Ellen Grøstad Barstad (t.h.) ved Nutheim Gjestgiveri fekk integreringsprisen for 2012 av ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen.
Ellen Grøstad Barstad (t.h.) ved Nutheim Gjestgiveri fekk integreringsprisen for 2012 av ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen.

– Hjartevarme, tålmod og empati

Ellen Grøstad Barstad fekk sundag integreringsprisen i Seljord for sitt bidrag til at mange har blitt inkludert i ein større fellesskap.

Det var ein audmjuk prisvinnar som takka for prisen som inkluderer 10 000 kroner og ein diplom.

– Eg veit ikkje om eg har fortent dette. Eg er heldig som får bli kjent med så mange hyggelege menneske. Det gjev meg mykje, så tusen takk, sa Ellen Grøstad Barstad då applausen i Granvin kulturhus hadde lagt seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også i private samanhengar

Då hadde alt ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen gjort greie for kvifor nettopp drivaren av Nutheim Gjestgiveri i Flatdal fortente å motta den fjerde integreringsprisen som blir delt ut av Seljord kommune og Seljord Røde Kors.

– Ho har med hjartevarme, tålmod og empati skapt eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Menneske med ikkje-norsk bakgrunn har fått opplæring og arbeid. Dei lærer språk. Dei lærer kundebehandling. Dei lærer om norsk kultur og tradisjon, og dei lærer om det norske arbeidslivet i praksis. Personar som blir teke inn i varmen her får styrka sjølvkjensla, utvikle språket og får innsikt i den norske arbeidsmarknaden med dei krav han stiller. I tillegg kan det einskilde, og ofte einsame, mennesket oppleve å bli ein del av ein stor familie, refererte ordføraren frå juryens grunngjeving.

Ho viste til at Grøstad Barstad alltid er viljug til å gje nokon ein sjanse.

– Ikkje berre praksisplassar, språktreningsplassar og deltidsarbeid. Dei har òg blitt inviterte i private selskap og familiesamlingar, og prisvinnaren har stilt opp i deira tilstellingar, som bryllaup og anna, peikte juryen på.

Prisen går til personar som aktivt og over tid bidreg til at kvardagen blir betre for menneske som kan føle seg sosialt isolerte og einsame, og som lett fell utanfor dei vanlege sosiale miljøa.

Kasta ut joletreet

Integreringsprisen for 2012 blei delt ut i samband med 20. dagskonserten på kulturhuset. Før pausen framførte Seljord songlag, Seljord folkehøgskule og musikkorps frå Seljord, Flatdal og Hjartdal jolesongar. I pausen blei joletreet kasta ut, og «Deilig er jorden» og «Glade jol» blei erstatta med songar som «Sveve over byen» av DeLillos og «Beat it» av Michael Jackson. Konserten blei avslutta med fellesnummeret «All you need is love».

Elles informerte leiar Harald Flaten om Seljord songlags vassprosjekt i Odziba i Kongo. Dei 3000 innbyggjarane i landsbyen må gå åtte kilometer for å finne vatn. Arbeidet med å byggje ein brønn startar om få månader. Songlaget har alt samla inn 290 000 kroner av dei 350 000 brønnen er kostnadsrekna til, og Flaten var ikkje i tvil om at alle kronene er samla inn før sommaren.