Nå vil me hjelpe meir
Joleturen med hjelpesending til Litauen gav sterke opplevingar for vesttelane Nina Krossli og Jorunn Finkenhagen. Gleda ved å hjelpe andre inspirerer veninnene til å jobbe vidare med prosjektet.
I november stod traileren til Litauenhjelpen klar i Brevik, tettpakka til randen. Det var klart for den årvisse joleturen, og i fylgjebilen bak var to spente damer frå Vest-Telemark klare for ei minnerik reise.
Utstyr, mat, klede, leiker og anna var pakka klart. Det var ikkje eit lite holrom ledig i lastebilen, fortel Jorunn Finkenhagen frå Kviteseid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho blei kjent med Stiftelsen Litauenhjelpen for eit par år sidan, og fekk lyst til å bidra. Stiftinga blir drive av Tove Lillian og Hans German Flatland frå Brevik.
I fjor sommar fekk Jorunn hjelp av venninna Nina Krossli frå Vrådal til å pakke inn jolegåver som skulle vere med på turen til Litauen, og dei bestemte seg for å bli med på reisa.
Joleturen er ein av mange turar Liauenhjelpen har i løpet av eit år.
Det plar bare vere ein joletur, men før jol i fjor var det så mykje tøy, utstyr, mat og anna som kom inn, i tillegg til at det var pengar nok til å dekke reisa for lastebilen ein gong til. Difor tok dei to joleturar i 2012, smiler Jorunn.
Pengar og strikketøy
Nina og Jorunn fekk i fjor hjelp av vener, kjente og familie til å strikke sokkar, luer og sjal som dei kunne gje til trengande. Dei opna ein konto i banken i Kviteseid der folk som ynskte det kunne bidra.
Me laga babypakker som me tok med oss. Lokalt næringsliv frå regionen gav gjenstandar, og privatfolk gav pengegåver. Då me kom til Litauen bruka me dei innsamla pengane til mellom anna å kjøpe matvarer og teiknesaker til familiar og barneheimar me var innom. Me kjøpte mellom anna kasser med mat som 18 personar fekk glede av, fortel Jorunn.
Joleturen kostar 15 000 kroner i reine kostnadar knytt mellom anna til lastebil og drivstoff. All administrasjon blir gjort på dugnad. Sjåførane køyrer også gratis, og alle utgifter knytt til reisa vår blei dekt av eiga lomme, seier Jorunn.
Kjente bussar
Etter mil på mil med timar i bil kryssa reisefylgjet grensa til Litauen og Nina og Jorunn møter køyretøy dei ikkje hadde venta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den fyrste bussen me møtte var frå Tessungdalen, og like etter kom ein Vest-Telemark-buss. Gamle og slitne køyretøy for oss i Noreg, men gode nok i Litauen, seier Jorunn.
Slitne bygg måla i ulike fargar, knuste ruter som var plastra eller tetta med papp og plank for å halde kulda ute var det ein såg langs vegane.
Varmande gåve
Nina og Jorunn hadde bilen full av strikkegåver frå vener, kjente og familie i Vest-Telemark. Då dei besøkte ein gamleheim fekk alle kvinnene heimestrikka sjal og karane fekk ullsokkar.
På heimen budde det 31 damer og 9 menn. Det var heilt grei standard der men lite pengar til dagleg drift. Her leverte me kladdar, bleier, dostolar, dusjstolar og ein sengeheis i tillegg til strikkegåvene. Det sette dei pris på, smiler Jorunn.
Me var innom fleire barneheimar, og fekk også besøke ulike familiar. Hos ein av dei var det ei bestemor som tok hand om sju barn og barnebarn. Eit sterkt møte, bestemora var sjuk og me tømte lommebøkene våre for at ho skulle få kjøpe medisinar, fortel Jorunn.
Suppekjøkken
Mange litauarar får hjelp om dei går til eit suppekjøkken, og det norske reisefylgjet var innom fleire slike institusjonar. Eit av dei mettar 500600 personar kvar dag.
Me besøkte også ei type suppekjøkken der barn og unge kjem etter skulen for å få eit varmt måltid. Når dei har ete, fungerar også denne staden som ein slags SFO, der barna får hjelp med lekser og kan vere saman med vaksne før kvelden kjem og dei må heim, seier Jorunn, og kunne fortelje om mange familiar der barna kom heim til foreldre med rusproblem.
Eit fantastisk menneske
Turen gjekk vidare til Venta, ein tettstad som blei utvikla etter at russarane bygde opp ein fabrikk og plukka ut folk som skulle jobbe ved fabrikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter at Litauenhjelpen starta med å kome innom denne tettstaden med hjelpesendingar, fekk ei kvinne ein idé om å starte ein klubb. Her samla ho alt frå klede til utstyr folk hadde bruk for, og innbyggjarane måtte bli medlem av klubben og betale ein Litas, om lag to kroner, i avgift for å få til dømes plukke ut klede eller anna utstyr ein hadde bruk for, fortel Jorunn.
Pengane som kjem inn til klubben nyttar kvinna til å kjøpe ulike materiale som ein kan lage nye produkt av for sal.
Her såg me det var planta ulike frukttre og bærbuskar som det blei produsert syltetøy frå og nokre strikka klede. Her møtte me også ei 20 år gamal blind jente som laga svært imponerande og vakre papirsvaner som ho bretta og selde, seier Jorunn.
Ho meiner at denne klubben viste fram hjelp til sjølvhjelp på aller beste vis. Opplevinga på denne staden, arbeidet dei utførte på klubben og menneska gjorde mykje med henne.
Tett på
Turen, som vara i tett på ti døgn, blei ingen luksusferie med dyre restaurantbesøk og hotellopphald, men ei reise der dei to kviteseiddamene kom tett på det lokale folket, fekk bu slik dei lokale budde og møte menneska og historiene deira.
Nokre dagar stod me opp kvart over seks, og då klokka var åtte var me i gang med å besøke barneheimar og sjukeheimar med alt frå saft og peparkaker til sengeklede og hjelpemiddel, seier ho.
Ein spesiell attraksjon blei det også tid til å ta turen innom. Korshøgda har ei spesiell historie. Der blei det i 1990 talt over 55 000 kors samla på ei høgde og i området rundt, som eit symbol på den litauiske katolisismen.
Litauenhjelpen har også sett opp eit kors her, der det står skrive «Takk deg Gud for vennskap og fred». Men korsfjellet veks seg større dagleg, så det var ikkje så lett å finne korset att, seier Jorunn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil ned att
Jorunn fortel at det norske reisefylgjet var flinke til å snakke om opplevingar og inntrykk etter dei ulike møta dei hadde kvar dag.
Nokre møte er sterkare enn andre, og det blei mange tårer, men òg mykje glede. Når ein såg kor mykje glede ei heimelaga strikkelue eller ei innpakka jolegåve kan gje eit menneske, er det verdt å jobbe vidare med hjelpesendingane i seg sjølv. Det går ikkje an å stoppe med dette nå, er venninnene samde om.
Eg har reist mykje både i Austen og Europa, men inga reise har gjeve meg så mykje som denne, seier kviteseidingen.
Både Nina og Jorunn er fast bestemte på at dei vil jobbe vidare med Litauenhjelpen, og har alt bestemt seg for at dei vil vere med på fleire turar med hjelpesendingar.
Me har tankar om å få til ein kunstauksjon, og er i gang med å kontakte kunstnarar nå. Me vil gjerne at folk strikkar tøy me kan få med, og er opne for å ta i mot jolegåver, men desse må ikkje vere pakka inn, seier Jorunn.
Litauenhjelpen tar i mot bruka klede, sko, sengetøy, leiker og utstyr i mottaket i Brevik, men Jorunn minner om noko viktig.
Det er supert om folk vil vere med og hjelpe, men det folk ynskjer å gje vekk må vere reint og nyvaska, heilt og fint, påpeikar ho.