Full siger for distrikta
Stortinget vil gje full og varig kompensasjon til regionar som får auke i arbeidsgjevaravgifta. Vest-Telemark ser likevel ut til å kunne nytte seg av ordninga med transportstøtte. Vidare blir det vurdert kompensasjonstiltak for reiselivsnæringa. Men fyrst av alt bed stortinget regjeringa prøve å få utsett avgiftsauken som eigentleg skal gjelde frå nyttår. Semja i stortinget gjev vesentlege forbetringar for distrikts-Noreg, seier stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen. Resultatet er nesten full siger for distrikta og i overkant av det eg hadde venta, seier Vinje-rådmann Hans Kristian Lehmann.
Det er bare vel ein månad til kommunane i Vest-Telemark er varsla ein auke på 3,5 prosent i arbeidsgjevaravgifta. Kommunesektoren er lova full kompensasjon for auken, men det er verre for private bedrifter med rundt 20 tilsette eller fleire. Telemark har førebels ikkje blitt med i forslaget over dei som kan nytte seg av transportstøtte som kompensasjon.
Stortinget meiner det er for kort tid til å førebu gjennomføringa av auken og kompensasjonstiltak. Derfor blir det nå søkt ESA om ei utsetjing av nyordninga. Det er i tråd med oppmodinga frå kommunenettverkgruppa, som elles jobbar for at all avgiftsauke skal gå tilbake til distrikta det gjeld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er minst like interessant at stortinget meiner at regionar som får avgiftsauken, skal ha full og varig kompensasjon. Elles blir regjeringa beden om å vurdere endringar slik at fleire distriktskommunar kan nytte seg av transportstøtteordninga. Stortinget vil at det blir innført transportstøtteordning i område der avgifta aukar.
Vesentlege forbetringar
Dessutan blir regjeringa beden om straks å føreslå regelverk som så langt som mogleg vidarefører ordninga med gradert arbeidsgjevaravgift for verksemder som ikkje er i konkurranse med verksemder i andre EØS-land.
Det gjer at fleire bedrifter kan få behalde dagens ordning. Gradert arbeidsgjevaravgift må førast vidare så langt som mogleg. Semja som har kome i stortinget gjev vesentlege forbetringar for distrikts-Noreg, som får auka kompensasjonar, seier Sigvald Oppebøen Hansen (Ap), stortingsrepresentant for Telemark.
Stortinget er i tillegg ute etter tiltak som i større grad når bransjar som får lita nytte av dei føreslåtte kompensasjonstiltaka. Det blir mellom anna vist til reiselivsnæringa og transportnæringa. Elles blir reduksjonen i el-avgifta likevel ikkje rekna som kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift. Dermed stig kompenasjonsbeløpet med 145 millionar kroner.
Stortinget bed vidare regjeringa ha eit aktivt engasjement for å auke forståinga i EØS-området om fordelane ved den norske ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift, framfor andre og mindre målretta tiltak. Høgre, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre er framleis einige om at gjeldande ordning med regionalt differensiert arbeidsgjevaravgift er det mest velfungerande og målretta verkemiddel dei har i distriktspolitikken.
Kva skjer eigentleg ved nyttår?
Spørsmålet etter at stortinget har instruert regjeringa er kva som skjer ved nyttår.
Om det blir avgiftsauke kjem an på kor fort finansdepartementet får svar på spørsmålet om ei utsetting av nyordninga. Fyrst og fremst er det viktig med ei slik utsetjing. Det er ikkje sikkert kommunane i Vest-Telemark får auka arbeidsgjevaravgift frå nyttår. Elles er det absolutt aktuelt at grisgrendte strøk i Telemark også får nytte seg av transportstøtte, svarar Oppebøen Hansen.
Uansett om det blir endringar i arbeidsgjevaravgifta frå nyttår, er det godkjent ei overgangsordning der auken på 3,5 prosent skjer over tri år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nesten full siger
Då det blei kjent at mange kommunar ville få auka arbeidsgjevaravgift frå nyttår, var ikkje dåverande Vinje-ordførar Børre Rønningen sein med å kaste seg rundt for å mobilisere til kamp mot nyordninga. Han blei valt til leiar i ei kommunenettverkgruppe som omhandla fleire fylke. Vinjerådmann Hans Kristian Lehmann har også vore med som aktiv medspelar i nettverkgruppa. Han er svært nøgd med at stortinget har tatt innspela til kommunenettverket seriøst.
Slik saka ligg nå etter at stortinget har sagt sitt, er det nesten full siger for distrikta og i overkant av det eg hadde venta. Telemark får meir midlar i kompensasjon og nå er det opna for at verksemder i Vest-Telemark kan få transportstøtte. Stortinget har lagt veldig mange bra føringar for arbeidet vidare, seier Lehmann.
Han meiner resultatet viser at med gode argument er det mogleg å nå fram hos politikarane. Og kommunane og fylka blir mykje sterkare om dei står saman i ei sak, erfarer Lehmann.
Vil sjå det svart på kvitt
Førebels får ikkje Telemark Kildevann nytte seg av transportstøtteordninga, medan hovudkonkurrenten Lerum i Sogndal kan rekne med å ta ut åtte millionar kroner av kompensasjonsordninga. Med vedtaket stortinget nettopp har gjort, meiner Bjørn Bunæs, eigar av brusfabrikken i Fyresdal, at situasjonen er snudd til det positive.
Men eg trur ikkje på at me likevel får transportstøtte før eg ser det svart på kvitt, kommenterer Bunæs.