Vest-Telemark Museum har store samlingar av biletkunst og skulpturar. Konservator Dag Rorgemoen som her syner eit målarstykke frå 1937 av raulendingen Sveinung Svalastoga, meiner Rauland Kunstmuseum må bli samla under same tak.
Vest-Telemark Museum har store samlingar av biletkunst og skulpturar. Konservator Dag Rorgemoen som her syner eit målarstykke frå 1937 av raulendingen Sveinung Svalastoga, meiner Rauland Kunstmuseum må bli samla under same tak.

– Kunstsamlingane må under eitt tak

Konservator Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark Museum meiner Rauland Kunstmuseum som består av Dyre Vaa-samlingane og Skinnarlandsamlinga, må bli samlokalisert. Ordførar Arne Vinje støtter tanken. Det same ynskjer nærstyret for Dyre Vaa-samlingane. Nærstyret for Skinnarlandsamlinga er meir skeptisk til ei slik løysing. – Rauland Kunstmuseum har mista attraksjonskrafta si. Besøkstalet er halvert i sommar i høve til 2004, seier Rorgemoen.

Vest-Telemark Museum har no både driftsansvar og faglege ansvar for Dyre Vaa-samlingane og Skinnarlandsamlinga. I sommar er talet på besøkande nesten halvert på Rauland Kunstmuseum.

– Det er trong for fornying av anlegga på Rauland. I lang tid har det vore lite fornying. Museumsanlegg der ein ikkje jamt gjer tiltak for å halde oppe attraksjonskrafta, stagnerer etter kvart. Og det er kva me no ser på Rauland, seier Dag Rorgemoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner det ville vore ein stor føremon å få dei to samlingane under same tak, og dermed ei god byrjing til å etablere av eit hovudanlegg for kunstformidling i Vest-Telemark.

Ei samlokalisering av skulptursamlingane er ikkje ein ny tanke. Nærstyret for Dyre Vaa-samlingane går for ei slik løysing, medan saka møter meir skepsis hjå nærstyret for Skinnarlandsamlinga. Ei årsak skal vere at dei to kjende bilethoggarane Dyre Vaa og Knut Skinnarland ikkje kunne kallast perlevener. Skinnarland ynskte ikkje at hans meir enn 100 arbeid som finst i samlinga, skulle hamne i same bygg som Dyre Vaa sine skulpturar. Somme meiner difor at samling i eit bygg er umogleg.

Ingen formelle hindringar

Ingrid Bitustøyl Hayes, som leiar nærstyret for Dyre Vaa-samlingane, stadfestar til VTB at etterkommarane korkje etter Vaa eller Skinnarland set seg imot samlokalisering og fornying av dei to samlingane.

– Mitt ynskje er å få dei to samlingane under same tak med to likeverdige utstillingar av dei to kunstnarane sine arbeid. Til denne tid saknar me respons frå nærstyret for Skinnarlandsamlinga, fortel Ingerid Bitustøyl Hayes.

Sjølv ser ho for seg at ein på Rauland kan fornye utstillingane og også gjeve plass til skiftande utstillingar av andre biletkunstnarar sine arbeid. I stiftingsstatuttane for Dyre Vaa-samlingane er det opna for at museet kan velje ut dei arbeida etter Dyre Vaa som til ein kvar tid skal synast. Dermed er det mogleg å rydde plass til mellom anna vandreutstillingar

– Eg meiner museet skal ta utgangspunkt i den kunsten dei to skapte, og ikkje la gamal personleg usemje mellom kunstnarane vere avgjerande for utviklinga av Rauland Kunstmuseum, seier Dag Rorgemoen.

Alt er registrert

Etter at museumsreforma samla musea i Vest-Telemark under ein hatt, fortel konservatoren at på Rauland Kunstmuseum er alle gjenstandane blitt registrert på nytt. Det gjer at ein no veit kva samlingane inneheld. Vidare har det vore ei omfattande opprydding i magasinet på Dyre Vaa-samlingane.

– Kor viktige er samlingane under Rauland Kunstmuseum?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ingen tvil om at dei breie samlingane av arbeid etter både Dyre Vaa og Knut Skinnarland, saman med at Tor Vaa er rikt representert, og i tillegg tresnitta Svallaug Svalastoga laga, gjer at me på Rauland har ei veldig viktig samling i Vest-Telemark si kunsthistorie, seier konservator Dag Rorgemoen.