Gimleelevane Jon Magnus Dahl (t.v.), Aleksander Michelsen Vik, Nikolai Mandt, Tone Kristin Vik Skomdal, Kari Kiland og Silje Nesland trur det er nesten umogleg å få alkoholen bort frå ungdomsskulen i bygda.
Gimleelevane Jon Magnus Dahl (t.v.), Aleksander Michelsen Vik, Nikolai Mandt, Tone Kristin Vik Skomdal, Kari Kiland og Silje Nesland trur det er nesten umogleg å få alkoholen bort frå ungdomsskulen i bygda.

– Har du lyst på ei fyllekule er det ikkje så veldig vanskeleg

Ei nyleg undersøking viser at 90 prosent av ungdomskuleelevane i Fyresdal har smaka alkohol. Ungdomskuleelevar meiner det ikkje er meir rus blant unge der enn andre stader. Dei vedkjenner på same tid at det ikkje er så vanskeleg å få seg ei fyllekule.

– Alderen for å byrje å drikke alkohol krabbar nedover. Det er vel slik i Fyresdal som i andre kommunar i Vest-Telemark.

Orda kjem frå Signe Bråstøyl, konstituert helsesyster i Rauland. Ho var ein av dei som heldt føredrag og snakka med ungdomskuleelevane i Fyresdal då dei hadde temadag om rus og helse. Bakgrunnen for tiltaket var alkoholbruken blant ein del unge i bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei nyleg undersøking blant alle ungdomsskuleelevane i Fyresdal viser at det er bare fire gutar og ei jente som ikkje har smaka alkohol.

– Men det vil ikkje seie det same som at alle dei andre har vore fulle, påpeikar seks ungdomsskuleelevar som har sett av litt tid for å snakke med VTB om rus blant unge.

Som andre stader

Åttandeklassingane Tone Kristin Vik Skomdal og Nikolai Mandt, niandeklassingane Kari Kiland og Alexander Michelsen Vik og tiandeklassingane Silje Nesland og Jon Magnus Dahl meiner det ikkje er meir rus blant unge i Fyresdal enn andre plassar.

– Det er ikkje narkotika her i alle fall, kjem det raskt frå ungdomane.

Dei fortel at det ikkje er eit veldig problem å få tak i alkohol i bygda.

– Alle i ungdomsskulen har blitt freista med fyll. Men seier du nei, skjønar dei det. Det er ikkje så ille med alkohol blant unge som andre vil ha det til. Problemet er ikkje så stort i ungdomsskulen. Ungdomane drikk ikkje kvar helg, fortel sekstetten.

Dei trur at unge debuterer tidlegare nå enn før med alkohol.

– Det var litt rart at nokon i 7. klasse hadde alkohol. Og så på skuletur då, kjem det frå ungdomane, etter at tolvåringar blei avslørt med alkohol ved eitt høve i haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje alle foreldre bryr seg

Blant dei seks ungdomskuleelevane blir det hevda at det ikkje er mangel på førebyggjande tiltak som gjer at ungdomen tek seg ein slurk eller åtte.

– Dei vil eksperimentere og vere med venner som drikk, seier sekstetten om årsakene.

– Har du lyst på ei fyllekule er det ikkje så veldig vanskeleg, held dei samstemte fram.

– Kvar er så foreldra midt opp i dette?

– Dei foreldra som er litt eldre trur eg er litt gammaldagse, og dei trur at ungdomane sit og et karamellar og anna. Dei tenkjer ikkje tanken om alkoholbruk blant eigne. Ikkje alle foreldre bryr seg heller, kjem det frå ein av ungdomane.

Sekstetten vedkjenner at dei har sett fleire medelevar fulle. Dagen derpå snakkar dei mellom anna om kor dumme dei var dei som hadde rusa seg. Kva skal ein så gjere med rusproblem blant unge?

– Det er nesten umogleg å få alkoholen bort frå ungdomsskulen. Då måtte det ha vore eit veldig godt tilbod å velje i staden, svarar dei seks ungdomane.

– Kanskje blir det mindre alkohol blant ungdomane i Fyresdal etter at me har hatt tema om rus, avsluttar dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vere litt meir skeptiske i dag

Både skulen, helse, sosial og barnevernet i Fyresdal sette rusproblem blant unge på dagsorden i førre veke. 80 foreldre deltok på eit ope møte der politifyrstebetjent Bente Hauger vitja bygda for å halde føredrag om rus. Hauger er fostermor til narkotikamisbrukarar, og har erfaring som barne- og ungdomsarbeidar.

Hauger fortel til VTB at ungdom som får alkohol av foreldra drikk dobbelt så mykje som andre. Og til tidlegare debuten er til større er sjansen til å gå over til stoff.

– Foreldre skal tru godt om eigne barn, men dei skal vere litt meir skeptiske i dag. Foreldre må vere litt nyskjerrige utan å gå over den grensa ikkje å ha tillit. Og det må vere konsekvensar om dei unge gjer noko gale. Har ungdomane lite ballast med seg heimanfrå er det vanskelegare når dei skal ut, seier Hauger.

Ein dag ho som fostermor ikkje fekk heim 15-åringen som avtala, byrja ho å undersøkje kvar jenta hadde blitt av. Noko seinare kom jenta tilbake, og såg på Hauger då fostermora fortalde at ho var uroa for henne.

– Du er den fyrste som har brydd seg om meg, svara jenta...

Hauger demonstrerte overfor elevane korleis ho og narkotikahunden Pluto jobbar saman. Elles på temadagen til skulen var det opplysningar om ulike rusmiddel og det vart snakka om jenter og rus.

Ungdomsskuleelevar som har noko på hjartet, men ikkje ynskjer å ta det opp med andre til stades, blei oppmoda om å sende slike vanskelege spørsmål på SMS til helsestasjonen i bygda.