrety i døgnet, og dei som er mindre trafikkerte. Korkje E 134 eller riksveg 36 nord for Bø har så stor døgntrafikk. 1.300 køyrety passerer Haukelifjell kvart døgn, medan telling i Øvre Bø syner 2.800 køyrety i døgnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her må me vere merksame. I Vest-Telemark kan me ikkje akseptere at Vegvesenet nedprioriterer eit vegsamband som er blant dei aller viktigaste sett frå ein samfunnsmessig synsstad. Her må det gjerast ein jobb for å hindre at både E 134 og riksveg 36 blir nedprioriterte for all framtid, sa Arne Vinje.
På folkemøte i Bø er dei fremste stortingskandidatane i Telemark invitert. Der vil dei bli utfordra til å syte for at desse viktige vegprosjekta for heile fylket kjem inn i Nasjonal Transportplan og er realiserte innan 2015.