Heidi Hamadi (SV), Gunn Olsen (Ap), Anja Hjelseth (Sp), Gustav Søvde (V), Dag Sele (KrF), Edvard Mæland (H) og Halvor Lognvik (Frp).
Heidi Hamadi (SV), Gunn Olsen (Ap), Anja Hjelseth (Sp), Gustav Søvde (V), Dag Sele (KrF), Edvard Mæland (H) og Halvor Lognvik (Frp).

– Framtida er ein kommune i Vest-Telemark

Edvard Mæland (H) frå Seljord meiner det er mest framtidsretta å slå saman dei seks kommunane i Vest-Telemark til ein kommune. Det var under det politiske ordskiftet på Vinjedagen i Åmot laurdag han målbar dette standpunktet.

Moglege regjeringskonstellasjonar etter stortingsvalet, og kommunestruktur var hovudtema i ordskiftet.

Sekvensen om framtidig kommunestruktur og om ei samanslåing av kommunar skal vere friviljug eller med statleg tvang, avslørte ikkje overraskande og ukjende standpunkt. Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og KrF ville ikkje bruke tvang for å få endra kommunestrukturen. Men partia hadde ikkje noko mot at kommunar slår seg saman, berre det skjer friviljug og i tråd med den lokale folkeviljen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lengst i å ville endre kommunekartet gjekk Edvard Mæland, nummer to på Høgres valliste. Han meinte det ville verte vanskeleg å få endra kommunestrukturen på friviljug basis.

– Eg trur motstanden mot å slå saman kommunar er størst hjå dei lokale politikarane. Innbyggjarane er ikkje så opptekne av kommunegrenser. Sjølv ser eg gjerne at Vest-Telemark vert slått saman til ein kommune, så får me diskutere lokaliseringa av kommunesenteret etterpå. Det er ikkje framtidsretta å tenkje seg samanslåing av to og to kommunar, meinte Mæland og etterlyste nokre gulrøter som fremma viljen til ei kommunestrukturendring før Stortinget eventuelt tok i bruk tvang.

– Samanslåing for dyrt

Halvor Lognvik avviste på vegne av Frp problemstillinga. Argumentet var at det vert mykje dyrare å drive storkommunar enn om dei små kommunane får drive vidare på eiga hand.

Gustav Søvde (V) meinte Stortinget måtte styre prosessen med å endre kommunestrukturen. Han tenkte seg at Stortinget fastsette talet på kommunar, men at det lokalt måtte vere ein friviljug prosess.

KrFs tredje kandidat, Dag Sele, såg for seg eit endå tettare interkommunalt samarbeid både i Vest-Telemark og i Midt-Telemark. Det kan godt ende med samanslåing, men Sele åtvara mot tvang.

– Høgre er garantisten

Edvard Mæland hevda at Høgre er garantisten for eit regjeringsskifte. Han ynskte seg primært ei fleirtalsregjering der alle dei borgarlege partia er med.

– Eg trur dei borgarlege partia vil kjenne ansvar for å danne ei regjering om valet endar med borgarleg fleirtal på Stortinget, sa Edvard Mæland, og understrekte at Høgre også kan samarbeide med Framstegspartiet.

Halvor Lognvik slo kategorisk fast at Framstegspartiet ikkje vil støtte ei borgarleg regjering dersom Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre set Frp på gangen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gustav Søvde frå Venstre såg for seg ei mindretalsregjering med Venstre, KrF og Høgre. Ei slik regjering vil søke støtte hjå båe sider for å skaffe fleirtal. Då vil Stortinget spele ei meir aktiv politisk rolle enn når ei fleirtalsregjering er seg sjølv nok, som han meinte den raudgrøne regjeringa har vore dei siste fire åra.

Tyngdepunkt i sentrum

Dag Sele, 3. plass på KrF-lista, såg for seg at ei ny regjering må ha tyngdepunktet i sentrum av det politiske landskapet. Han meinte ei mindretalsregjering ikkje ville vere ei ulykke for landet.

– Den store fordelen med ei fleirtalsregjering har me ikkje sett dei siste fire åra. Skilnaden er at omkampane og krangelen skjer bak lukka dører i regjeringskvartalet, medan Stortinget vert sitjande arbeidslaus, hevda Sele.

Telemark Arbeidarpartis 2. kandidat, Gunn Olsen, minna om ei sentrumsregjering slik Venstre draumar om, ikkje høyrer heime i røyndomen. Ho sa at valet står mellom ei raudgrøn regjering som vil halde fram utbygginga av velferda, og ei Høgre/Frp-regjering som vil rive ned velferdsordningane for folk flest og gje skattelette til dei som alt har nok.

– Valet står mellom Jens eller Jensen, sa Gunn Olsen.

Lært å vere audmjuke

Heidi Hamadi, SVs toppkandidat, måtte vedgå at partiet har lært seg å vere meir audmjuke med valkamplovnadene. I valkampen for fire år sidan lova SV å få bort fattigdomen og tilby elevane eit varmt måltid på skulen.

– Jamvel om desse sakene har synt seg meir krevjande og komplekse enn me trudde, er SV sin visjon framleis å avskaffe fattigdomen i Noreg. Han er uakseptabel. Den sitjande regjeringa har styrka kommuneøkonomien, auka bustøtta og lyfta minstepensjonen. Me er på veg. Difor treng me at det raudgrøne regjeringsalternativet får halde fram. Alernativet er privatisering som vil råke dei vanskelegast stilte i samfunnet, meinte Hamadi.

Taktisk røystegjeving

Senterpartiets stortingskandidat, Anja Hjelseth, åtvara mot taktisk røystegjeving valdagen. Ho sa at eit sterkt Senterparti er ein føresetnad for at den raudgrøne regjeringa kan halde fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har store ambisjonar om ein plass på Stortinget. Me slåss om utjamningsmandatet, og då kan ein ikkje røyste Arbeidarpartiet om ein ynskjer Senterpartiet representert på telemarksbenken, sa Hjelseth.

Sp-politikaren kom også inn på programmet til Frp der dei tek til orde for å fjerne eigedomsskatten på verk og bruk. Ho nemnde at ein slik politikk vil råke kommunar som Vinje og Tokke hardt i form av reduserte inntekter frå vasskrafta.

E 134-tunnelar

Edvard Mæland konstaterte at Gunn Olsen var nøgd med å køyre på dårlege vegar nærast utan asfalt. Høgre vil finansiere større vegprosjekt som OPS-prosjekt (offentleg-privat samarbeid).

– Det fyrste OPS-prosjektet, i ei regjering der Høgre er med, vil verte nye tunnelar på E 134 over Haukelifjell. I Nasjonal Transportplan (NTP) er prosjektet berre nemnt i ei bisetning. Me vil ha arbeidet i gang alt i komande stortingsperiode, forsikra Mæland.

Gunn Olsen repliserte at Mæland hadde skamløysas nådegåve når han snakka om vegar.

– Eg vil minne om at det vart ikkje mykje asfaltering når Høgre sat i regjering, hevda ho.