Etterlengta investeringar er no moglege
Kviteseid kommune har fått handlefridomen attende på grunn av stram økonomistyring. Etter at kommunen kom seg ut av svartelista til Fylkesmannen (Robek) i 2006, har økonomien vore imponerande solid.
Ordførar Torstein Tveito (Sp) fortel at perioden på svartelista til Fylkesmannen frå 2002 til 2006, på mange vis var lærerik. Både fylkeskommunen og Fylkesmannen var gode medspelarar i arbeidet med å få kommuneøkonomien friskmeldt.
Administrasjonen i kommunen har gjort og gjer ein veldig god jobb med økonomistyringa. No ber denne innsatsen frukter. Me har økonomisk handlefridom til investeringar, og vil også tilsette nokre fleire folk. 20 årsverk vart borte i kommunen i løpet av dei fire åra på Robek-lista, seier ordføraren.
Artikkelen held fram under annonsen.
I 2009 hadde Kviteseid eit netto driftsresultat på 12 prosent. Tri prosent er sett på fond, medan resten opnar for lenge etterlengta investeringar. I Kviteseid er fleirbrukshall til 53 millionar kroner under bygging. Reinseanlegget i Vrådal er nytt, og snart byrjar arbeidet med å ruste opp Vrådal sentrum. I Kviteseid sentrum vil fem bustadtomter verte klar i løpet av året.
Folketalet er ei utfordring. Difor er det viktig at kommunen har økonomi til å investere for å betre tenestetilbodet og elles skape trivnad, meiner Torstein Tveito.
Kviteseid på topp Tokke på botn
Kviteseid kommune fekk i 2009 eit netto driftsresultat på 12 prosent, og hamna heilt på toppen av kommunane i Telemark. Tokke enda på nest siste plass med eit negativt resultat på 1,1 prosent.
Forskar Audun Thorstensen ved Telemarksforsking har saman med Fylkesmannen sett på den økonomiske situasjonen i 2009 for kommunane i fylket basert på førebelse Kostra-tal.
Tala fortel at dei er imponerande flinke med den kommunale økonomistyringa i Kviteseid. Dei har oppnådd gode resultat dei siste tri åra. Dette er ein kommune som ikkje har spesielt romslege inntektstilhøve samanlikna med til dømes kraftkommunane i øvre del av fylket, påpeiker Thorstensen.
I fjor fekk Kviteseid eit netto driftsresultat på 21,5 millionar kroner, medan Tokke gjorde det dårlegast av kommunane i Vest-Telemark i 2009 med eit underskot på 2,3 millionar kroner. Også rekneskapen i Seljord viste raude tal på botnlina ved utgangen av fjoråret med eit underskot på om lag 1,25 millionar kroner.
Elles merker eg meg at Tokke i løpet av dei siste tri åra har hatt den mest negative utviklinga i økonomien av kommunane i Vest-Telemark. Økonomisk har det òg gått feil veg i Seljord, nemner forskaren.
Økonomisk balanse
Netto driftsresultat er hovudindikatoren for økonomisk balanse i kommunane, og syner driftsoverskotet etter at renter og avdrag er betalt. Dermed er omgrepet netto driftsresultat eit utrykk for kva kommunen sit att med til avsettingar og nye investeringar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein «tommelfingerregel» seier at dette resultatet bør liggje på minimum tri prosent av det samla inntektene. I kommuneøkonomien vert tri prosent rekna som eit nullresultat om ein samanliknar med rekneskapsføringa i privat næringsliv. I 2009 klarte fire av seks kommunar i Vest-Telemark å komme over den magiske grensa på tri prosent. Berre Nissedal og Tokke fekk eit dårlegare resultat enn den tilrådde norma. I 2007 var alle kommunane i regionen over med god margin, seier Thorstensen.
Vinje held stillinga som «den rike onkelen» i regionen med 26,6 millionar kroner i netto driftsresultat i 2009. Overskotet har minka i høve til både 2007 og 2008 målt i prosent av driftsinntektene, men likevel karakteriserer Thorstensen kommuneøkonomien i Vinje som rimeleg stabil. Ingen av dei fem andre kommunane kan samanlikne seg med Vinje i storleiken på disposisjonsfondet. Nesten 45,8 millionar kroner har Vinje på dette fondet, medan disposisjonsfondet i Seljord er på knapt 6,2 millionar kroner.
Når det no er varsla innstramingar i pengebruken i Vinje, skuldast det eit rekneskapsmessig meirforbruk i driftsrekneskapen. Dermed enda 2009-resultatet på drifta med eit såkalla akkumulert negativt resultat som enno ikkje er dekt inn.
Frie pengar
Audun Thorstensen fortel at det ikkje er nokon norm på kva storleiken å disposisjonsfondet bør vere. Fylkesmannen meiner likevel at dette fondet bør minst vere på mellom fem og sju prosent av driftsinntektene. I Vest-Telemark er det berre Seljord som ikkje har nådd denne målsettinga.
Kva er disposisjonsfondet?
Dette er eit fond av oppsparte midlar som fritt kan nyttast til finansiering både til drift og investeringar. Storleiken på disposisjonsfondet i prosent av driftsinntektene er ein viktig indikator som fortel kor stor økonomisk buffer kommunen har i den løpande drifta si, seier forskar Audun Thorstensen.