Meir positive om me får vere med og styre sjølve
Det seier grunneigarar i Fyresdal som tilbyr staten friviljug vern av nær 10.000 dekar rundt Storsteinsfjell. Dei same grunneigarane stoppa i 1989 eit forslag om verning av området, då dei følte seg overkøyrde av fylkesmannen.
Nokon frå fylkesmannen var ute og såg, og me visste ikkje om det. Me fekk forslag om verning av våre eigne område tredd nedover hovudet, utan rom for forhandlingar. Då får du piggane ut. Me blei utsette for overgrep, kjem det frå somme av grunneigarane i Fyresdal som ser tilbake på det som skjedde i 1989.
Fylkesmannen plukka på den tid ut Storsteinsfjell som aktuelt verneområde, utan at dei åtte grunneigarane i området følte dei hadde noko dei skulle ha sagt. Dei svara med sterk motstand og fekk unngått verninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kuvending
Nå har saka blussa opp att, men denne gong er det grunneigarane sjølve som tek initiativ til at Storsteinsfjell skal bli verna. Kuvendinga har utspring i skogeigarforbundets tanke om å be grunneigarar vurdere friviljug vern.
Det har vore mykje konfliktar og skitkasting i tidlegare rundar der det ikkje har vore snakk om friviljug vern, mimrar grunneigarane rundt Storsteinsfjell.
Dei valte å bli med i prøveprosjektet til skogeigarforbundet om friviljug vern. Varianten gjekk på å tilby vern av areal i ein prosess som grunneigarane styrer.
Me kjem med tilbod om å la vere å hogge i det nær 10.000 dekar store området rundt Storsteinsfjell. Men me skal ha jaktrett, og vil ikkje miste eigedomsretten. Det står skog stort sett over heile området. Grunneigarane meiner det er like greitt å få betalt for å la tømmeret stå. Me ynskjer å ha erstatning for å ta ein risiko om at fjellfurua kanskje er veldig ettertrakta om 20 år, og det at me låser oss mot all bygging i området, seier Jon Husstøyl, Tor Skræi, Olav A. Veum, Ingebret Gaaren og Tarjei Bergland, fem av dei åtte grunneigarane som tilbyr fylkesmannen vern av området.
Grasrota
Grunneigarane vil ikkje før forhandlingsrunden seie kva sum dei krev, men ynskjer å ha ein realistisk pris.
I 1989 hadde med ikkje sjanse til å forhandle, men det får me nå. Og me kan kome med innspel om bruk av området. Det er heilt avgjerande at slike saker som dette kjem frå grasrota og ikkje ovanfrå og ned. Grunneigarane blir klart meir positive om me kan vere med og styre ein prosess og ha utspel sjølve, blir det påpeika blant dei fem grunneigarane.
Mykje blir tredd ned over hovudet på grunneigarane. Me kan ikkje bestemme alt, men me må ha ei kjensle av at me er med og styrer, held dei fram.
Grunneigarane meiner forslag om friviljug vern er eit signal til miljøorganisasjonane om at det går an å få tak i dei mest attraktive områda. Vidare meiner dei det er viktig med saka at ho imøtegår kritikken om at grunneigarane er miljøfiendtlege.
Artikkelen held fram under annonsen.
Friviljug basis
Statsbudsjettet for neste år har ein hovudstrategi om at vern skal skje på friviljug basis. Grunneigarane rundt Storsteinsfjell opplever det som at krigen rundt verning av ulike område nå kan bli avslutta.
Sidan det for tida er snakk om friviljug vern, har interessa eksplodert blant grunneigarar i heile Noreg, opplyser Olav A. Veum.
I mellomtida er verneprosessen så vidt starta i Fyresdal. Agder-Telemark Skogeierforening er i gang med å registrere tømmervolumet. Snart ligg det an til forhandlingar. Blir det semje, kan verninga bli vedteke i statsråd neste haust. Men er tilbodet frå staten for dårleg, kjem grunneigarane til å seie nei og dermed blir saka parkert.
Verneområdet
I 1989 var det ein barskogvernrunde der Fylkesmannen peika ut eit område ved Storsteinfjell i Fyresdal som aktuelt å verne. Arealet det då var snakk om er på nær 10.000 dekar og har i dag rundt 30.000 kubikkmeter tømmer. Området ligg mellom Hegglandsgrend og Rolleivstadvatn. Norsk institutt for naturforsking (NINA) har dokumentert verneverdiar i området, som har fått ei tri-stjerners klassifisering.
Etter eit visst rabalder blei det ikkje noko av verneforslaget som grunneigarane følte dei fekk tredd nedover seg.
I ettertid har Storsteinsfjell framleis vore under oppsikt og var i 2002 med i ein rapport frå Naturvernforbundet om «Våre siste villmarker i skog». Rapporten hadde med 22 område i Noreg som skulle vere dei siste verneverdige i landet.
I 2002 tok skogeigarforbundet opp tråden om det var mogleg å sjå på friviljug vern. Fem kommunar i landet, deriblant Fyresdal og Drangedal, har etterpå blitt med i eit prøveprosjekt om friviljug vern, regissert av skogeigarforbundet.
Set fleire vilkår
Dei åtte grunneigarane rundt Storsteinsfjell set som vilkår at jaktretten skal vere som i dag. Grunneigarane meiner vidare at verneforskrifta skal tillate sanking av bær og matsopp, tradisjonell beiting, jakt på alle jaktbare artar, bruk av mobile jakttårn, uttak av felt storvilt med elgtrekk eller liknande, ferdsel med hest og kløving, lov til å tenne bål og lov til å køyre snøskuter i tråd med gjeldande reglar for motorferdsel i utmark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilbodet er ikkje gyldig om det ikkje føreligg avtale innan eitt år, eller annan frist det blir semje om.