Jakt, fiske og hytter er næringsutvikling
Fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp) tek til orde for at jakt, fiske og hytteutleige må sjåast på som ein del av næringsutviklinga i fjellområda. Han trur fjellregionane vil få auka verdi i eit stadig meir urbanisert samfunn.
Regjeringa arbeider no med ei stortingsmelding om «norsk fjellpolitikk», og har bede representantar frå fjellbygdene om å delta i utforminga. Føremålet med ei eiga stortingsmelding er å leggje grunnlaget for ei styrking av fjellområda der Vinje kommune med store utmarksareal er ein viktig aktør. Fjellområda har verdfull natur, men avgrensa næringsutvikling og minkande folketal.
Ufordringa vert å leggje tilhøva til rette for ein politikk som gjer at fjellbygdene kan lage gull av gråstein. Kort sagt dreier det seg om å skape meirverdiar for desse områda. Difor er det nyttig at regjeringa inviterer oss til å levere innspel til meldinga som vonleg kjem i løpet av året, seier fylkesvaraordføraren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lars Bjaadal meiner det er viktig at fjellregionane er målmedvitne eigenarten sin, og på ei berekraftig utnytting av eigne ressursar. I ein slik samanheng er kvalitet og oppleving for turistar som kjem, viktig saman med styrking og utnytting av næringsgrunnlaget innan jordbruk, jakt, fiske og hytteutleige.
Utleigehytter som driftsbygningar
Eg er klar på at ikkje berre jord og skog, men også fjellområde med jakt, fiske og hytteutleige må sjåast på som ein del av næringsutviklinga. Her ligg potensial for auka inntekt hjå grunneigarane. Difor meiner eg at hytter som er knytt til jakt- og fiskeutleige, må verte vurdert som driftsbygningar, seier Bjaadal.
Elles peiker fylkesvaraordføraren på at andre saker som må avklarast er bruk av verna område i reiselivssamanheng og finansieringa av fellesgode som løyper og turstiar i hyttekommunar. I det heile er kombinasjonen bruk og vern av dei sårbare høgfjellsområda ifylgje Bjaadal ei svært aktuell problemstilling. Her meiner han det er avgjerande med eit godt samspel mellom dei ulike aktørane.
Auka livskvalitet
Eg vil oppmode til at me set fokus på kva som er mogleg framfor å bruke kreftene mot problema. Målet må vere livskvalitet for folk i fjellbygdene. Eg vil avvise påstandar om at fjellfolket er mindre interesserte i å ta vare på naturen enn andre, seier han.
Landbruket er framleis den viktigaste næringa i fjellregionane. Dette hevdar Bjaadal også må spegle seg i den nasjonale landbrukspolitikken. Fjellbygdene har eit anna behov for landbrukspolitiske tiltak enn meir sentrale strøk. Mottoet «Fjellbygdene lever fjellbygdene leverer» synest fylkesvaraordføraren seier mykje om kva ein vonar å få til gjennom ein ny norsk fjellpolitikk.
Trur på vitalisering av fjellbygdene
Vinje og Tinn kommunar er saman med fylkeskommunen medspelarar i det norske fjellsamarbeidet. Vinje-ordførar Arne Vinje (SV) seier det no skjer fleire ting som kan vitalisere fjellbygdene.
Det sør-norske fjellregionsamarbeidet er ikkje prosjektorientert, men eit samarbeidsforum for å utvikle ein norsk fjellpolitikk. Arne Vinje fortel at på ein konferanse på Lillehammer før jol, var tri departement representert på høgaste politiske nivå.
Det syner at regjeringa tek på alvor arbeidet med å utvikle ein eigen politikk for fjellregionane. I den komande regional- og kommunalmeldinga kjem det eit eige kapitel om mellom anna næringsutvikling i desse områda. Her vil me kome med innspel, seier Arne Vinje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elles er Vinje kommune saman med Tinn kommune involvert i fleire prosjekt med midlar frå EU for å utvikle fjellbygdene. Det gjeld mellom anna ulike utmarksprosjekt med tanke på styrka næringsgrunnlag og hyttefolkprosjektet som ser på utvikling av reiselivet.
Ordførar Vinje karakteriserer fleire av prosjekta som svært bra, og ikkje minst konkrete, slik at det er god von om at dei resulterer i auke næringsutvikling.