Fellsingane Kim Andre Skåli (t.v.), Tengel Hellermyr, Helge Pedersen, Odd Henning Felle, Nils Gunnar Valle, Rolf Bjarne Felle, Tore Skåli og Sondre Felle Mathisen meiner bygdene må få nytte snøskuteren som eit sosialt tilbod.
Fellsingane Kim Andre Skåli (t.v.), Tengel Hellermyr, Helge Pedersen, Odd Henning Felle, Nils Gunnar Valle, Rolf Bjarne Felle, Tore Skåli og Sondre Felle Mathisen meiner bygdene må få nytte snøskuteren som eit sosialt tilbod.

– Ei lov heilt på trynet

Folk på Felle i Nissedal kommune meiner dagens motorferdselslov er heilt på trynet. Dei kan ikkje sjå at eit trivselstiltak som faste skutertraserar i bygdene kan vere eit problem.

Innbyggjarar på Felle i Nissedal kommune skulle ynskje at mange fleire enn dei byrja å reagere skikkeleg mot dagens motorferdselslov.

– Lova er heilt på trynet. Me klarer ikkje å sjå at det kan vere eit problem å køyre snøskuter på landsbygda. Ein av ikkje alt for mange fordelar på landet bør vere faste snøskuterlåmer. Og ei slik løysing kostar ikkje staten ei einaste krone, seier ein gjeng med fellsingar som VTB har møtt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjuk prioritering

Somme innbyggjarar på Felle har følt at dei har blitt forfylgde av politiet som er ute etter ulovleg køyring med snøskuter. Ved to høve denne vinteren har bygda hatt besøk av kontrollinstansar. Den eine gongen kom politi heilt frå Risør.

– Ein skulle tru politiet hadde nok å gjere i sørlandsbyen i staden for å vere på Felle. Prioriteringa om heller å kome her var heilt sjuk. Ein blir meir kriminell ved å køyre snøskuter enn ved mange andre lovbrot, ristar Felle-gjengen på hovudet.

Ein annan ting dei finn merkeleg er at staten tek inn avgifter på snøskuterar, men ein får ikkje lov til å bruke køyretøya. Dessutan registrerer dei at styresmaktene ikkje tenkjer i dei banar å gjere snøskuterkøyring lovleg i faste trasear.

– Sjå kva dei gjer i Sverige. Der er det mil etter mil med faste løyper der ein kan køyre snøskuter. Veldig mange nordmenn reiser dit for å kunne køyre lovleg og ha det triveleg, fortel fellsingane.

Mindre fyll

Dei meiner det er ein vits og tull å bruke eit argument om at snøskuterane forureinar. Vidare er det tøys at køyretøyet skremmer vilt.

– Viltet brukar snøskuterspora for å kome seg fram. Låmene har spart mangt eit rådyrliv, nemner ein av fellsingane som sikkert.

Det blir minna om at skuterspora forsvinn med snøen. Vidare synest dei det må vere bra at folk kjem seg ut i friluft, i staden for å sitte inne framom tv-en eller datamaskina. Dessutan meiner fellsingane at det blir mindre fyll blant unge om kvelden, om dei veit at neste dag ventar ein snøskutertur.

– Dei som vil køyre skuter er kjekk og fin ungdom, påpeikar ein av dei eldre fellsingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sosialt

Fellegjengen meiner motorferdselslova må vere laga av byfolk som har tatt seg ein bygdetur på ski og sett eller høyrd ein snøskuter.

– Det er merkeleg med dei som hatar snøskuter, og så elskar dei same personane å gå i dei oppkøyrde spora etterpå. Vidare hevdar politiet at snøskuterkøyringa er eit problem, men det må vere for politiet sjølve. Me ser ikkje noko problem med snøskuterkøyring under ordna forhold, seier fellsingane.

Dei undrar seg over at ved kysten kan folk køyre med båt så mykje dei vil, og ein kan bruke bil mil etter mil på vegane rundt omkring. Så går det ikkje an å ha snøskutertrasear på aktuelle område.

– Når ein ser alle dei vanvittige terrengområda på bygdene, må det kunne vere rom for å ha faste låmer med merka løyper. Snøskuterkøyring er eit kjempegodt trivselstiltak på bygdene. Det er viktig med sosiale innslag, avsluttar ein Felle-gjeng som håper motorferdselslova blir endra snarast mogleg.