Er skisporten framleis i vogga?
Det er mange som etterlyser gode skiløparar frå Telemark. Kvifor ikkje satse meir på dei som er gode, slik at dei blir eit forbilde for andre langrennsløparar i krinsen, spør Bjørg Åse Byggland.
Debatten rasar i media i Telemark om årsakene til at me har få skiløparar i fylket som hevdar seg i toppen både nasjonalt og internasjonalt. Det blir etterlyst satsing frå skikrinsen, det blir etterlyst heilårsanlegg, og det blir etterlyst meir satsing på å utdanne trenarar og leiarar.
Bjørg Åse Byggland er bekymra for framtida til langrennssporten i fylket, og spør seg om kva som ligg i uttrykket skisportens vogge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Er me framleis i vogga, eller snakkar me om uttrykket frå vogge til grav i dette tilfellet, spøkjer ho.
Har gode løparar
Slik stoda er per i dag må Telemark kunne seiast å ha tri løparar frå Vest-Telemark som alle er med og kjempar om gjeve trofé i skisporten. Ånund Lid Byggland blei nummer fire i junior-VM sprint i 2009. Han blei også utteken og representerte Noreg i årets verdsmeisterskap, dessverre utan at han nådde heilt til topps. Magnus Krog, også han frå Høydalsmo, har tidlegare representert Noreg i kombinert, og det er framleis målet hans. Sindre Høgset frå Vinje var ein av Noregs representantar i Nordisk juniorlandskamp siste helga i januar, og er nok blant dei fem beste 18-åringane i landet i friteknikk. I tillegg er Pia Sofie Måbø frå Stathelle og Omegn IL topp ti i jenter 17 år.
Ta vare på
Dette viser at me har løparar som er på høgt nivå, og då stiller eg meg noko undrande til at me ikkje tek betre vare på dei. Skal me auke rekrutteringa er det viktig at dei yngre har løparar dei kan identifisere seg med og sjå opp til, seier Bjørg Åse Byggland frå Høydalsmo.
Bjørg Åse er mor til Ånund og det er i samband med representasjonsoppgåvene hans i junior-VM, at ho har gjort seg opp nokre tankar kring skikrinsens rolle i debatten.
I fjor sendte eg ein søknad til krinsen der eg spurde om det var mogleg å få økonomisk stønad til å sende Asbjørn Byggland, den mangeårige trenaren til Ånund, til VM. Bakgrunnen for det var å auke trenarkompetansen til Asbjørn ytterlegare, og på det viset tilføre meir kompetanse til Vest-Telemark. Eg kontakta også andre idrettslag i regionen, og det var berre støtte å få. Svaret frå krinsen blei nei. Eg føler at det sender nokre signal om at det ikkje er spesielt viktig for skikrinsen om me har løparar frå fylket som er på eit høgt nivå eller ei, sukkar Bjørg Åse og legg til at langrennskomiteen var positiv til søknaden.
Grunngjevinga for avslaget var at dei ikkje kunne stø enkeltpersonar av frykt for at det kunne kome mange tilsvarande søknadar.
Då får eg litt hetta fordi det er ikkje daglegdags at skikrinsen har løparar som deltek i verdsmeisterskap, smiler Bjørg Åse.
Symbolsk sum
Før årets meisterskap sendte ho på ny søknad, og også denne gongen fekk ho avslag. Beløpet ho søkte om var 3.000 kroner, og det var i grunnen ikkje pengane som var viktige. Også denne gongen fekk ho brei støtte frå andre lag i Vest-Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
For meg var det viktig å sjå om krinsen hadde tenkt seg litt meir om, men dei har i alle fall ikkje endra standpunkt. Eg er ikkje på noko vis sur for at søknaden ikkje blei imøtekomen, dette handlar eigentleg om kva standpunkt krinsen har. For meg er det uforståeleg at ikkje krinsen ser verdien i å ha løparar på høgt nivå, seier ho.
Prioritere annleis
I fylgje Byggland bør skikrinsen gjere nokre val og ha retningsliner å jobbe etter. Ho meiner vidare at dei bør setje seg meir inn i kva som krevjast for å bli ein toppløpar og dei bør ha ei målsetjing.
Før fusjonen med Vestfold, var det etter det VTB kjenner til, vanleg å stø enkeltutøvarar med eingongsbeløp opp til 15.000 kroner per sesong. I alle fall skjedde det på 90-talet og framover. Det er derfor grunn til å tru at det finst midlar i dag også om berre prioriteringane blir endra.
Om det viser seg at verken skikrins eller idrettskrins har pengar til å stø toppløparar, kan dei heller ikkje vente å få gode løparar. For Ånund sin del har han gode sponsorar frå Vest-Telemark i ryggen, og utan dei hadde det ikkje vore mogleg å satse slik han gjer. Skal han satse også som senior, vil han ha trong for stønad frå krins og fleire sponsorar, meiner Bjørg Åse.
Det er ikkje alle skiløparar som har rike foreldre, og det er kostbart å drive idretten. Er ein ikkje blant dei fem beste i landet må ein stort sett kjøpe alt av utstyr sjølv. Og eit skipar komplett med bindingar og slip kjem fort på 5.500 kroner. Når ein då veit at toppløparane har mange par, gjev det seg sjølv at økonomi er eit stikkord i denne debatten.
Må ha ei målsetjing
Om skikrinsen ynskjer å høgde nivået på løparane, må dei setje seg ned og tenkje seg om. Dei bør satse på å hente inn dyktige trenarar, og dei bør vere meir offensive i høve til å legge til rette for eit treningsmiljø for løparar som ikkje kjem inn eller ynskjer å gå på skigymnas. Det må leggast til rette for eigne team, og her må krinsen vere ein organisator, meiner Byggland, og dreg fram Audun Svartdal som eit aktuelt trenarnamn.
Ho er ikkje overtydd om at krinsen verkeleg ynskjer løparar på eit høgt nivå.
Det har vore lite å høyre til skikrinsen i denne debatten. Er ikkje det viktigaste no at me samlar oss alle saman og ser kva me kan gjere for å sikre framtida for langrennssporten i krinsen? Det må gjerast nokre val, meiner Byggland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire lokale renn
Ho oppmodar også klubbane i vestfylket om å arrangere skirenn i større grad enn det som er tilfelle i dag.
Etter samanslåinga trur eg nok klubbane i Aust- og Vest-Telemark har blitt skadelidande. Så lenge det nesten ikkje blir arrangert renn i desse delane av fylket, kan me ikkje vente at dei aller yngste blir å finne i skisporet. Det er ikkje bra for rekrutteringa, slår ho fast.
Ho meiner også at dei lokale renna faktisk er dei artigaste å vere med på for dei yngste.
Eg hugsar godt fyrste rennet Ånund var med i. Det var som sjuåring i Åmotsdal, og målet hans den gong var å ramle over målstreken og å drikke saft. Bjørn Dæhlie var det store forbildet, og han ramla som regel over målstreken heilt utkøyrt, hugsar ho.
Pressa økonomi
Fyrst av alt vil eg seie at me er stolte og utruleg glade for å ha ein løpar som Ånund i krinsen. Han er ein av dei som verkeleg har sjansen til å hevde seg i åra framover også som senior, seier leiar av Telemark/Vestfold skikrins, Johnny Mortensen.
Han legg også til at han har stor forståing for argumenta til Bjørg Åse Byggland, men han peikar på at krinsens hovudoppgåve er å ta vare på løparar fram til junioralderen. Deretter er det i større grad opp til klubbane og utøvarane sjølve.
Slik stoda er i dag har me rett og slett ikkje økonomi til å stø enkeltutøvarar eller støtteapparatet rundt dei. Me har ansvaret for mange idrettar, og med ein pressa økonomi kan me rett og slett ikkje seie ja til nokon utvalde, kommenterar Mortensen.
Elles er skikrinsen i gang med å planlegge for framtida, og nettopp mangel på eliteløparar i krinsen er eit tema som står på dagsorden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me skal ha eit møte saman med Høgskulen i Telemark, og då håper eg at me meir kan få definert rolla vår og kva me kan bidra med. Men me må tenkje på framtidig rekruttering, det er hovudmålet vårt, avsluttar Mortensen.