– Vinje kommune har frå fyrste dag oversett oss som bur i byggjefeltet der dei har tenkt å setje opp psykiatribustader. Det finst andre alternativ som er betre enn midt i eit byggefelt, meiner Tarald Bø (t.v.) og Asle Lofthus. Her saman med fleire av oppsitjarane.
– Vinje kommune har frå fyrste dag oversett oss som bur i byggjefeltet der dei har tenkt å setje opp psykiatribustader. Det finst andre alternativ som er betre enn midt i eit byggefelt, meiner Tarald Bø (t.v.) og Asle Lofthus. Her saman med fleire av oppsitjarane.

– Me er ignorert av kommunen

Vinje kommune skal byggje seks nye psykiatribustader. Kommunen har planar om å setje bustadane opp i byggjefeltet Haugetuft. Naboane er oppgjevne over prosessen.

Oppsitjarane i bustadfeltet der Vinje kommune ynskjer å setje opp seks nye psykiatribustader, er oppgjevne over handsaminga til kommunen i denne saka. I sommar føreslo administrasjonen i kommunen å byggje åtte nye omsorgsbustader i byggjefeltet ved sida av Vinje Dagsenter. Ved eit slumpetreff fekk nokre av naboane nyss om at saka skulle opp i kommunestyret, utan at dei var varsla om kva som var på gang. Då greidde naboane å få kommunestyret til å utsetje saka, men i kveld skal ho på nytt til handsaming.

– Demokratiet i fare

– Det er skremmande å oppleve ei fullstendig ignorering frå kommunen si side. Truleg satsa administrasjonen på at me i nabolaget ikkje skulle få greie på kva som var i ferd med å skje, og på den måten trumfe gjennom planane sine. Etter at me blei kjent med kva som skulle skje, fekk me heldigvis politikarane i kommunestyret til å utsetje saka. Det blei seinare innkalla til folkemøte, og det er ikkje slik at me ikkje ynskjer brukarane i nabolaget. Det er ikkje poenget vårt, det er snarare at her skal det klemmast inn seks bustader i eit område som er det einaste friområdet i byggjefeltet. Og måten kommunen har gått fram på i denne saka, set heile demokratiet i fare, seier ein av oppsitjarane, Asle Lofthus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kritikkverdig framferd

– Kommunens framferd frå fyrste dag har vore under ein kvar kritikk. Dei har lagt planar utan å informere oss. Det har visstnok vore synfaring i området, og heller ikkje då var nokon av naboane med eller informert. Kva slag måte er dette å gå fram på, spør Dag Lie, ein annan av oppsitjarane.

– I fylgje sakspapira har kommunen vurdert tri alternativ for plassering av omsorgsbustadene. Det er områda bak Coop og bak aldersbustadene, i tillegg til den 1,8 mål store, eller vesle om du vil, tomta her i byggjefeltet. I utgreiingane har kommunen rekna ut at alternativet i byggjefeltet blir det rimelegaste. Noko av talmaterialet kan ein kanskje stille spørsmål ved, og for meg ser det ut til at kommunen på ein måte alt har bestemt seg for plasseringa, sukkar Lie.

– Til å grine av

Ein annan av oppsitjarane er Tarald Bø. Som tidlegare tilsett ved teknisk etat i kommunen, finn han det merkeleg at kommunen går inn for tomta i Haugetuft.

– Det er merkeleg at fagfolk på død og liv vil presse inn bustader på ein stad der dei ikkje ville ynskje å bu sjølve. Hadde dette vore ei attraktiv tomt, hadde ho vore bygd på for lengst, meiner Bø.

Han er elles oppgjeven over kommunens evne til å sjå heilskapen i bygginga av omsorgsbustader.

– No er det omsorgsbustader for forskjellige brukargrupper plassert på fleire stader i området. I tillegg til at det er frykteleg kostbart for kommunen å ha pleiarar i bygga, er det samstundes typisk Vinje kommune. Dei tek aldri skikkelege grep, og det blir å klatte litt her og der. Det er rett og slett til å grine av, seier Bø.

Bø kan også fortelje at kommunen hadde planar om desse bustadene alt ved tusenårsskiftet, men at dei blei lagt vekk fordi det ikkje var trong for dei.

– Det var på tampen i mitt yrkesaktive liv i kommunen, og eg hugsar svært godt at det viktigaste argumentet den gong, var at desse bustadene måtte ligge ved helsesenteret. Av ei eller annan merkeleg årsak er ikkje dette viktig lenger. I 2007 var det nye planar om desse omsorgsbustadane, og teikningane var klare. Så vidt eg veit var også dei handsama i dei aktuelle politiske utvala, men dei blei lagt vekk på grunn av kostnadene. Også desse bustadene var tenkt plassert ved helsesenteret, seier Tarald Bø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er også ei anna ulempe om desse bustadene blir sett opp i byggjefeltet. Det er tenkt å lage parkeringsplassar til bustadene, og det betyr at vegen i feltet blir stengt. Dermed blir mest sannsynleg alternativet å sluse ungar frå byggjefeltet som skal i barnehagen, ut på E 134 med alle dei farane det fører med seg, legg Lofthus til.

– Uttale i vår favør

Med tanke på at byggjefeltet eventuelt mistar det einaste friområdet dei har, finn oppsitjarane mange gode argument i sin favør i ei uttale som Øystein Fjetland Øgaard, assisterande medisinskfagleg rådgjevar, har skrive som vedlegg til sakspapira.

Uttala som går på helsevurderinga vedrørande plasseringa av psykiatribustader seier mellom anna: «Viss tomta ved Dagsenteret er viktig som eit friområde/uteområde for bustadfeltet, må dette tilleggjast stor vekt. Ein må i alle tilfelle sikre at dei det gjeld får gode høve til å uttale seg i saka og får vere med i prosessen.»

– Denne uttala rettar seg nett mot det me har påpeika. Tomta er einaste friområdet me har i byggjefeltet, og er viktig for oss å behalde. Vidare har me altså ikkje blitt tekne med i prosessen i det heile, slår Asle Lofthus fast.

– No får me bare håpe at folk tek til vitet, og plasserar desse bustadene på ein stad der det både er god plass og praktisk å ha slike bygg. Kommunen har ledige tomter, så det bør ikkje vere problematisk, og pengar er det også godt med, avsluttar Tarald Bø.