Meistring skaper livsvarige band
Eit lite menneske som meistrar noko får tillit til sjølve seg, medmenneska og bygda.
Det sa lærar ved Øyfjell oppvekstsenter, Ingrid Britt Hestdalen, til stortingsrepresentant Sigbjørn Molvik (SV) og fyrstekandidat for Vinje SV, Arne Vinje, då politikarduoen vitja Øyfjell oppvekstsenter torsdag. Ved senteret fekk Molvik og Vinje orientering om satsinga på lokalt entreprenørskap ved skulen og barnehagen i Øyfjell. Tradisjonelt har skuleverket her til lands verdsett elevar som er ordkloke og talekloke dei som er gode til å rekne, lese og skrive. Elevar som har andre eigenskapar, mellom anna dei bildekloke og kroppskloke, har ikkje alltid fengje vist kven dei er og kva dei er gode for. Dette tek me tak i ved skulen og barnehagen vår, sa Ingrid Britt Hestdalen.
Øyfjell langt framme
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunestyret i Vinje har vedteke at skulane i kommunen skal vere med på lokalt entreprenørskap. Det inneber at undervisinga aktivt og systematisk skal byggje opp om tilknytinga til lokalsamfunnet slik at elevane omsider ynskjer å skape seg ei framtid i bygda. Entreprenørskapstanken inneber såleis at skulen skal setje elevane i best mogleg stand til å realisere dette ynsket ved å utvikle sjølvstende, sjølvtillit, kreativitet og kompetanse. Ungar blir tryggje på eigen person når dei får til noko. Når elevane meistrar oppgåvene kjem den gode kjensla av å lukkast. Elevane får tru på seg sjølve, medmenneska sine og bygda dei bur i, sa Ingrid Britt Hestdalen. Her til lands har Øyfjell oppvekstsenter kome langt innan entreprenørskap både ved skulen og i barnehagen. Lærarane legg spesielt vekt på å sjå den einskilde unge ved å leggje til rette for ulike læringsmetodar. Det er ikkje alle som greier å lære gangetabellen på tradisjonelt vis. Hos musikalske elevar kan me lure inn gangetabellen musikkvegen ved å telje takter. Andre elevar lærer å gange ved å hoppe taug. Det er om å gjere å hente fram og bruke elevanes kvalitetar, forklarte Hestdalen. Metodane er ulike, men målet er likt. Alle elevane skal lære gangetabellen, men måten å lære han på varierer frå elev til elev. Er det slik de tenkjer, spurde stortingsrepresentant Molvik. Ja, du har skjøna det, svara rektor ved oppvekstsenteret, Sindre Hestdalen.
Kom på banen i livet ditt
Rektoren meiner at ved å pirre fram ulike klokskapar hos elevane vil fleire ungar meistre stadig fleire oppgåver. Me ser at ein slik praksis fører til meistring, positive tankar og tru på eigne krefter. Me erfarer at ungane i større grad er ein ressurs for dei andre elevane ved å få medansvar og innverknad. Me jobbar med å få dei små menneska til å kome på banen i liva sine og ikkje vere konsumentar. Dersom ein ikkje er på banen i livet sitt må me spørje kor på tribunen ein sit. Sit ein på fremste rad eller sit ein langt bak. Me treng mange menneske, både store og små, som er ute på banen i liva sine. Det kan handle om alt mellom himmel og jord å vere elevrådsleiar, stille læraren eit spørsmål, stå på scena på ein joletrefest eller vere kaptein på fotballaget, forklarte Ingrid Britt Hestdalen. Både Sigbjørn Molvik og Arne Vinje var interesserte i å høyre rektor Sindre Hestdalen, lærar Ingrid Britt Hestdalen, pedagogiske ansvarleg i barnehagen og nestleiar ved oppvekstsenteret, Unni Christensen, entreprenørskapskoordinator i Vinje, Dag Larsen, og foreldrerepresentantane Hege Rorgemoen og Anita Øygarden sine erfaringar kring entreprenørskap. Eg tek med meg denne lærdomen tilbake til stortinget. De er inne på noko heilt vesentleg her i Øyfjell. Dette er eit eksempel til etterfylging, skrytte han.
Viktig distriktspolitisk satsing
SVs Arne Vinje meiner entreprenørskap er ei viktig distriktspolitisk satsing. Øyfjell er eit bygdesamfunn som, til liks med resten av Vest-Telemark, har ei uviss framtid. Landbruket er på sterk retur, utvalet av arbeidsplassar er avgrensa og bygda ligg så langt frå alle sentra at næringslivet ikkje på noko vis står i kø for å etablere seg her. Meir enn i strok med større innflytting vil ungane i Øyfjell vera avgjerande for framtida til bygda. Vil dei, når tida kjem, bli tvinga ut for å få seg arbeid, eller vil dei sjå det som ei lette å koma seg bort frå det vesle lokalsamfunnet, slik mange unge gjer, kommenterte Vinje. Fyrstekandidaten for Vinje SV presiserte at Øyfjell er ei bygd med ressursar. Framfor alt har bygda aktive og engasjerte innbyggjarar og ein barnehage og skule som i mange år har slutta opp om staden dei høyrer til. Nå tek skulen nye steg for å setje bygda og seg sjølv i best mogleg stand til å møte framtida med ein strategi som tek utgangspunkt i at folk er den viktigaste ressursen bygdene har. Det er ungane og ungdomane våre som avgjer framtida til lokalsamfunnet, sa Vinje.