Lensmann Bjørn Håvard Olsen
Lensmann Bjørn Håvard Olsen

– Må sjå på polititenesta med nye augo

Prosjektgruppa som har sett på den framtidige strukturen for lensmannskontora i Vest-Telemark, meiner ei samanslåing av kontor vil gje ei betre polititeneste. Men politimeisteren varslar brei dialog før det vert endeleg konkludert i saka.

Politimeister Anne Rygh Pedersen har gjev lensmann Geir Kjartan Lid i Kviteseid ansvaret for den vidare prosessen med å slå saman lensmannskontor i Vest-Telemark. No vert kommunar, næringsliv og brukarar inviterte til dialog med politiorganiseringa i regionen.

Politiet i Telemark var i går samla til leiarmøte i Seljord. Der var rapporten frå prosjektgruppa lensmann Bjørn Håvard Olsen i Tokke har leia, hovudsaka. Prosjektgruppa har greidd ut spørsmålet om samanslåing av lensmannskontora i Vest-Telemark. Konklusjonen er tilråding av to lensmannskontor i regionen, lokalisert i Seljord og i Åmot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom gruppas tilråding vert fylgt, vert lensmannskontora i Kviteseid og på Dalen nedlagde. Fyresdal låg ikkje i mandatet, men det ligg i korta endringar også der.

Politimeister Anne Rygh Pedersen seier til VTB at ein må våge å sjå polititenesta i Vest-Telemark med nye augo. Ho poengterer at ein enno er tidleg i prosessen, men politimeisteren ser rapporten frå prosjektgruppa som eit godt utgangspunkt for ein vidare dialog med politikarar, næringsliv og befolkninga om den framtidige polititenesta i Vest-Telemark.

Nøgd politimeister

– Eg er tilfreds med at prosjektgruppa har kome fram til at ei eller anna form for samanslåing av lensmannskontor vil gje ei betre polititeneste for publikum. Prosjektgruppa har rett i at meir aktiv polititeneste og eit større fagmiljø er blant dei faktorane som har mest å seie for å gje eit endå betre polititilbod til befolkninga, meiner politimeisteren.

Politiet er i stadig større grad ei kunnskapsintensiv verksemd. Den grenselause kriminaliteten rammer på tvers av geografien. Anne Rygh Pedersen hevdar denne utviklinga stiller mykje høgare krav til politiets kompetanse og samhandling enn tidlegare.

– Publikum har krav på at polititenesta i Vest-Telemark held høg fagleg kvalitet. Den tida er forbi då lensmannen aleine kunne handtere det meste. I politiet er me avhengige av kvarandre, og må jobbe mykje meir på tvers enn tidlegare for å kunne løyse felles utfordringar. Det gjeld ikkje berre internt i Telemark, men også mellom politidistrikt og over landegrensene, understrekar politimeisteren.

Ingen konklusjon

Anne Rygh Pedersen er tydleg på at ho ikkje har konkludert på førehand, og ho vonar andre heller ikkje har det.

Lensmann Geir Kjartan Lid i Kviteseid har fått oppgåva med å leie den vidare prosessen i Vest-Telemark. Politiet ynskjer no å setje ned ei arbeidsgruppe med deltaking frå kommunar, næringsliv og brukarar som skal jobbe fram eit best mogleg grunnlag for ei seinare avgjerd om korleis polititenesta i Vest-Telemark skal vere i framtida.

– Det er gjennom dialog og samarbeid at dei gode løysingane vert skapte, meiner politimeister Anne Rygh Pedersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Langsiktig utvikling

Ei samanslåing av lensmannskontor i Vest-Telemark er ein del av den langsiktige utviklinga i Telemark politidistrikt. Vidare inngår ei samanslåing av driftseiningane i Midt-Telemark og Vest-Telemark i planane når politimeisteren vil sjå politiorganiseringa med nye augo.

Anne Rygh Pedersen ser fleire svake punkt i dagens organisering av politiet i Vest-Telemark. Dei små kontora er sårbare, og ved til dømes fråver vil publikum møte ei stengd dør. Ein politi som sit aleine på kontor har ikkje lett for å kunne reise ut. Dessutan er det avgrensa besøksvolum på dei lokale lensmannskontora, sjølv om dette varierer frå kontor til kontor.

Reservetenesta, som er ei bakvakt etter vanleg kontortid i Vest-Telemark, er kostbar og gjev lite aktiv teneste.

Prosjektgruppa under leiing av Tokke-lensmann Bjørn Håvard Olsen, legg mellom anna vekt på at samanslåing av kontor vil gjere det mogleg å bemanne patrulje på dagtid, skape eit større fagmiljø, vere meir robust ved fråver, lette rekrutteringa og sikre ei stabil bemanning. Dessutan vil ein ny struktur på polititenesta i Vest-Telemark føre til reduserte kostnader.