– Me må sleppe angrep om at kalk er farleg sidan det gjev overbefolka fiskevatn. Løysinga er at grunneigarane let vere å vanskjøtte vatna sine, og syter for å fiske nok, seier John Straume, leiar i fiskeutvalet i Kviteseid Jeger- og Fiskerforening.
– Me må sleppe angrep om at kalk er farleg sidan det gjev overbefolka fiskevatn. Løysinga er at grunneigarane let vere å vanskjøtte vatna sine, og syter for å fiske nok, seier John Straume, leiar i fiskeutvalet i Kviteseid Jeger- og Fiskerforening.

– Grunneigarane må gjere fiskeoppgåva si

John Straume i Kviteseid Jeger- og Fiskerforening har lite til overs for utspel frå kalkemotstandarar. Etter som staten har gjort sitt med å gje pengar til kalking, meiner Straume det er på tide at grunneigarane skjøttar vatna sine.

John Straume er leiar i fiskeutvalet i Kviteseid Jeger- og Fiskerforening. Han reagerer kraftig på utspel i lokalavisa om å stoppe kalkinga i overbefolka fiskevatn for å få opp storleiken på auren. Straume har registrert at grunneigar Kjell Audun Ålandsli i Fyresdal har vurdert å seie nei til kalking i vatna sine.

– Ålandsli kan jo bare la vere å søkje om pengar til kalking. Kviteseid Jeger- og Fiskerforening skal gjerne ta imot kalken i staden. Me får ikkje eit einaste øre frå staten til kalking av til dømes Sandtjønn. Sjølve har me bruka 50.000 kroner til kalk og same summen til fisk i det vatnet. Hadde ikkje medlemene vore så flinke og ofra ei helg i ferien for å få inn dugnadspengar under countryfestivalen, ville dette vatnet ha vore daudt, fortel Straume.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fine aurar i kalka vatn

– Når dei med forakt for skrivebordsfolk går rundt og trur dei skal få fisken større ved lågare pH-verdi, skjønnar ikkje eg noko. Marflo er viktigaste grunnen til at auren blir raud i kjøtet, men får trøbbel med å leve når pHen er under seks. Det er ikkje nok mat frå før av i vatna, så går somme med planar om å få fjerna endå meir av maten! Hadde fisken hatt pels, ville dyrevernarane gjeve lyd frå seg og meldt folk for mishandling, ristar fiskeutvalsleiaren på hovudet.

Han fortel korleis foreininga har fått fram eitt av dei beste fiskevatna i området. I 1981 var pH-verdien nede i 4,7 i Heivatn. I akkurat dette vatnet har staten bidrege, og etter ein million kroner frå den kanten, og dugnadsinnsats frå laget, er pHen oppe i 5,95. Snittvekta på auren er 500 gram.

– Med sportsfiske, kontrollert garnfiske og fortsatt vedlikehald med kalking, skal dette vatnet halde fram med å vere attraktivt i mange år framover, meiner Straume.

– Men då må me sleppe slike angrep om at kalk er farleg sidan det gjev overbefolka fiskevatn. Slike utspel er uheldige og verkar inn på politikarane. Dei som sit på pengesekken trur på villfaringa og sluttar å løyve pengar til kalk i utsette vatn, held fiskeutvalsleiaren fram.

Han minner om at kvart år er det kutt i kalkebudsjettet. På same tid registrerer han at det framleis er eit uhorveleg etterslep på å få restaurere vatn, noko han meiner bare kalken kan ordne opp i.

– Grunneigarane må fiske

Straume er krystallklar på at løysinga mot overbefolka fiskevatn rett og slett er å fiske. Han konstaterer at staten har gjort ein fantastisk jobb med å ha tatt miljøproblema i vatna alvorleg, og ytt mange hundre millionar kroner til kalking.

– Då er det ganske utruleg at grunneigarane klør seg i hovudet og undrar kvifor vatna er fulle av fisk når ingen fiskar. Sjølvsagt er det ein grunneigars suverene rett til å øydeleggje vatn han har. I staden for å kjøpe ferdigpakka fisk frå Peru, må han heller fiske i vatna sine. Når ikkje grunneigarane fylgjer opp og skjøttar vatna er eg einig i at pengane til kalking er bortkasta. Det er ikkje rart fiskevatna er overbefolka, seier Straume.

Om ikkje grunneigarane orkar sjølve, meiner Straume at andre må få sleppe til med garnfiske for å vere med og rette på stoda. Fiskeutvalsleiaren synest grunneigarane har vore alt for redde for å la andre få lov til å fiske med garn. Dermed har dei laga ris til eigen bak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss grunneigarane vil er det fullt mogleg å fiske nok for å få orden på problemet. Det krev arbeid, og vil dei som eig vatna ikkje gjere det sjølve, kan dei kontakte fiskeforeiningar eller andre for å få gjort jobben, seier Straume.

Han avsluttar med eit spark og ein tankevekkjar.

– Kalkingspengane har kome frå sportsfiskarar som har betalt fiskeavgift i årevis. Desse inntektene har blitt til ei gåve til folk som har vanskjøtta vatna sine.