Me ynskjer det beste for bygda vår
Ei gruppe ungdomar i Kviteseid reagerer på korleis kommunen har handsama kunstgrassaka. Nå har dei skrive brev til politikarane. Me er redde for at prosjektet vil koste meir enn det smakar, seier to av ungdomane, Hermund Feldborg og Vegard Snaunes.
Det var etter den redaksjonelle saka i VTB der politikarar frå dei ulike partia i Kviteseid uttala seg om kunstgrasbanen, bindingstida og driftskostnadar ballen verkeleg starta å rulle. Me kontakta ordførar Torstein Tveito og bad han sende oss alle dokument som høyrer til saka, me kontakta ulike politikarar i kommunen og fylkeskommunen. Me søkte på nettet og henta opplysningar frå andre kunstgrasprosjekt, mellom anna i Ulefoss, Kvinesdal og Heddal. Nå føler me at me har nok grunnlag til å kome med ein reaksjon og eit ope brev til alle medlemmene i kommunestyret og til administrasjonen i kommunen, seier Vegard Snaunes og Hermund Feldborg.
Måndag blir brevet som er underteikna av 14 ungdomar frå ulike delar av kommunen, sendt ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me meiner det er rett å la politikarane få høyre vår meining om saka, og stiller store spørsmål ved at dei tar på seg ein fast kostnad for kommunen i 40 år framover, endå dei ikkje veit kor mykje summen blir, seier dei to ungdomane som påpeikar at engasjementet kjem med bakgrunn av at dei bryr seg om heimkommunen.
Usikre kalkylar
Gutane beklagar at dei ikkje har engasjert seg og sett seg grundig inn i saka tidlegare då ho enno var på skissestadiet.
Me føler at denne saka ber preg av mange usikre kalkylar på det meste og at planfasen har vore rotete. Men me ynskjer å rose dei som sette saka på dagsorden, for initiativet til å få til noko i bygda vår er kjempeflott, men me føler at kommunen har svikta, seier dei to.
Kva med dei unge
Er dei unge spurt i denne saka? Det er då trass alt me som er den viktigaste målgruppa for kunstgraset. Kvifor har ikkje ungdomen fått kome på banen? undrar gutane.
Dei uroar seg over framtidige kostnadar som kommunen vil få, og set tvil ved uttaler frå politikarar om at satsinga ikkje vil gå utover andre prosjekt i tida som kjem.
Nå er brevet vårt på veg til våre folkevalde, me skjønar at me må fylgje betre med i heimbygda. Me bryr oss om kommunen vår, difor reagerer me på ei sak me meiner er halvgjort, avsluttar dei to gutane.