Godtek ikkje diktat frå politiet
Ordførarane godtar ikkje at dei seks kommunane i Vest-Telemark berre skal ha ein ordførar og ein byråkrat med i gruppa som arbeider vidare med politistrukturen i regionen. Eit arbeid som skal munne ut i ei tilråding til politimeisteren i juni. Me aksepterer ikkje brevet frå lensmann Geir Kjartan Lid. Kravet er at alle kommunane er representerte i gruppa til Lid. No krev me eit hastemøte med politimeister Anne Rygh Pedersen før det er aktuelt med kommunal deltaking i det vidare arbeidet om organiseringa av polititenesta, seier ordførarane Torstein Tveito i Kviteseid og Olav Urbø i Tokke.
Rådet avvisar invitasjonen til at berre ein politikar og ein byråkrat skal representere dei seks kommunane i gruppa som skal kome med endeleg framlegg til politimeisteren.
Kviteseid-lensmann Geir Kjartan Lid har ansvaret for å føre vidare prosessen med strukturen på polititenesta i Vest-Telemark. I eit brev til kommunane ber han dei peike ut ein politikar og ein byråkrat til arbeidsgruppa. I tillegg ynskjer han ein representant frå næringslivet i regionen. Lid tek sikte på å ha klar ei innstilling til politimeisteren kring 1. juni.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tysdag hadde Vest-Telemarkrådet (VTR) ei eiga sak om organisering av politiet i regionen. Invitasjonen frå lensmann Geir Kjartan Lid om deltaking i arbeidsgruppa han leiar, vart samrøystes avvist av rådet. Ordførarar og rådmennene krev eit snarleg avklaringsmøte med politimeister Anne Rygh Pedersen.
Ordførar Arne Vinje (SV) i Vinje karakteriserte prosessen kring politiets struktur i Vest-Telemark som rar og flytande.
Endra mandatet
Me opplevde at arbeidsgruppa som lensmann Bjørn Håvard Olsen i Tokke leia, valde å sjå heilt bort frå mandatet, og definerte oppgåva på ein heilt annen måte. Det enda med framlegg om å slå saman lensmannskontora i Kviteseid, Tokke og Vinje, medan Seljord vart halde utanfor. Difor meiner eg me må ha eit møte med politimeisteren før me kan gå vidare i saka. Det er mykje som heng i lufta og treng ei avklaring, meinte Arne Vinje.
Ordførar Solveig S. Abrahamsen (H) i Seljord fylgde opp og uttrykte undring over at det i rapporten ikkje er gjeve svar på mandatet. Ho reagerte på gruppas handtering av Seljord lensmannskontor.
Nei til diktering
Me aksepterer ikkje brevet frå lensmann Geir Kjartan Lid, og kan ikkje la oss diktere av at heile regionen berre skal vere representert med ein politikar, ein byråkrat og ein frå næringslivet. Enno er ikkje Vest-Telemark ein region. Difor må me krevje at alle kommunane vert representerte i det vidare arbeidet Kviteseid-lensmannen legg opp til, meinte ordførar Torstein Tveito (Sp) i Kviteseid.
Ordførar Olav Urbø (Sp) i Tokke var samd i at brevet frå politiet må avvisast. Han gav uttrykk for skepsis til fråvær av politi i nokre kommunar. Urbø meinte det er kvardagskriminalitet og førebyggjande arbeid som vert lidande om lensmannskontor vert stengde.
Det lukkast ikkje VTB i går å få kontakt med lensmann Geir Kjartan Lid og politimeister Anne Rygh Pedersen for kommentar. Båe var opptekne i møte.