Hit, men ikkje lenger. Slik føler Anna Helene Verpe (t.v.), Silje Hagen og Tjodvor Haugen at stoda kring kroa i Åmot er no. Ungdommen i bygda er ikkje velkomne lenger, meiner jentene, etter å ha hatt ei dårleg oppleving ein fredagskveld.
Hit, men ikkje lenger. Slik føler Anna Helene Verpe (t.v.), Silje Hagen og Tjodvor Haugen at stoda kring kroa i Åmot er no. Ungdommen i bygda er ikkje velkomne lenger, meiner jentene, etter å ha hatt ei dårleg oppleving ein fredagskveld.

– Lokalungdom er ikkje velkommen

Eit vedtak ved Vinje Kro og veigrill har gjort at ungdom i bygda ikkje lenger er velkomne på kroa om kveldane. Tre jenter i 17-års alderen frå Vinje opplevde å bli jaga ut ein fredag kveld, nett etter å kjøpt seg ein kaffikopp.

Silje Hagen, Anna Helene Verpe og Tjodvor Haugen går alle i 2. klasse ved Dalen vidaregåande skule. Fast takst dei siste åra har vore å møte venner som går på andre vidaregåande skular i fylket til ein prat og kaffikopp på kroa i Åmot. Men ikkje no lenger.

– Me kom inn ein fredagskveld for 14 dagar sidan. Hadde akkurat kjøpt oss ein kaffikopp og sette oss ned ved eit bord. Det var det som var så irriterande, me hadde akkurat kjøpt oss noko. Så kom ho som stod bak disken og sa me måtte gå ut, fortel dei tre jentene, som føler seg frykteleg foruretta. Ho bak disken kunne heller ikkje gje ei forklaring på kvifor jentene måtte ut, noko som gjorde at dei tre gjestene bad sjefen for kroa om å kome og gje ei forklaring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hærverk

– Då sjefen kom opna han med å be oss reise og påstod også at me sat der i rein demonstrasjon. Me prøvde å få han til å forklare kvifor me blei hivne ut, men han gav oss ingen gode argument, fortel jentene. Sjefen forklarte etter kvart at det var fordi det var så mykje småhærverk på kroa.

– Me hadde inga aning om hærverket, og har då aldri vore med på noko slikt. Han reagerer med kollektiv straff, då verkar det som han ikkje bryr seg med å finne den rette syndaren, seier jentene.

Denne fredagskvelden heldt dei fram med å sitje til dei hadde fått ei god nok forklaring. I følgje jentene forsøkte dei å halde ein fatta dialog, men det heile kulminerte i at jentene, i hop med ein del andre ungdomar, vart skrivne opp og truga med å bli meldt til politiet av kroverten.

– Han sa me kom til å bli meldt for at me sat der, endå me hadde blitt bedne om å reise. Framleis hadde me ikkje høyrd ein skikkeleg grunn for kvifor nettopp me skulle bli kasta ut, seier jentene og ristar på hovudet. Dei understrekar at det var verken bråk eller hærverk som blei utført av ungdom på kroa denne kvelden, bare rolege samtaler i hop med venner.

Ein stad å møte venner

– Kroa er ein veldig sentral og koseleg stad å møte venner ein bare ser i helgene. Tidlegare har me alltid vore på kroa om fredagskveldane. No sit me bare heime, me kan jo ikkje på kroa, seier jentene og ser mørkt på fritidstilbodet fram etter.

– For oss på denne alderen er det ingen ting å finne på. Det blir for keisamt å sitje på Vinjehuset om kveldane. No skal vel ungdommen få Gruten, men me er jo liksom litt eldre då. Ikkje at me er så vaksne eller noko, men…, seier frustrerte jenter i Åmot, og etterlyser svar på kvifor dei vert hivne ut frå kroa.

Slit med gjengtendensar

Eigar av Vinje Kro og veigrill, Roar Berg-Hansen, bekreftar vedtaket ved kroa. Han opplyser at den siste tida har kroa, og næringslivet elles i Åmot, slite med ungdomsgjengar. For kroa sitt vedkomande har det vore utført ein del hærverk.

– Det som skremte meg skikkeleg var då eg såg ei halvbrent plakat på veggen utafor kroa. Elles sit ungdomane og plukkar frå dekorasjonane og skrapar opp bordplatene. Når ein ikkje får tak i syndaren, blir det dessverre slik at me må gå til kollektiv straff, seier Berg-Hansen. Han påpeikar at ingen vert nekta å kjøpe mat eller kaffi, men vil til livs at ungdommen sit i timevis, støyar og gjer hærverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange av desse ungdommane nyttar kroa som ei varmestoge, og sjenerer andre gjester med støy. Slik oppførsel meiner me ikkje er passande her på kroa. Dei tilsette har òg sett seg leie på å rydde etter ungdommen som sit her på seine kveldane. Dei tilsette føler òg dei må vakte ungdommane i tilfelle nasking, noko som er eit problem i forretningane i Åmot, seier Berg-Hansen, og opplyser at problemstillinga har vore oppe til debatt i næringslaget.

– Det er veldig greitt å få belyst dette, for det er ei vanskeleg sak. Dessverre må me gå til kollektive verkemiddel, men det ser òg ut til å virke. Me har fått løyst opp gjengtendensane litt, meiner Berg-Hansen.