Grunnlause skuldingar frå Senterpartiet
Listetoppane til FrP i Vest-Telemark er oppgjevne over utspelet frå Sp-toppane om at Vest-Telemark blir rasert med FrP-politikk. Useriøst og feil, meiner Tarjei Skræi, formann i Seljord FrP.
Jon Inge Nordbø og Torstein Tveito demonstrerar sin mangel på seriøsitet. Ved hjelp av eit fullstendig feil reknestykke hevdar dei at Vest-Telemark vil tape 40 millionar med FrPs politikk. Dette er riv ruskande gale, og har ingenting i ein seriøs valkamp å gjere, seier Tarjei Skræi, formann i Seljord FrP.
Det er lågmål som fyrar opp under fordommar om at FrP raserar bygdene, held han fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var i torsdagens utgåve av VTB at listetoppane for Senterpartiet i Nissedal og Kviteseid, Jon Inge Nordbø og Torstein Tveito, hevda at alle kommunane i Vest-Telemark ville tape om FrP sitt framlegg til statsbudsjett blir vedteke.
Framlegget betyr ei enorm forfordeling av sentrale kommunar og uttapping av distriktskommunar, sa Jon Inge Nordbø.
Mindre kroner i omløp
Tarjei Skræi er oppgjeven og meiner dei to svartmålar FrPs politikk utan å ha kunnskap om kva politikken handlar om.
FrP ynskjer ei heilt anna finansiering av grunnleggjande velferdsoppgåver. Me vil ha ein statleg finansiering av eldreomsorg, helse og skuletilbod. Kommunane skal vere ansvarleg for at tilbodet er der, men betalinga for tenestene skal bli halde utanfor kommunebudsjettet og koma som stykkprisfinansiering frå staten, forklarar Skræi.
På denne måten lyftar me store utgifter frå kommunebudsjettet, og fylgjeleg blir det mindre kroner i omløp i budsjetta, legg han til.
FrP vil gje eldre høve til å velje sjølve kva omsorgsheim dei vil bu på, og at betalinga for dette skal gå via dei lokale trygdekontora.
Slik sikrar vi eit skikkeleg tilbod til alle som treng omsorg ute i kommunane, meiner Skræi.
Styrka kommune-økonomi
Han synest det er på sin plass å påpeike at når Statistisk sentralbyrå bereknar deira alternative statsbudsjett er konklusjonen klar:
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunane får styrka økonomi med FrP, hevdar Tarjei Skræi, stikk i strid med Nordbø og Tveito sine framtidsspådomar.
FrP sin politikk er øydeleggjande for distrikta, hevda Tveito i VTB og meinte det ikkje var samsvar mellom Framstegspartiet sentralt og lokalt.
I fylgje Sp sitt reknestykke vil FrP sitt framlegg om å innlemme regionaltilskotet og basistilskotet til kommunane i det generelle innbyggjartilskotet føre til 40,9 millionar kroner mindre til Vest-Telemark, inkludert Hjartdal. Dei minste kommunane vil få størst minus, hevda Tveito og Nordbø.
Skræi minner om at dei to partia var med på å gje kommunane betre økonomi ved sist budsjettvedtak.
I fjor haust var nettopp Framstegspartiet med på å vedta at kommunane fekk 1,5 milliardar meir. Då røysta FrP saman med SV, Ap og Sp, seier Skræi.