Rolf Nesland (t.h.) fekk tri år på seg til å gjera huset på Torpen til bueleg heilårsbustad. Frå venstre Eilev Omland (Sp), Kjersti Kvålseth (Sp) (delvis skjult), Einar Leiv Søreide (Ap) og skogbrukssjef Halvor Fjone.
Rolf Nesland (t.h.) fekk tri år på seg til å gjera huset på Torpen til bueleg heilårsbustad. Frå venstre Eilev Omland (Sp), Kjersti Kvålseth (Sp) (delvis skjult), Einar Leiv Søreide (Ap) og skogbrukssjef Halvor Fjone.

– Mål å halde oppe busetnaden

– Det er eit overordna mål å oppretthalde busetnaden i kommunen. Det var ei av grunngjevingane lokalpolitikarane i styret for service og utvikling i Kviteseid gav for å ikkje gje Cappelen medhald i klaga på tidlegare vedtak om fast busetjing på to av plassane han vil dele frå og selje. Seks andre buplassar er tidlegare frådelte som fritidseigedomar. Men Torpen i Bergsto, dit politikarane var på synfaring, skal vera heilårsbustad.

Det var ein mild og fin haustdag at dei sju folkevalde i styret for service og utvikling i Kviteseid sette seg i bilen med kurs for Bergsto. Dei humpa seg fram på vegen utover til Fjågesund, og fire kilometer deretter var dei framme ved målet – den 26 dekar store eigedomen Torpen som Rolf Nesland frå Drangedal kjøpte i fjor. Der tok dei bygningane i augesyn; våningshuset frå 1900 og uthuset frå 1943, som båe er i det som sakshandsamar Torunn Raftevold Rue omtalar som dårleg stand. Eit bustadhus Nesland fortalde politikarane er så til nedfalls at det ikkje er noko å stelle på. Derimot ville Torpen-eigaren gjerne byggje nytt, men sa han måtte ha tid på seg, og søkte om å få utsett fristen til å busetje seg der med fem år. Det var etter at han tidlegare hadde fått avslag på søknad om fritak for buplikt.

Løgleg med Tustetjosi

Vel tilbake i Kviteseid benka politikarane seg rundt bordet i eitt av møteromma i kommunehuset, og utvalsleiar Harald Smeland (Sp) sette møtet. Etter at skogbrukssjef Halvor Fjone på oppdrag av utvalet hadde springe for å finne ut at ei fullmaktssak om bygging av landbruksveg galdt 200 meter traktorveg hjå Olav Øygarden i Åsgrend, var turen komen til den ordinære sakslista som starta med ei delingssak. Den gjekk greitt i gjennom, og Kari Hauge blei dermed eineeigar av den 127 dekar store eigedomen Ramskeid (103/6), medan broren Gunnar S. Råmunddal blir sitjande att med det 340 dekar store skogstykket Tustetjosi (63/8), eit namn som medførte litt fnising rundt bordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste sak var kurant; ingen hadde noko imot at Astrid Synnøve Ormtveit fekk dele frå eitt dekar som Kari og Jon Nils Andreas Hobæk i Skien skulle ha som tilleggsareal til hyttetomta si på Drivnesodden i Vråliosen. Innan neste sak var bladd opp hadde alvoret senka seg. Den galdt Carl Diderik Cappelen som hadde klaga på at han ikkje fekk delt frå Strømstad og Nigard Nordskog som hytteeigedomar, slik han fekk med seks andre buplassar han selde. Rådmannen ville gje Cappelen medhald i klaga og fråfalle kravet om at dei to bruka skulle vera heilårsbustad.

Splitta om Cappelen-plassane

Den fyrste som tok ordet til Cappelen-saka var Venstres Eli Taugbøl. Ho ville ha buplikt på dei to bruka og tok opp att fleirtalsframlegget frå sist handsaming. Ho fekk umiddelbar støtte frå Kjersti Kvålseth (Sp). Men Kvålseths partifelle Harald Smeland var ikkje enig.

– Eg kjem til å stø framlegget frå rådmannen. Av buplassane er det umogeleg å plukke ut nokon som er betre enn andre, meinte han.

Einar Leiv Søreide (Ap) ville også stø det tidlegare framlegget, men minna møtelyden på at sakshandsamar Halvor Fjone hadde gjort det klart at dersom utvalet ville stå på det opprinnelege vedtaket måtte det grunngjevast kvifor heilårsbustad er den beste løysinga for å fremje busetjing og arbeid. Dermed måtte framleggsstillaren, som no var avgrensa til Aps Søreide, til med skrivearbeid som resulterte i denne passusen om Silvi-Montana, Nigard Nordskog og Strømstad:

– Desse tri parsellane har nær og lett tilkomst til veg, og tomtene er godt eigna til heilårsbustadar. Dessutan er det eit overordna siktemål å oppretthalde busetnaden i kommunen.

Formuleringa blei utmeisla medan politikarane åt nistematen sin, som dei hadde med heimanfrå, drakk kommunal kaffi, og somme saug såmenn på ein offentleg finansiert sukkerbit.

– Vil stå og rotne ned

Smeland sette møtet att, og gjorde det med ein gong klart at det med busetnad hadde han mindre tru på.

– Om Cappelen ikkje får dele dei frå som fritidsbustadar er det ikkje sikkert han vil gjera noko med dei. Då kan ein risikere at plassane vil stå og rotne ned i staden, åtvara han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det argumentet endra ikkje synet til Tarjei Draugedal (KrF). Han ville røyste for Ap-framlegget, «i håp om at Cappelen blir i beit og blir nøydd til å selje dei», som han så muntert uttrykte seg.

Voteringa viste at det bare var senterpartirepresentantane Harald Smeland og Eilev Omland som gjekk inn for at Cappelen skulle få det som han ville. Fleirtalet røysta for at Strømstad og Nigard Nordskog i Straumane og Silvi-Montana, som ligg på vegen mot Fjågesund, skulle frådelast som heilårsbustadar.

Inga buplikt på Utbøen

Det overordna siktemålet om å oppretthalde busetnaden i kommunen, som i Cappelen-saka galdt i Straumane, var visst ikkje like gjeldande i Tveitgrend. Der gav eit samrøystes utval, etter framlegg frå Einar Leiv Søreide, Olav Brauti bufritak på eigedomen Utbøen. Og det utan at Brauti hadde søkt om det. Det han søkte om var konsesjon for den 1.749 dekar store eigedomen Utbøen (31/1) og Tveit (51/1) med ein kjøpesum på 1,7 millionar kroner.

Brauti kjøper eigedomane av Anne Christine Mandt-Utbøen. I fylgje saksutgreiinga har Brauti leigd jorda, driftsbygningen, jakt- og beiteretten på Utbøen, og beiteretten på Tveit i Dalane i eit par år. Frå før eig han Brauti nedre (30/3), Fjellheim (30/12), Tveit (28/3), Borgejordet (28/5), Tveit nordjordet (28/48 og 52) og Kyrvestaul (1/23 i Tokke).

I rådmannens framlegg til vedtak var det sett som vilkår for konsesjonen at Olav Brauti driv Utbøen og Tveit saman med Brauti nedre og dei andre eigedomane som ei driftseining. At søkjaren buset seg og bur på Utbøen i minst fem år etter at fristen for odelssøksmål er ute var òg sett som eit vilkår.

– Bur han ikkje på ein annan gard, spurde Einar Leiv Søreide.

– Jau, han bur på grannegarden. Det blir bare å flytte over jordet. Vilkåret er bare ei formulering, svara Harald Smeland.

Søreide gjorde då framlegg om å stryke punktet om busetting, noko styret samrøystes gjekk inn for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vrådal og Bergsto

I neste saka slo styrking av busetjinga inn att. Saka galdt den 136 dekar store eigedomen Åsheim (2/5) på vestssida av Vråvatn. Steinar Torsdalen i Heggedal overtok eigedomen etter mor si i fjor og søkte om varig fritak frå buplikta. Det fekk han ikkje, men ssu gav han utsetjing med buplikta til 2010. Han klaga på vedtaket, men rådmannen innstilte på å avvise klaga med grunngjeving i å styrkje busetjinga i den delen av kommunen. Eli Taugbøl ymta frampå om at ho kunne tenkje seg å gje Torsdalen fritak i ti år, på grunn av at han har barn og at eigedomen er såpass velhalden, utan at ho gjorde noko formelt framlegg om det. Behandlinga enda med at rådmannens framlegg blei samrøystes vedteke.

Så hadde turen kome til Torpen. I februar avslo ssu ein konsesjonssøknad frå Rolf Nesland om å kjøpe staden som fritidseigedom. Det fekk han ikkje, og i april gjorde utvalet vedtak om at han innan tri månadar måtte selje eigedomen til nokon som vil nytte han som heilårsbustad. Nesland klaga til Fylkesmannen, men fekk ikkje medhald der. No søkte han i staden om fem års utsetjing med buplikta. Ein frist fram til utgangen av neste år syntest sakshandsamar Raftevold Rue var passande, og gjorde framlegg om det. Eilev Omland ville forlenge fristen til utgangen av 2008, noko utvalet samrøystes gjekk inn for.

Skogfagleg tur til Island

Neste saka var av meir generell karakter og handla om ei høyring frå departementet der framlegget mellom anna er å oppheve forbodet mot å dele landbrukseigedomar. Etter eit lite ordskifte som stort sett handla om språket i høyringsnotatet, blei det gjort vedtak om å gå imot å oppheve delingsparagrafen, slik framlegget frå rådmannen var.

Ei godkjenning av budsjettet for rentemidlar av skogavgifta var siste post på programmet. Av eit budsjett på 125.000 kroner gjekk 15.000 kroner til fagtur til Island for skogeigarlaget. Reisemålet fekk Edvard Evja (Ap) til å stusse.

– Kvifor skal dei til Island, det er då ikkje skog der, undra Ap-representanten.

Til det svara skogbrukssjef Halvor Fjone at ein slik tur var planlagt, og grunngav utflukta med at det er viktig å halde oppe dei sosiale sidene av laget.

– Ser praktisk på det

I fleire av konsesjons- og bupliktsakene var vedtaka grunngjevne med at «ein ynskjer å styrkje busetjinga i denne delen av kommunen». I konsesjonssaka for Utbøen i Tveitgrendi blei punktet om buplikt stroke, noko utvalet samrøystes vedtok.

– Er det ikkje viktig å halde oppe busetjinga i Tveitgrend?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jau, men dette blir ei driftseining som forhåpentlegvis står på eigne bein framover. Sjølvsagt ynskjer me busetting i heile kommunen. Men sidan kjøparen eig og bur på nabogarden, såg me praktisk på det, forklarar utvalsleiar Harald Smeland.