Ei skikkeleg jolegåve for mange på Fjone
Det seier innbyggjar Solveig Dahle, etter at vidare drift av nærbutikken no er sikra. Bygdefolk har ei tid frykta at den snart 20 år gamle butikken skulle stengje dørene.
Det er i desse dagar 19 år sidan Ragnhild Haugstøyl og Kjellaug Pedersen byrja å drive eigen butikk på Fjone. For eitt år sidan gjorde helsa til at Pedersen måtte gje seg i jobben. Laila Heimdal, som hadde vore sommarhjelp i landhandelen i fire år, sa ja til eitt prøveår der ho delte på drifta saman med Haugstøyl. Heimdal skulle bruke tida for å finne ut om ho ville gå til steget å kjøpe halve eigardelen Pedersen har i butikken.
Svaret måtte kome før nyttår. I mellomtida gjekk folk på Fjone og venta i spenning om det framleis blei mogleg å handle i grenda, og også om ein viktig samlingsplass ville forsvinne. For Haugstøyl hadde sagt klart ifrå at det ikkje var aktuelt for henne å halde fram åleine. Det ville bli for mykje arbeid på ein person, og butikken kom til å bli lagt ned.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gjev ros
Men i den seinare tida har Heimdal bestemt seg. Ho kjem til å kjøpe seg inn i nærbutikken før nyttår, og blir å finne bak kassa framover.
Om ikkje eg hadde gjort dette valet, kunne det blitt fare for at butikken blei lagt ned. Eg har veldig vanskeleg for å sjå for meg Fjone utan butikk, det hadde vore trasig. Og sjå så triveleg ramme det er rundt butikken! Til dømes på luciadagen kom barnehagen og skulen og song for oss, smiler Heimdal.
Ho rosar Pedersen for å ha latt henne prøve seg med forretningsdrift i eitt år før ho måtte bestemme seg.
Og no er det klart. Eg blir verande i butikken, seier Heimdal.
Både ho og Haugstøyl fortel om ein triveleg arbeidsplass der dei møter mange hyggelege folk. Butikken er elles ein samlingsplass der bygdefolk til dømes no i joletider kjem innom med småkaker. Og sjølvsagt går det på kaffi under praten ved eit bord i hjørnet av lokalet.
Idealisme
Solveig Dahle går forbi oss der ho er i full gang med å handle. Ho smiler som ei sol når det blir snakk om at grendetilbodet er sikra vidare drift.
Det er bare heilt fantastisk at drifta held fram, og ein kjempeflott nyheit å få før jol. Me har jo lurt på korleis det ville gå med butikken, og eg var livredd for at tilbodet skulle forsvinne. Dette er ei skikkeleg jolegåve for mange på Fjone, seier ei synleg glad Dahle, medan ho ynskjer drivarane lykke til.
Både Heimdal og Haugstøyl er fullstendig klar over at nærbutikken aldri kan konkurrere med større forretningar som har store kjedar i ryggen. Og like klart er det at butikken på Fjone må ha eit visst tal kundar for å kunne eksistere i åra framover. Jentene fortel at dei ikkje kan vise til lønsemd ein blir rik av, men at det er idealisme som driv dei.