Må ordne vegen
I mange år har telehiv på riksveg 41 vore eit mareritt. No oppmodar nissedølen Kristian Grimstvedt Vegvesenet å ordne vegen i tråd med forskriftene.
Frå Nes til Kyrkjebygda har riksveg 41 hatt den verste strekninga i alle år. Det er ikkje bare søkk og telehiv på denne tida. Og vegen har blitt endå verre dei siste åra, ristar Kristian Grimstvedt på hovudet.
No meiner han det er på tide å seie frå at noko må gjerast.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvar vårløysing hevar vegen seg på båe sider av stikkrennene. Det er bare under stikkrennene det er lagt frostfri masse. Slik masse burde vore lagt over eit mykje større område. Eg oppmodar Vegvesenet å rette opp vegen i tråd med forskriftene dei har, seier Grimstvedt.
Heilt utruleg
Då VTB møtte han måndag ettermiddag, var det framleis ikkje kome opp skilt for å åtvare mot alle dumpane i vegen. Slike skilt har kome opp år etter år tidlegare.
Dei vil vel ikkje skilte lenger, for då må dei eigentleg gjere det frå Treungen til Vrådal, så fæl som vegen er på den strekninga. Dessutan er vegen smal, seier Grimstvedt.
Tidlegare år har det blitt lagt grus i vegdumpane fram til telehiven er over, men ei slik løysing har ikkje Grimstvedt sett noko til i år. Det er eigentleg eit heilt anna utfall han er ute etter.
Ein gong må dei reparere vegen ved rennene, men ein kan lure på når det blir. Med all trafikken på riksveg 41 er det rart det ikkje er meir press for å få han i orden, undrar Grimstvedt.
Det er heilt utruleg at det ikkje går an å rette meir på vegane enn det blir gjort, avsluttar ein som etterlyser at det endeleg blir gjort noko med alle søkka i riksvegen.
Det lykkast ikkje VTB å få kommentar av Vegvesenet i går.