Kjøtprisen har stått stille i 30 år
Sauebøndene får ikkje meir for kjøtet i dag enn dei gjorde for 30 år sidan. Det fortel Erik Hesby Håtveit i Morgedal som er leiar i Telemark sau og geit og i det lokale bondelaget.
No er Erik Hesby Håtveit snart ferdig med døgnvakta i sauefjøset sidan dei 200 vinterfôra søyene stort sett har lamma. Han er godt nøgd med to lam i gjennomsnitt per søye.
Verre er det å vere tilfreds med den økonomiske utviklinga i sauehaldet. Kjøtprisen korrigert for inflasjon har stått på same nivå i 30 år, men næringa har til dels redda seg på ein monaleg auke i effektiviteten i desse åra. Sjølv har Håtveit plass til 280 søyer på garden, men sidan tilskota stoppar på 200 dyr er det ikkje lønsamt å optimalisere drifta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kravet ved jordbrukstingingane vil alltid vere ein balansegang med kva som er realistisk og oppnåeleg. Eg meiner me også må tenkje politikk og ikkje berre kroner og ører. Om 30 år vil det vere ein million fleire menneske som skal ha mat berre i Noreg. Difor ser og framover og ser då at det er trong for auka norsk kjøtproduksjon, seier 38-åringen.
Erik Håtveit dreg fram at innretninga i jordbruksoppgjera har vore at sauehald skal ein drive smått, slik at ingen kan leve av denne produksjonen. Han er klar over at denne kritikken er veldig omstridt i hans eigen organisasjon Norsk sau og geit.
Smått og dårleg
Det kan ikkje vere rett at ein ikkje skal kunne ha eit levebrød i sauehaldet, og at ein godtek at smått og dårleg er greitt. Me må tenkje på ungdomen som vil byggje og satse, men no er det slik at meir enn 200 vinterfôra søyer gjev null i tilskott. Dermed er det sort sett berre utgiftsauke å ha ein buskap, meiner Håtveit.
I desse dagar fylgjer Erik Hesby Håtveit nøye med på jordbrukstingingane. Han syntest det er ein tankekross at ein bonde som jobbar 1.750-1.800 timer årleg ikkje skal oppnå ei årsinntekt slik andre grupper i samfunnet gjer.
Noko er skeivt
Det er noko som er skikkeleg skeivt når me som husdyrbønder berre tener halvparten av kva andre grupper gjer. Eg undrar meg over korleis Arbeidarpartiet kan godta at bøndene vert sosiale taparar i lønsutviklinga. Dei siste tala frå Statistisk Sentralbyrå syner at gjennomsnittsinntekta i Noreg no er 438.400 kroner, medan bøndene tener 208.800 inkludert vederlag for kapitalen, nemner Håtveit.
Morgedals-bonden er også kritisk til at staten ved dei pågåande tingingane seier at tilbodet vil gje bøndene ein inntektsauke på 3,4 prosent, og at tilbodet dermed er på line med kva andre grupper i samfunnet oppnår i vårens lønsoppgjer.
Rett å tinge
Det er eit sprik på 1,1 milliardar kroner mellom krav og tilbod i jordbrukstingingane. Er det rett at bondeorganisasjonane set seg ned saman med staten for å tinge fram ei ny avtale?
Eg trur nok det ver rett å setje seg ved tingingsbordet. Men føresetnaden må vere at det kjem eit gjennomslag for at Noreg endrar frå kronetoll til prosenttoll på mjølk, slik at ikkje mjølk og ost frå nabolanda kan øydeleggje vår eigen mjølkeproduksjon. Ein må heller ikkje gløyme at det er statsminister Jens Stoltenberg og ikkje landbruksministeren som er den viktige aktøren i dette spelet. Statsministeren er ansvarleg for om det er politisk vilje til å gje bøndene betre økonomiske vilkår, meiner Erik Hesby Håtveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sau i Vest-Telemark
I Vest-Telemark har sauehaldet gått kraftig attende sidan 2005. Håtveit legg skulda på Arbeidarpartiet. Han seier at heilt sidan Gunhild Øyangen var landbruksminister på 1990-talet har partiet ført ein politikk der konsekvensen har vore nedlegging av landbruket.
Når ein ser på statistikken syner denne politikken seg sers vellykka, seier Håtveit.
Kva kommentar har du til sauetalet har gått attende med over 3.000 dyr i Vest-Telemark sidan 2005?
Uviklinga gjev absolutt grunn til uro. Men eg er likevel optimist og ikkje i tvil om at framtidas mat er dei raude kjøtslaga. Dette vert kvardagsmiddagen, medan svin og kylling vert sundagsmiddagen sidan dei ljose kjøtslaga i hovudsak er fôra opp på importerte fôrmidlar. I det heile er eg veldig optimist på beitedyras vegne når eg vel å sjå på framtida med politiske briller, seier Erik Hesby Håtveit.
Strid om 1,1 milliardar kroner
I dag skal årets jordbrukstiningar vere ferdige, men ingen vert overraska om også morgondagen trengst for å verte samde. Kravet er på nesten 1,9 milliardar kroner og tilbodet 750 millionar kroner.
Dei to bondeorganisasjonane Norges Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag måtte gå fleire rundar meg seg sjølve før dei aksepterte å gå til tingingar der skilnaden mellom partane er om lag 1,1 milliardar kroner.
Dei to bondeorganisasjonane har mellom anna kravd eit særskilt etterslepstillegg grunna manglande inntektsutvikling for bøndene samanlikna med andre grupper i samfunnet. Dette tillegget utgjer aleine 55.000 kroner per årsverk. Staten på si side viser til at inntektsutviklinga for bøndene har vore god. Difor legg dei fram eit tilbod med ein rekna årslønsauke på 3,4 prosent, og det er på nivå med dei såkalla «frontfaga» i vårens lønsoppgjer mellom LO og NHO.
Staten hevdar at tilbodet avspeglar ei satsing på det grasbaserte husdyrhaldet med beiting som ein sentral faktor. Styresmaktene meiner også at distrikts- og strukturprofilen er styrka i tilbodspakka. Staten hevdar mjølkeproduksjon, storfekjøt og sau er prioriterte i tilbodet til jordbruksorganisasjonane, og at tilbodet samla sett gjev bøndene eit monaleg inntektslyft.
Artikkelen held fram under annonsen.
Toll på mjølk
Overgang frå kronetoll til prosenttoll på mjølk og mjølkeprodukt, som er heilt sentralt i kravet, vil ikkje staten gå nærare inn på. Dei hevdar at tollspørsmål ligg utanfor kva det skal tingast om i jordbruksoppgjeret.
I går sa staten seg viljug til prosenttoll på drikkemjølk, men ikkje på andre meieriprodukt. 140 av dei 200 millionane staten auka tilbodet med i går, ligg i denne tollsaka.
Partane er på line når det gjeld prisauken til bonden for både ku- og geitemjølk. Skilnaden mellom krav og tilbod er berre eitt øre per liter høvesvis fem og fire øre. Men dersom staten ikkje går med på endring av tollregime krev bondeorganisasjonane 26 øre meir for mjølkeliteren utan at staten har rikka seg frå posisjonen sin om fire øre i påslag.
Når det gjeld sauehaldet, som er så viktig i Vest-Telemark, er skilnaden mellom krav og tilbod i målprisen for lammekjøt høvesvis kroner 1,40 og kroner 1,00. I tillegg skal det tingast om storleiken på dyretilskot og beitetilskot. Også her er skilnadane monalege mellom partane.