Dag Svartdal (KrF, t.v.) og Jan Sollid Tveit (Frp, t.h.) var samde med Magne Reinstaul i synet på reguleringsplanen for Dyrskuplassen.
Dag Svartdal (KrF, t.v.) og Jan Sollid Tveit (Frp, t.h.) var samde med Magne Reinstaul i synet på reguleringsplanen for Dyrskuplassen.

– Grovt overtramp mot grunneigarar

Fleirtalet i planutvalet i Seljord kunne ikkje stille seg bak føresegner i reguleringsplanen for Dyrskuplassen, og utsette saka.

Magne Reinstaul (H) var den som fyrst tok ordet då planutvalet i Seljord torsdag handsama reguleringsplanen for Dyrskuplassen. Han reagerte på ordlyden i føresegnene om bevaring av bygningar og kulturminne, og sa klart frå at han ikkje kunne stille seg bak ein plan med så sterke føringar i høve til grunneigarane.

I føresegnene heiter det mellom anna at bygg som ligg i spesialområde «Bevaring av bygningar» inngår i verneføremålet og at «det ikkje er høve til å oppføre nye bygg innan området».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje noko poeng å søkje dispensasjon eingong. Dette er eit grovt overtramp mot den private eigedomsretten, og det kan ikkje eg vere med på å godkjenne. Me kan ikkje leggje så firkanta føringar, sa Magne Reinstaul som fekk raskt fylgje av fleire.

– Dette er ekspropriering utan at grunneigarane får fem øre. Denne ordlyden får ganske alvorlege konsekvensar for grunneigarane, heldt Reinstaul fram.

Til Fylkesmannen

Han trekte fram at reguleringsføresegnene ville binde grunneigarar heilt og ikkje gje noko sjanse til å gjere noko på eigedomen. Anten det er å setje opp ei reiskapsbu eller byggje kårbustad. Reinstaul fekk med seg fleirtalet i utvalet på å få inn at det skal vere mogleg å halde fram med eksisterande landbruksdrift på eigedomen og tillate at det blir sett opp bygg. Utvalet poengterte at Fylkesmannen framleis vil få tilsendt alle saker, men at det er opp til grunneigar å registrere kulturminne og søkje om tiltak innanfor verneføremålet.

– Fylkesmannen vil få alle sakene, men grunneigarane får moglegheit til å søkje, sa Reinstaul.

– Eg er glad me har nokon som er så vakne på vegne av grunneigarane, sa utvalsleiar for dagen, Solveig Gotehus (KrF).

Det blei frå administrasjonen påpeikt at planen har vore til offentleg ettersyn. Reinstaul poengterte at han i tidlegare møte hadde tatt opp problemstillinga, men at han venta det ville kome innspel frå grunneigarar når planen var ute til høyring. Det har det ikkje kome.

Administrasjonen i Seljord kommune skal no diskutere desse punkta med plankontoret Hallvard Homme AS og kulturminneavdelinga hos Fylkesmannen.

Reinstaul reagerte også på at Dyrsku’n skal nytte seg av eit område heilt inntil eit bustadhus, og meinte dei heller kunne bruke område ved tivoliinngangen. Også dette blir det no sett på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Langt arbeid

Det blei lite diskusjon om andre tema i reguleringsplanen. Det har vore mange møte mellom grunneigarane rundt Dyrskuplassen og Dyrsku’n. Dei to partane, minus to grunneigarar har kome med ei felles uttale til den føreslegne reguleringsplanen, og teknisk sjef Kåre Groven uttala at merknadane som har kome i stor grad har blitt imøtekomne.

Det har i mange år blitt arbeid med ny reguleringsplan for Dyrskuplassen. Magne Reinstaul meinte det ikkje gjorde noko om det blei arbeidd nokre veker til, før planen kjem tilbake til planutvalet i starten av juni, før han endeleg blir vedtatt av kommunestyret seinare same månad.

Usetjinga av reguleringsplanen blei vedtatt med seks mot ei røyst.