Ordførar Anne-Nora Omda Dahle i Nissedal nytta landsmøtet i Senterpartiet i Ålesund til mellom anna å drøfta rv 41 med samferdsleminister Liv Signe Navarsete og fylkesleiarane Kristen Bjormyr i Aust-Agder og Sigmund Oksefjell i Vest-Agder.
Ordførar Anne-Nora Omda Dahle i Nissedal nytta landsmøtet i Senterpartiet i Ålesund til mellom anna å drøfta rv 41 med samferdsleminister Liv Signe Navarsete og fylkesleiarane Kristen Bjormyr i Aust-Agder og Sigmund Oksefjell i Vest-Agder.

– Lettare å ruste opp rv 41 som stamveg

Ordførar Anne-Nora Oma Dahle i Nissedal trur det vert lettare å få ruste opp rv 41 som stamveg frå 2010 enn som fylkesveg. Vegen er spesielt dårleg mellom Vrådal og Treungen.

Det var i Nasjonal Transportplan (NTP) 2010-2019 at samferdsleminister Liv Signe Navarsete kom med framlegg om omklassifisere riksvegen mellom Brunkeberg og Kristiansand til stamveg. Neste år vert alle vegar med unntak av stamvegane fylkeskommunanes ansvar.

– No kjenner eg meg trygg på at rv 41 vert stamveg. Saka skal opp i fylkestinga i Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder, men i utgangspunktet innstilte administrasjonen i alle tri fylka på at rv 41 skulle vere fylkesveg i framtida, fortel Oma Dahle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men politikarane har vore av ei anna meining?

– Det har vore gjort eit godt politisk arbeid, og på Senterpartiets landsmøte i Ålesund sist helg drøfta eg saka med partikollegaer i Agder-fylka og med samferdsleministeren. Det er oppnådd politisk semje om at rv 41 tilfredsstiller alle kriteria for stamveg. Dei tri fylkestinga vil vere av same oppfatning, meiner Nissedal-ordføraren.

Samarbeid mellom fylka

I tillegg har det vore kontakt mot Hordaland som ynskjer vidare utvikling av rv 41 som ein sentral transportkorridor mot hamna i Kristiansand. Det meiner dei vil styrkje E 134 som den viktigaste stamvegen mellom aust og vest.

Ein stamveg skal minst gå gjennom tri fylke. Det gjer rv 41, men Oma Dahle seier at det var hamna og den internasjonale flyplassen i Kristiansand som gjorde det endelege utslaget for endra vegstatus.

– Når stamvegstatusen er på plass blir det ei formidabel oppgåve å argumentere for pengar til utbetring av strekninga mellom Vrådal og Treungen. Dette er den dårlegaste biten av vegen i dag. Framover er det ei klar målsetting at me i Telemark samarbeider nært med Agder-fylka for å betre vegstandarden på denne viktige transportkorridoren mellom E 134 og sørlandskysten, seier ordførar Anne-Nora Oma Dahle.

Må ha pengar

Når det gjeld standarden på dagens riksvegar som fylkeskommunen tek over i samband med regionreforma neste år, er han ymse. Vegvesenet har no rekna ut at vedlikehaldsetterslepet på riksvegar og fylkesvegar i Telemark er 1,5 milliardar kroner.

Fylkesvaraordførar Lars Bjaadal seier fylkeskommunen treng pengar saman med ansvaret. Noverande fylkesvegar skal òg takast vare på og helst utbetrast.

– For Senterpartiet som vil ha eit regionalt forvaltingsnivå, er det avgjerande for truverdet at fylkeskommunen vert sett økonomisk i stand til å gjere vegane betre, hevdar Bjaadal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krev at kommunane avgjer snøskuterkøyring

Den nye lova om motorferdsle i utmark må opne for fornuftig bruk av snøskuter i næringssamanheng og til rekreasjonskøyring i avgrensa område. Telemark Senterparti fekk støtte for dette synet på Sp-landsmøtet i Ålesund då komande stortingsvalprogram vart drøfta.

Tokke-ordførar Olav Urbø og fylkesvaraordførar Lars Bjaadal var båe på talarstolen i Ålesund og argumenterte sterkt for at i den nye lova må avgjerda om snøskuterkøyring takast på kommunalt nivå etter plan- og bygningslova.

– I innlegget mitt synte eg til Vinje kommune og forsøksprosjektet dei har med fritidskøyring i fastlagde løyper. Denne ordninga har dei gode røynsler med, fortel Olav Urbø.

Lars Bjaadal meiner Senterpartiet må skjere gjennom og få framlegget til ny lov fram til handsaming i Stortinget. Han er klar på at dette er ei sak politikarane ikkje kan la Direktoratet for naturforvalting (DN) avgjere. I Ålesund lukkast det telemarksdelegatane å samle oppslutning om at DN-framlegget til ny lov må avvisast.

Satsar på vidareføring

Ordførar Arne Vinje (SV) i Vinje er ein ihuga tilhengjar av ei ny motorferdslelov som opnar for kommunalt sjølvstyre og fornuftig bruk av snøskuter til rekreasjons- og fritidskøyring i oppmerkte trasear.

– I Vinje bur me oss no på ein ny sesong med skuterkøyring i oppmerkte løyper. Prøveordninga, som me har svært gode røynsler med, vil halde fram til ei ny lov er vedteke. Enno har ikkje regjeringa fremma lov, og kjem ikkje proposisjonen til Stortinget innan eit par veker vert det inga handsaming før valet, meiner Arne Vinje.

SV vegrar seg

Han stadfestar at i hans eige parti SV, er det grupperingar som vegrar seg for å opne for fritidskøyring med snøskuter etter modell frå forsøket i Vinje. Ny motorferdslelov var heller ikkje tema på SV-landsmøtet i Bergen for nokre veker sidan.

– Eg meiner at dersom ein har eit forsøk, lyt ein ta resultatet på alvor. Røynslene er gode i Vinje, og dette er ei sak der kommunane bør ha avgjerdsmynde, seier Arne Vinje. Han finn storsamfunnets ulike haldning til motorisert fritidskøyring på kysten og i innlandet fullstendig uakseptabel.