Gav frå seg gratisreklame i millionklassa
Den utflytta nissedølen, Erik Dale, meiner kommunen sov i timen då fjernsynsprogrammet 71 grader nord var på besøk.
Her sender eit profilert fjernsynsprogram halvannan time tri måndagar på rad frå den flotte naturen me har i Nissedal. Og kommunen ser ikkje potensialet i kva dette kunne blitt bruka til. Det er ikkje profesjonelt nok, det var for slapt og kunnskapslaust, seier ein oppgjeven Erik Dale.
Dale voks opp i Nissedal, men flytta ut av kommunen for 23 år sidan.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men eg er nok over snittet engasjert i kommunen og særskilt Fjone der eg eig ein gard og ferierar ofte, seier Dale.
God profil
Dale meiner at Nissedal kommune burde ha sett at dei hadde ein kjempesjanse til å profilere det dei har å tilby av vakker natur.
Eg trur ikkje kommunen har forstått at dette faktisk var ei gratisreklame i millionklassa. Hadde ein skulla engasjert eit byrå til å lage ein reklamefilm for å syne fram det flotte ein finn her, hadde det kosta mykje pengar, seier han.
Kjendisane vitja det vakraste kommunen har, mellom anna Nisser og Hægefjell, og det er nettopp desse eigenskapane som kommunen ynskjer å bli assosiert med og turistaktørane nyttar i marknadsføringa av kommunen som destinasjon, seier Dale
Han trur alle andre kommunar rundt om i landet vil misunne Nissedal eksponeringa som vart synt på fjernsynsskjermen desse måndagane.
Eg blir rett og slett bare lei meg når eg såg at det ikkje vart utnytta betre, avsluttar Dale.
Kommunen føler dei har gjort det dei har midlar til
«Følg med når kjendisane klatrar i Hægefjell», står det på heimesida til Nissedal kommune med direkte link til fjernsynsprogrammets nettside, elles finn ein ingen informasjon om fjernsynsproduksjonen som skjedde i fjor haust.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rådmann i Nissedal, Sverre Sæter, seier det ikkje slik at kommunen ikkje har nytta seg av reklameverdien frå fjernsynssendingane.
Eg føler me har gjort det me har kunna i samband med dei midlane me har tilgjengeleg. Programma i seg sjølv er god reklame for Nissedal, og spesielt Fjone, og det trur eg alt gjev effekt, seier rådmannen.
Han fortel at ordførar, Anne-Nora Dahle, vart kontakta av produsenten bak 71 grader nord i fjor.
Ho fekk då greie på at dei ynskte å kome til Nissedal, og undra på om kommunen kunne vere med og leggje til rette for innspelingane. Det vart gjort eit politisk vedtak som mellom anna førte til at kommunen betalte losji for filmselskapet under besøket. Det vart også sett av midlar til å hjelpe til på den administrative sida av innspelinga, fortel Sæter.
Rådmannen peikar også på at Tone L. Reinholt, som er tilsett innanfor turisme og reiseliv i Nissedal kommune, har gjort ein flott innsats for å spreie informasjon om at Nissedal har vore i fjernsynsruta.
Ho har nytta facebook, vore i kontakt med Telemarkreiser for å få profilert besøket på deira nettsider og Reinholt har også vore i kontakt med ulike turistinformasjonar i området. Eg har høyrd at Hægefjell nå har blitt kalla 71 grader fjellet, så eg føler me har fått mykje ut av besøket, seier rådmannen.