Formidlinga skal vere ekte og heilstøypt
Vest-Telemark har ei sterk historie og eit merkenamn, men det må haldast vedlike. Museumsdirektør Dag Rorgemoen seier at det skal ligge kvalitet i botn for den formidlinga Vest-Telemark Museum (VTM) gjer. Arbeidet skal vere ekte og heilstøypt.
Nyvald leiar i fylkeskommunens hovudutval for kultur, Tor Erik Baksås (Sp) og fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp), vitja denne veka Vest-Telemark Museum i Eidsborg og Skieventyret i Morgedal. Dei to politikarane fekk ei grundig innføring i både organiseringa av VTM, og byggjeprosjektet i Eidsborg til om lag 75 millionar kroner.
Museumsdirektøren peikte på utfordringane som ligg i å ta vare på 72 antikvariske bygg og drifte 12 museumsanlegg med avgrensa økonomiske midlar. Dag Rorgemoen hevda bemanninga også er for liten til å løyse alle arbeidsoppgåvene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Museet har berre ei stilling til formidlingsarbeidet retta mellom anna mot skulane. Situasjonen er ikkje ideell, og me treng meir ressursar også i det pedagogiske arbeidet, fortalde museumsdirektøren.
VTM har særlege ambisjonar på to tematiske felt; folkekunst og skikultur. Folkekunsten har ein heilt spesiell tradisjon i Vest-Telemark. Museets samlingar vert mykje meir tilgjengelege når nybygget står ferdig i 2012. Ikkje minst studentane ved høgskulen på Rauland er flittige brukarar av folkekunstsamlinga, som er svært verdfull til både forsking, dokumentasjon og formidling.
Samlingane er ein ressurs
VTM sine samlingar er ein utruleg ressusrs. Eg ynskjer ikkje at dei berre skal vere for museets eigne folk. Difor gler eg meg til studiesalen som kjem i nybygget. Museet skal vere ein arena der kjeldene møter brukarane, opplyste Dag Rorgemoen.
Baksås og Bjaadal fekk elles vite at skikultur er eit felt Vest-Telemark har spela ei spesiell rolle i også utanfor regionen. På Skieventyret i Morgedal har VTM basen for forsking, dokumentasjon og formidling av skikulturen.
Det ligg føre fleire planar for å utvikle og styrke Skieventyret og Morgedals posisjon som den leiande plassen for formidling av skikulturen. Også internasjonalt får me merksemd. Skimuseet i Zakopane i Polen ynskjer samarbeid med oss, og det ynskjet vil me oppfylle, sa Tarjei Gjelstad, som er dagleg leier på Skieventyret, som frå 2003 vart ein del av VTM.
I løpet av vinteren skal Skieventyret byggje opp ei utstilling som syner utviklinga av ski frå 1930-åra og fram til i dag. Det vert ei mønstring Skieventyret er aleine om i landet.
Me har ein heilt sentral plass når det gjeld dokumentasjon av skihistoria, og det vert dessutan satsa mykje på å ta vare på og føre vidare dei gamle handverkstradisjonane knytt til skimaking og anna utstyr som høyrde med til skiaktivtetane i eldre tid, nemnde Gjelstad.
Næringsaktør
Skieventyret er også ein viktig aktør i næringsutviklinga i Morgedal. Dei skipar til skiskule for alle skulane i Telemark. Kring 700 ungar vil denne vinteren få ein dag med skileik, vitjing av Sondre Nordheims Øvrebø og innføring i skihistoria.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette er eit døme på ein måte å formidle kva Morgedal og Telemark har hatt å seie for utviklinga av skisporten. Eg ser gjerne at ein skidag i Morgedal vert obligatorisk for 5. klassane i heile fylket, fortalde Gjelstad.
Høgskulen i Bø sender studentar som har valt økoturisme som fag, til Morgedal med Skieventyret som fagleg tilretteleggjar.
I 2011 er det 100-års markering av Sydpol-ekspedisjonen der morgedølen Olav Bjaaland var sentral med mellom anna sin sledetekniske innsikt. Skieventyret vil lage ei utstilling i samband med jubileet. I februar rundar Norges Skiforbund 150 år. Det vil Skieventyret markere med ei stor skihistorisk utstilling i samarbeid med høgskulen i Bø. VTM vil samstundes gje ut ei bok som dokumenterer skihistoria.
Historiske løyper
Om ikkje lenge vert fire-fem naturlege løyper frå Øvrebø og ned i bygda lansert. Tarjei Gjelstad lovar ei spektakulær oppleving i løyper som har 500 meter fall i løpet av 1 kilometer.
Me har hogd og fått tilbake landskapet slik det var. Og kommunen har innvilga dispensasjon for snøskuterkøyring til toppen for dei som vil sette utfor. Skieventyret har dessutan utleige av skiutstyr lik det Sondre nytta, sa Tarjei Gjelstad.
Fylkesvaraordførar Lars Bjaadal seier til VTB at han likar det utadretta aktivitetstilbodet Skieventyret driv, samstundes som ein tek vare på og vidareutviklar tradisjonane.
I fylkespolitikken er eg ein pådrivar for løyvingar som kombinerer kultur og næring. Tilbodet i Morgedal heng i så måte godt i hop, seier Bjaadal.
Tor Erik Baksås seier at han etter museumsturen til Eidsborg og Morgedal er imponert over kva VTM får utretta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg har stor sans for samspelet mellom kultur, historie og næringsutvikling. Her ligg det eit stort potensial for utvikling, meiner Baksås.