Eva Skaiaa (f.v.), Ingebjørg Sælid, Jofrid Sandsdalen, Lita Sandsdalen, Torhild Aarhus, Gry Lundeberg, Sabina Sejfié, Mona Hjertås og Gjertrud Sørensen var på stiftingsmøtet til lokallaget av Mental Helse for Kviteseid og Seljord tysdag for ei veke sidan.
Eva Skaiaa (f.v.), Ingebjørg Sælid, Jofrid Sandsdalen, Lita Sandsdalen, Torhild Aarhus, Gry Lundeberg, Sabina Sejfié, Mona Hjertås og Gjertrud Sørensen var på stiftingsmøtet til lokallaget av Mental Helse for Kviteseid og Seljord tysdag for ei veke sidan.

– Godt å koma saman

– Det er godt å koma saman og dele erfaringar med menneske som skjønar korleis ein har det.

Det seier kvinnene i det nyetablerte laget av Mental Helse for Kviteseid og Seljord.

– Om ein av oss har ein dårleg dag og ikkje orkar å kome på eit møte eller ei tilstelling, vil dei andre i laget ha forståing for det. Me trur Mental Helse kjem til å bli ein møtestad der me kan slappe av og kjenne oss heime fordi me tør å vera oss sjølve. Me ser også fram til å møte andre menneske med psykiske vanskar. Det blir godt å koma saman og dele tankar og synspunkt med menneske som sjølv har følt på kroppen korleis det er å ha angst eller andre psykiske vanskar, seier kvinnene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gode framtidsutsikter

Tysdag for ei veke sidan var det stiftingsmøte for lokallaget av Mental Helse i Kviteseid og Seljord. Avgjerda om å etablere eit lokallag blei gjort på grunnlag av erfaringane psykiatrikoordinator Lita Sandsdalen i Seljord og psykiatrisk sjukepleiar i Kviteseid, Åse Vestgården, hadde hausta.

– Både Åse Vestgården og eg kjende til ein del menneske i Kviteseid og Seljord som kunne ynskje det var eit lokallag av Mental Helse i bygda si. Eitt lokallag i Seljord og eitt i Kviteseid ville bli små. Men saman er me store nok, tenkte me, fortel Lita Sandsdalen.

Mental Helse er ein organisasjon i kraftig vekst i Noreg.

– Det er vel den organisasjonen som veks kraftigast i landet. Laget vårt ser difor ut til å ha veldig gode framtidsutsikter, smiler Sandsdalen.

– Ja, det kan du sanneleg seie, ler kvinnene.

Samansette vanskar

På stiftingsmøtet sist tysdag tok kvinnene opp ulike tema relatert til psykisk helse.

– Den seinare tida har det skjedd noko med folks allmenne oppfatning av det å ha psykiske vanskar. Psykiske lidingar blir snakka meir om og er nok meir godtekne nå enn for bare nokre år sidan. Når det er sagt, har me framleis mykje å gå på. Det er her Mental Helse har ein kjempeviktig jobb å gjera. Både for menneske med psykiske vanskar, men også for dei pårørande, påpeikar Lita Sandsdalen.

– Ein føler ofte at psykiske vanskar ikkje skal snakkast om, men heller dyssast ned, seier ei av kvinnene.

– Dess meir open ein kan vera dess betre er det. Det har eg sjølv erfart, seier ei anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg brukar så mykje tid og krefter på å tenkje. Då føler eg meg så egoistisk, seier ei kvinne.

– Kanskje er det akkurat det du treng. Å bruke tid på deg sjølv. Når du brukar tid på deg sjølv og får systematisert litt tankar, blir du truleg i betre stand til å bruke tid på dei rundt deg òg, svarar ei anna.

Høgare terskel for mennene

Menneske med psykiske vanskar har ofte samansette problem.

– Fysiske vanskar kan gje utslag i psykiske lidingar. Spesielt smerte over lang tid kan føre til psykiske problem. Det same kan store belastningar på det emosjonelle plan. Kan hende ein har fortrengt vanskelege tankar eller påteke seg for mykje ansvar. Problema er svært ulike og ofte samansette, opplyser Sandsdalen.

Menn har vanskelegare for å sjå at dei har problem samanlikna med kvinner.

– Mennene er tyngre å få i gang. Dei har oftast ein veldig høg terskel, og blir som regel verkeleg kleine før dei gjer noko. Dei slit i årevis og prøvar oftare enn oss kvinner å døyve smertene, til dømes med alkohol. Kvinner og menn er forskjellig utrusta, seier ho.

Inviterer til fest

Fredag blir Verdsdagen for psykisk helse markert over heile landet. Målsetjinga med Verdsdagen er å fokusere på den psykiske helsa vår og tydnaden av å vere open. I år er temaet «brukarar og tenester».

Torsdag og fredag skal Mental Helses lokallag i Kviteseid og Seljord syne seg fram. Torsdag har dei stand i Seljord og fredag er dei i Kviteseid. Desse to dagane skal medlemene snakke med folk og markere at lokallaget også har etablert seg i Kviteseid og Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdagskvelden arrangerer lokallaget fest på Granvin i Seljord. Der blir det«konsert på blå resept», loddsal, musikk og dans, mat og sosialt samvær.

Mental Helse Noreg

* Mental Helse Noreg er ein landsomfattende helse- og sosialpolitisk brukar- og pårørandeorganisasjon med lag i alle landets fylke og lokallag i kommunane

* Organisasjonen er politisk og religiøst uavhengig

* Mental Helse Noreg er 25 år i år

* Lokallaget i Kviteseid og Seljord kjem til å arrangere mellom anna turar, joleverkstad og faglege føredrag