Ivar Hauklisæter er oppgjeven over Telemark fylkeskommune som ikkje gjev rom for endringar av bygningane på Rui. Han må truleg sjå langt etter hjelp til restaurering.
Ivar Hauklisæter er oppgjeven over Telemark fylkeskommune som ikkje gjev rom for endringar av bygningane på Rui. Han må truleg sjå langt etter hjelp til restaurering.

– Frustrert over fylkeskommunen

Lisette og Ivar Hukelisæter eig husmannsplassen Rui i Eidsborgberget i Tokke. Ivar oppmodar Telemark fylkeskommune om å stå for vedlikehaldet sidan dei har sterke meiningar om Rui.

Den vesle husmannsplassen Rui som klorar seg fast i Eidsborgberget har vore mykje besøkt gjennom åra. Sidan Rui-jentene, Ingerine og Gurine, døydde, har plassen stått tom. I 1993 overtok yngste son til Lisette og Ivar husmannsplassen. Han ynskte å utvikle staden til noko meir.

– Åsmund ynskte å gjere Rui til ein kunstnarstad med eige atelier og trykkeri. Han ville legge inn ljos, og stova ynskte han å byggje på slik at han kunne få plass til eit kjøkken, eit soverom, dusj og bad, fortel Ivar Haukelisæter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åsmund bur i Stavanger, og er verksmeister på Grafisk verkstad der han har ansvaret for trykking av litografi.

– Gav opp planane

Det skulle vise seg at det ikkje var enkelt å realisere planane han hadde for Rui, og etter kvart gav han opp heile prosjektet.

– Telemark fylkeskommune stoppa planane sjølv om staden ikkje er freda. Åsmund gav etter kvart opp, og han dreiv på denne tida og stelte opp eige hus i Stavanger. Det blei såpass kostbart at han ikkje ynskte å behalde Rui som han altså ikkje fekk gjere som han ynskte med. Dermed selde han husmannsplassen, seier Ivar.

Lisette og Ivar kjøpte

Det mangla ikkje på interesserte kjøparar, og det blei nemnd prisar i millionklassa. Ivar og Lisette ynskte ikkje at staden skulle forsvinne ut av familiens eige, og dermed kjøpte dei Rui.

– Sidan Telemark fylkeskommune gjer det så vanskeleg, og har meiningar om kva me kan gjere og ikkje, synest eg dei burde stå for restaureringa òg, meiner Ivar.

Treng restaurering

Taka på alle bygningane er ganske bra, men sjølve golvet i stova har trong for vøling.

– Det er bygd rett på bakken, og golvet er i ferd med å rotne. Golvet har nok sige nokre tommar dei siste par åra. Det er trist å seie dette, men det fristar ikkje noko særleg å stelle det heller når me ikkje kan gjere som me ynskjer. Nei, det hadde vore betre om fylkeskommunen tok seg av vedlikehaldet også når det skal vere på denne måten, seier Ivar Haukelisæter oppgjeven.

I tillegg til vedlikehald av bygningane krev også uteområdet sitt. Det blir både slått og rydding i løpet av sommarmånadane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mykje arbeid å halde plassen i god stand, det er liten tvil om det. Så eg må innrømme at eg har brukt svært mange timar på Rui, smiler den snart 84 år gamle mannen.

Det lukkast ikkje VTB å kome i kontakt med dei rette folka i Telemark fylkeskommune for å få ein kommentar til saka.

– Kanskje kan Tokke kommune vere interessert i å hjelpe til med restaureringa. Det er ei av målsetjingane til kommunen å satse på turismen, og dermed bør dette vere aktuelt, avsluttar Haukelisæter.